Nyheter

36 prosjekt frå kyst og landbruk får tilskot

Riksantikvaren fekk heile 112 søknader om verdiskapingsmidlar til prosjekt innanfor mellom anna kyst og landbruk. No er det klart kva 36 prosjekt som får tilskot i 2025.

Publisert: 5. juni 2025 | Endret: 10. juni 2025

Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Dei historiske spora langs kysten og i landbruket er noko av det som gjer oss til Noreg. Eg er glad for at det er så mange som vil vere med på å gjere ein innsats for kulturarven vår. Prosjekta som no får støtte, skal bidra til glede og nytte for lokalsamfunn over heile landet. Dette er også i tråd med dei nye bevaringsstrategiane, som vi lanserte tidlegare i år, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Midlane til verdiskaping i 2025 er på 12 millionar. Riksantikvaren fekk inn søknader på over 50 millionar til saman. Hovudvekta av søknadene er knytt til dei nye bevaringsstrategiane for kulturmiljøa i kysten og landbruket.

– I Noreg har vi levd ved og av havet til alle tider, og sjøen var riksvegen vår nummer éin. Samtidig har kulturarven som viser bruken av jorda, skogen og reinen, vore avgjerande for menneske til alle tider, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Bevaringsstrategiane er eit hovudgrep for å starte samarbeid mellom sektorar, offentleg forvaltning, frivillige og private aktørar om prioriterte kulturmiljø. Strategiane skal gi innsats i heile land og retning for framtidas forvaltning av kulturmiljø.

Desse har fått tilskot

Prosjektene langs kysten spenner frå små og opne båtar langs heile kysten til samarbeid mellom aktørar på dei gamle handelsstadene. Dei største tilskota går til prosjekt i Agder og arbeidde med uthamnene, og i Sunnhordaland der dei jobbar med ny bruk av naust og sjøhus.

Dei største tilskota til prosjekt i landbruket går til aktivisering av eit markesamisk kulturmiljø i Troms, ny kunnskap og formidling om vikingvegen i Vestfold og auka kunnskap om ny bruk av gamle låvar i Innlandet.

Verdiskapingsarbeidet til Riksantikvaren skal framheve kulturmiljø som ressurs for lokal og regional utvikling. Samarbeid over fag og sektorgrenser skal sikre berekraftig forvaltning av kulturmiljøa over tid.

Verdiskaping

Les meir om tilskota til verdiskaping i statsbudsjettet for 2025.

Prosjekt Tilskot Søker
Kystkultur, uthavner og europeisk kulturell rute 700 000 Agder fylkeskommune
Kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland 250 000 KIK Sunnhorland v/Sveio kommune
Tradisjonsbåter ved musea 450 000 Hardanger og Voss museum
Vibrandsøy 500 000 Haugesund kommune
Vitalisering av Kaperdalen 300 000 Stiftelsen Midt-Troms Museum
Ein bit av historia 500 000 Møre og Romsdal fylkeskommune
Fotefar mot nord 500 000 Nordland fylkeskommune
Veileder for bærekraftig bevaring og bruk  av sjøhus 400 000 Rogaland fylkeskommune
Låvar med liv – fornya bruk av gamle driftsbygningar 165 000 Lille Epoke Arkitekter AS
Analyse av trehuskvartalet Kirka og havnepromenaden 330 000 Eigersund kommune
Østnorske tradisjonsbåter 300 000 MiA – Museene i Akershus
Handelssteder og gjestgiverier langs kysten 300 000 Forbundet KYSTEN
Ro Pilegrim 300 000 Nordmøremusea
Stad i 4000 år 300 000 Stad kommune
Fra vern til verdi 200 000 Øvre Eiker kommune
Istrehågan – Jåbergskogen 300 000 Vestfold fylkeskommune
Kulturarv under press: ytterkysten av Øygarden på Sunnmøre 250 000 Universitetet i Bergen (UiB)
Hemsedal: verdiskaping gjennom besøksforvaltning 250 000 Hemsedal kommune
Leidangens kulturmiljø 250 000 Universitetet i Stavanger og Arkeologisk museum
Landsbyovernatting 2025 200 000 Fyresdal kommune
Lys i Gamle Hus – Søknad om oppstart/forprosjekt fase 2 250 000 Fortidsminneforeningen
Herdalssætra og verdsarven – moglegheiter og verdiskaping 225 000 Stiftinga Geirangerfjorden Verdensarv
Levende kystkultur på Kvitsøy 200 000 Kvitsøy kommune
Fra handel, post og ekspedisjon til kulturminnesenter 200 000 Universitetetsmuseet i Bergen
TÆL – der verdier skapes og kurset «Varsko her» 225 000 Trøndelag fylkeskommune
Gjenbruk av sjå i Vardø 100 000 Sentrum brygge AS
Gamlebyen i Drammen – kulturmiljø som ressurs 500 000 Byen vår Drammen
Kulturvernforbundet – regionalt nettverk 300 000 Norges kulturvernforbund
Innovativ tresatsing i Innlands-tradisjon (INNotrad) 500 000 Innlandet fylkeskommune
Til Vipetangen! Flytting av bygg til bydel på Brekstad 400 000 Trøndelag fylkeskommune
Knutepunkt for kunnskap 2025 – 2027 300 000 Vestland fylkeskommune
Kartlegging og bevaring i Pitesamisk område 300 000 Pitesamisk museum
Lys i Gamle Hus – søknad om avslutning av første fase 500 000 Fortidsminneforeningen
Nasjonalt postveiprosjekt 300 000 Møre og Romsdal fylkeskommune
Sametinget – rådgivningstjenester 500 000 Sametinget
Fotefar mot nord – tiltak i Troms 400 000 Troms fylkeskommune
Kornåker ved Rygge viser landbrukets kulturmiljøer.
Løken i Rygge: Løken ligger i et av Norges over 50 utvalgte kulturlandskap i jordbruket.
Foto: Jan Holonen.
Nordøya: Hysvær, Vegaøyan.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Brannen i Arendal

Søndag 29. juni brøt det ut kraftig brann i et av Arendals tette trehusområder i Strømsbuveien. Samtidig blåser det sterk vind i hele Sør-Norge.

40 nye kraftminner

Riksantikvaren og NVE har listeført 40 nye kraftanlegg som kulturminner. Til sammen står nå 270 anlegg på lista.