Vibrandsøy ligg rett utanfor Haugesund. De siste åra har både lokale og regionale kreftar satsa med arbeidsinnsats og midlar på kulturmiljøet ute på Vibrandsøy. No vil prosjektet ta eit steg vidare, og sjå arbeidet i samanheng med den nye bevaringsstrategien for kystkultur. Målet deira er å leggje til rette for at øyas unike historie, natur og kulturmiljø vert tilgjengeleg og tatt vare på gjennom bruk.
– Vibrandsøy fortel ei viktig historie om sildeeventyret på Rogalandskysten som det er vel verd at fleire får auga opp for, seier Linda Veiby, avdelingsdirektør hos Riksantikvaren.
– Samlinga av bygningar og installasjonar gjer innsikt i en viktig epoke i norsk kystnæring.
På øya finner ein blant anna sjøhus, sildesalterier, sildeiserier, intakte produksjonsmiljø og eit samfunn frå sildefiskeriane.
Prosjektet tar sikte på å restaurere og revitalisere desse historiske bygningane, slik at dei kan formidle historia om Norges sildeeksport, fiskeindustri og kystkultur til dei som bor i området og dei som vitjar Haugesund. Sjå meir om istandsetjinga av sjøhuset Davehuset på Vibrandsøy i Riksantikvarens eksempelsamling.
Prosjektet på Vibrandsøy er også eit tema på ein konferanse om verdiskaping og dei nye bevaringsstrategiane, som Riksantikvaren og Rogaland fylkeskommune held i Haugesund i november. Sjå meir om konferansen og meld deg på her.
Dette er Riksantikvarens satsing på verdiskaping:
Verdiskaping i kulturmiljø er ei tilskotsordning over statsbudsjettet. Målet er at prosjekta skal bidra til verdiskaping i kulturmiljøa. Verdiskapingsmidlane er eit viktig verktøy i arbeidet med dei nye bevaringsstrategiane.
Riksantikvaren skal leggje til rette for gode prosjekt for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunane og nasjonale partar står sentralt i satsinga, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.
Pressekontakt:
Ring oss: 404 65 153
Send e-post: kom@ra.no