
Om prosjektet
Med ei berekraftig tilnærming, ville den nye eigaren sette den rivningstruga bygningen i stand slik at ressursane og historia kunne leve vidare, og samstundes fungere som ein moderne bustad. Istandsettinga har vorte gjennomført med respekt for huset slik det ein gong har vore, der opphavlege material og tradisjonelle løysingar speler på lag med den gamle bygningen. Målet har vore å la huset få fortsette å vere det det er god på – å vere ein velfungerande bustad.
ADRESSE
Vestregata 71, Tromsø
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
PROSJEKTET
Eigarane, Magne Kleiveland, Vindenæs Byggningsvern
KONTAKT
Joran Gammelsæter Jacobsen og Siri Hallingby Børs-Lind
Vestregata 71 i 1938. Foto: Vilhelm Riksheim, Perspektivet museum
Vestregata 71 i 2025: Fasaden er attendeført med både taktekking, takrenner, panel og vindauge slik det var før. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Vestregata 71 ligg i det bevaringsverdige trehusmiljøet i Nordbybakkan, ein del av den såkalla empirebyen Tromsø, som var ferdig utbygd kring 1870. Nordbyen har historisk vore eit bustadområde for handverkarar, småhandlande, arbeidarar og ishavsmannskap, og har hatt ei viktig rolle i utviklinga av Tromsø som by.
Bygningen er eit lite bustadhus i tre, oppført kring 1880, truleg på ein eldre grunnmur. Huset har ei laftekasse saman med to delar av bindingsverk, og står på ein kombinert stein- og betongkjellar. Takopplettet mot vegen vart bygd kring 1895, og kring 1900 kom det til både tilbygg og takopplett mot hagen, samt eit uthus. Det siste takopplettet vart byggemeldt i 1900 av den kjende Tromsø-byggmeisteren Erlandsen, som også står bak den freda Løkkekiosken – i dag mest kjend som Rakettkiosken. Desse på- og tilbygga forklarer bygningen sin interessante og samansette takform.
Ein av dei tidlegare bebuarane var garvarmeister Storstad, som dreiv garveri på eigedomen frå 1890-talet til 1917. Verksemda var i stor grad basert på råvarer frå ishavsfangst.
Dei restaurerte vindauga med ruglete glas slepp inn mykje lys og gir baderommet eit historisk preg. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Kjøkkenet har ny og praktisk innreiing, men i rommet har eigaren og tatt vare på dei historiske overflatene. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringer og løsning
Opp gjennom åra gjekk bygningen gjennom ein del endringar, som utskifting av vindauge og ytterdør, taktekking og utvendig panel. Dei seinare åra sakna bygningen dessutan vedlikehald, og var i svært dårleg stand. Med ei berekraftig tilnærming ville den nye eigaren sette bygningen i stand slik at ressursane og historia kunne leve vidare, og samstundes fungere som ein moderne bustad.
Taket vart lagt om, med enkeltkrum tegl slik huset hadde før. Takrenner og nedløp var frå tidleg 1900-tal, men trengte å fornyast. Det var eit naturleg val å montere dei nye på same måte som dei som hadde vore der tidlegare, også desse i sink.
Det liggande panelet som hadde kome til seinare hadde ein del roteskader. Dessutan ønskte eigaren å etterisolere utvendig. Dermed kunne huset få attende ståande panel, som vart måla med linoljemåling. Av vindauga vart det funne nokre eldre som vart restaurert. Resten av vindauga er rekonstruerte, med same format som dei som var der tidlegare.
Kjellaren vart rehabilitert ved at den nyare delen vart dels støypt opp på nytt, samstundes som han vart grove ut slik at etasjehøgda og brukbarheita vart betre.
Innvendig er det gjort lite endringar, men rom som kjøkken og bad har nytt inventar for å fungere som ein moderne bustad. Elles er mange eldre overflater teke fram att, og nokre har fått nye målingsstrøk eller tapet. Det er òg gjort fleire tiltak for energieffektivisering.
I stova er det gamle lune treoverflater i kombinasjon med ny og frisk tapet. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Læringspunkter
- Gamle foto og arkivmateriale som branntakstar er nyttig når ein ønskjer å føre ein bygning attende til eldre utsjånad.
- Med fokus på økonomi og berekraft i istandsettingsarbeid kan ein samstundes unngå å gjere for store endringar på verneverdige hus.
- Eigarane lærte seg mykje sjølv, fordi det var krevjande å finne handverkarar med nok relevant kompetanse.