
Om prosjektet
Dette prosjektet viser korleis eit verna rådhus frå 1960-talet kan få nytt liv som moderne kontorbygg. Gjennom pragmatisk istandsetting, målretta ombruk, respekt for bygningens arkitektur og fokus på estetikk og sansestimuli, har ein klart å skape ein kontorbygning som både tek vare på kulturminneverdiane og møter behova til dagens brukarar.
ADRESSE
Jærveien 33, Sandnes
VERNESTATUS
Verna etter PBL (eksteriør og delar av interiør)
PROSJEKTET
Alexandria Algard Architects, Consto
KONTAKT
Alexandria Algard Architects
I hovudtrapperommet er trapp med rekkverk, lamper og mønstergolv i underetasjen teke vare på. Foto: Mikael Olsson, Alexandria Algard Architects
Trappa er eit viktig arkitektonisk element i bygningen, og er verna etter plan- og bygningsloven. Foto: Trond Isaksen
Historikk
Gamle Sandnes rådhus, opphavleg bygd som Høyland rådhus, stod ferdig i 1961 og er teikna av arkitektane Gustav Helland og Endre Aarreberg. Da Sandnes vart slått saman med nabokommunane i 1964, fekk bygningen namnet Sandnes rådhus. Bygningen er i hovudsak godt bevart og typisk for 1960-talets offentlege arkitektur.
Bygningen er utforma som ei smal høgblokk i seks etasjar pluss underetasje, med ei lågare fløy i to etasjar. Inngangspartiet i hjørnet er utsmykka med Høylandsfrisa i bronse og messing, laga av bilethoggaren Tone Thiis Schjetne. Interiøret har fleire bevarte detaljar, som vindeltrapp, glasbyggjarstein i trappegangen og bystyresal med sandblåste steinveggar og originale teakmøblar.
Bygningen var i bruk som administrasjonsbygg for Sandnes kommune fram til 2019, da kommunen flytta inn i nye lokale. I samband med dette vart rådhuset seld til ein privat eigar. I 2024 vart bygningen rehabilitert og teke i bruk på nytt, med vekt på ombruk av eksisterande konstruksjonar og materialar. I dag er Mestringsenheten i Sandnes kommune leigetakar i bygningen.
Fasadar og parken omkring bygningen er verna. Det same gjeld delar av interiøret; inngangspartia, foajé, bystyresal og begge trapperom (med heisfrontar). Plan- og bygningslova § 12-7 opnar for at kommunen kan vedta føresegner for å sikre verneverdier i bygningar, både fasade, materialbruk og interiør.
Bystyresalen er ført attende til fordoms prakt. Foto: Alexandria Algard Architects.
Bystyresalen slik han såg ut før han vart sett i stand. Foto: Alexandria Algard Architects
Utfordringar og løysing
Da gamle Sandnes rådhus skulle settast i stand og takast i bruk på nytt, var ei hovudutfordring å gjere bygningen attraktiv og funksjonell som moderne kontorbygning, samstundes som ein skulle ta vare på dei arkitektoniske og kulturhistoriske kvalitetane. Bygningen har mange verneverdige element, og det var viktig å finne løysingar som både respekterte desse og møtte moderne tekniske krav.
Eit sentralt grep var å arbeide med ulike gradar av ombruk og ei intern ombrukskartlegging var eit viktig verktøy. Toalett vart sett i stand og tekne i bruk slik dei var, medan himlingsplatene i bystyresalen fekk fjerna overmåling og vart ombrukte. Element som dører og servantar vart flytta og ombrukte andre stader i bygningen. Målet var å ta vare på så mykje som mogleg som allereie fanst i bygningen, uavhengig av kva som hadde vern og ikkje. Den opphavlege fargepaletten vart brukt som inspirasjon for nye overflater, noko som skapte samanheng mellom nytt og gamalt.
Det opphavlege mønstergolvet i kvartsvinyl var for slite til å bevarast i korridor- og kontorareala, men inspirerte til nye linoleumsgolv i liknande fargar. Desse vart spesialbestilte som fliser, noko som kravde meir tilpassing, men gjorde det mogleg å spele vidare på det opphavlege uttrykket. Dette bidrog til at nye areal kommuniserer godt med dei verna delane av bygget.
I dei verna areala vart nyare lag fjerna og overflater sett i stand. Bystyresalen fekk nytt teppe i farge som liknar det originale. Fargar på heisdører vart attendeførte. I det verna hovudtrapperomet var den opphavlege, innfarga mineralittpussen overmåla. Dette var ikkje mogleg å fjerne, og det vart difor lagt ny mineralittpuss med tilsvarande uttrykk. Mønstergolvet der hovudtrappa kjem ned i underetasjen var i god stand og fekk leve vidare.
Utvendig vart dei karakteristiske fasadefinnane på austfasaden reparerte med ny puss. På vestfasaden hadde finnane tidlegare vorte overmåla, og ein valde difor å måle dei på nytt i ein farge som er så lik pussfargen som mogleg.
Teakvindauga frå 1960-talet vart rehabiliterte med nye isolerglas og tettelister – ei løysing som viste seg å vere både rimelegare og meir berekraftig enn å byte dei ut, med tanke på den lange levetida. Vindauge frå 1980-talet måtte derimot skiftast heilt ut. Dei nye vindauga fekk rammer i tilpassa farge.
Alt i alt vart prosjektet mykje rimelegare enn tilsvarande rehabiliteringar fordi ein hadde både vilje og kunnskap til å bruke om att så mykje. Prislappen kom på 20.500 kroner per kvadratmeter da prosjektet var ferdigstilt i 2024.
Gjennom heile prosjektet har det vore fokus på sansar, estetikk og fargebruk, for å støtte opp under verksemda som i dag er leigetakar i bygget.
Læringspunkt
- Tett dialog og godt samarbeid med totalentreprenør førte til felles forståing med arkitekten og vilje til å satse sterkt på ombruk.
- Omfamne estetikken den spesifikke bygningen kan by på, og ha eit ope sinn for at mykje kan få fortsetta å vera slik det er.
- Ombruk kan skje på fleire nivå – frå ein heil bygning og større rom, til bygningsdelar og enkeltelement.
- Rehabilitering av originale bygningsdelar, som teakvindauge, kan vere både rimelegare og meir berekraftig enn utskifting.
- Nye farge- og materialval kan inspirerast av dei opphavlege for å sikre visuell samanheng mellom nytt og gamalt.