
Om prosjektet
Det verna rådhuset kravde gode tilpassingar for å møte tekniske krav til mellom anna universell utforming, etasjehøgder og akustikk. Noko av løysinga vart å legge dei tekniske føringane synleg, og omdisponere den eine heissjakta til fleire andre føremål.
ADRESSE
Jærveien 33, Sandnes
VERNESTATUS
Verna etter PBL (eksteriør og delar av interiør)
PROSJEKTET
Alexandria Algard Architects, Consto
KONTAKT
Alexandria Algard Architects
Historikk
Gamle Sandnes rådhus, opphavleg bygd som Høyland rådhus, stod ferdig i 1961 og er teikna av arkitektane Gustav Helland og Endre Aarreberg. Da Sandnes vart slått saman med nabokommunane i 1964, fekk bygningen namnet Sandnes rådhus. Bygningen står i hovudsak fram som autentisk og typisk for 1960-talets offentlege arkitektur.
Bygningen er utforma som ei smal høgblokk i seks etasjar pluss underetasje, med ei lågare fløy i to etasjar. Inngangspartiet i hjørnet er utsmykka med Høylandsfrisa i bronse og messing, laga av bilethoggaren Tone Thiis Schjetne. Interiøret har fleire bevarte detaljar, som vindeltrapp, glasbyggjarstein i trappegangen og bystyresal med sandblåste steinveggar og originale teakmøblar.
Bygningen var i bruk som administrasjonsbygg for Sandnes kommune fram til 2019, da kommunen flytta inn i nye lokale. I samband med dette vart rådhuset seld til ein privat eigar. I 2024 vart bygningen rehabilitert og teke i bruk på nytt, med vekt på ombruk av eksisterande konstruksjonar og materialar. Prosjektet har teke vare på bygningen sitt arkitektoniske uttrykk og kulturhistoriske verdi, samstundes som det er tilpassa nye funksjonar. I dag er Mestringsenheten i Sandnes kommune leigetakar i bygningen.
Fasadar og parken omkring bygningen er verna. Det same gjeld delar av interiøret; inngangspartia, foajé, bystyresal og begge trapperom (med heisfrontar).
Utfordringar og løysing
Rehabiliteringa av gamle Sandnes rådhus stilte høge krav til oppgradering av teknisk infrastruktur, samstundes som bygningen sine verneverdige kvalitetar skulle takast vare på. Eit viktig prinsipp var å bruke eksisterande strukturar der det let seg gjere, og å minimere inngrep i verna areal. Dei fleste tekniske føringane vart lagt i eksisterande sjakter, noko som reduserte behovet for nye inngrep.
Bygningen på sju etasjar inkludert underetasjen har to heisar, men desse gjekk berre opp til femte etasje. Den eine heisen vart vidareført som hovudheis, medan den andre vart omdisponert for å løyse fleire utfordringar. Mellom femte og sjette etasje vart heissjakta brukt for å plassere ein løfteplattform, slik at ein fekk tilgjenge i alle etasjar. I underetasjen er det gjennomgang til gjestetoalett gjennom sjakta. Resten av heissjakta vart brukt for tekniske føringar.
Etasjehøgdene tillét ikkje nedsenka himling for tekniske installasjonar. Løysinga vart å la tekniske føringar vera synlege, men diskret plasserte i sidesoner mellom gangareal og kontor. Det var ønskje om å eksponere betong i himling i gangareala, både for det visuelle, og for å behalde mest mogleg høgde her. For å sikre god akustikk vart det lagt demping i dei opne sidesonene inntil korridorane, og gardiner vart brukt aktivt i møterom, samtalerom og sosiale soner. Akustiske plater vart limt direkte i betonghimlinga for å sikre god lydkomfort utan å byggje ned takhøgda. Oppvarming skjer via nye radiatorar kopla til fjernvarme.
Gjennom smarte og tilpassa løysingar har ein klart å oppgradere bygningen teknisk utan å gå på kompromiss med korkje verneomsyn eller arkitektonisk uttrykk.
Her ser ein korleis tekniske føringar og akustiske tiltak er lagt i sidesonene, kor ein òg mellom anna finn tekjøkken og sosiale soner. Foto: Mikael Olsson, Alexandria Algard Architects
Slik såg korridorane ut før romma vart opna opp og det vart etablert kontorsoner på kvar side. Foto: Alexandria Algard Architects
Læringspunkt
- Eksisterande tekniske sjakter kan nyttast vidare og redusere behovet for nye inngrep.
- Synlege tekniske føringar sparer etasjehøgde.
- Akustikk kan løysast ved tiltak som plater limt rett i undersiden av dekket, eller medviten bruk av tekstil.