
Om prosjektet
I staden for å rive og bygge nytt, kan dei gode løysingane for ombruk finnast når ein leiter etter dei. I Tromsø kunne dei behalde det arkitektoniske ikonet, samstundes som biblioteket fekk betre lokale, og bygningen faktisk fekk ein meir eigna funksjon.
ADRESSE
Grønnegata 94, Tromsø
VERNESTATUS
Kommunalt listeført
PROSJEKTET
N1 Arkitekter, HRTB Arkitekter, Skanska, Tromsø kommune
KONTAKT
Tromsø kommune
Den imponerande takkonstruksjonen i plasstøypt betong var viktig å ta vare på, både arkitektonisk, antikvarisk og ressursmessig. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Ved å opne opp bygningen med ein glasvegg i staden for den tidlegare betongveggen, kan brukarane av biblioteket nyte det vakre utsynet mot Tromsdalen, samstundes som ein får inn mykje ljos. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Bygningen som i dag huser Tromsø bibliotek og byarkiv, vart oppført som Fokus kino og opna i 1973. Arkitekt Gunnar Bøgeberg Haugen teikna bygningen med eit ikonisk tak i candelaskal-konstruksjon. Taket er bygd opp av fire store bogar som dannar ei hyperbolsk paraboloide.
Tromsø kommune hadde lenge hatt eit behov for å samle administrative funksjonar og få meir areal, og ønskte samstundes å etablere eit nytt fleirkinoanlegg. Biblioteket hadde i mange år flytt rundt i ulike lokale i byen, med stadig plassmangel. Etter ei utgreiing i 1998 vart det klart at ein kunne kombinere desse behova med eit nytt bibliotek i den gamle kinobygningen.
I arkitektkonkurransen for det nye biblioteket kom det inn over 60 forslag. Dei fleste av desse innebar riving av kinobygningen og oppføring av eit nybygg. Heldigvis var det mogleg å bygge vidare på eit par forslag der ein fann ei løysing for ombruk av den arkitektonisk viktige kinoen.
Utfordringer og løsning
Ombruksprosjektet innebar ei stor endring av funksjon, sjølv om ein berre går frå eit kulturtilbod til eit anna. Kinoen er introvert, og konsentrert rundt ein eller fleire mørke og lukka salar. Eit bibliotek bør vere ope og ljost.
Løysinga vart å la det sjølvberande taket i plasstøypt betong stå, medan resten av konstruksjonen vart riven. Her representerer taket den store ressursen, både når det kjem til verneverdi, arkitektonisk kvalitet og materielle ressursar. Det vart bygd nye glasveggar med isolérglas, og taket vart isolert innvendig med steinull og akustisk overflatepuss. Utvendig fekk taket ny bandtekking. Vidare vart biblioteket bygd opp innvendig, med mellom anna parkett produsert av bjørk frå Troms.
Biblioteket er knytt i hop med den nye kinoen og rådhuset via areal under ei utvendig trapp. Bygningen er likevel bevart som eit sjølvstendig byggverk.
På mange måtar fungerer bygningen betre som bibliotek enn kino. Da dei tette veggane vart bytta ut med glasveggar, tillèt konstruksjonen at mykje ljos fekk koma inn, og bygningen opnar seg mot omverda. Vinterstid er biblioteket ei lysande lanterne i byen og eit enda tydelegare signalbygg i byen enn den var tidlegare.
Det nye, opne trapperommet sentralt i bygningen knyt areala i hop. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Læringspunkter
- Ombruk er ofte mogleg, om ein berre er innstilt på det.
- Ved å identifisere kulturminneverdiar og arkitektoniske kvalitetar, var det lettare å sjå kva grep som var gunstige, og ein kunne foredle desse kvalitetane.
- Å ta vare på berande betongkonstruksjonar kan gi store innsparingar både økonomisk og når det kjem til klimarekneskap.