Om prosjektet
Transformasjonen av den tidlegare Bodø Sparebank til kunstmuseum viser korleis ein kan ta vare på kulturhistoriske verdiar samstundes som bygningen får ein ny og framtidsretta funksjon. Prosjektet kombinerer grundig dokumentasjonsarbeid, ombruk av originale bygningsdelar og tilpassa materialbruk i nyare delar. Resultatet er eit heilskapleg anlegg der det er tydeleg kva som er nytt og kva som er opphavleg.
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
ADRESSE
Storgata 40, Bodø
PROSJEKTET
Torsteinsen Design, Norconsult, Interiørprodukter AS, Løv Finsnekkeri AS
KONTAKT
Nordnorsk Kunstmuseum
Fasaden mot Rådhusgata er attendeført ved å fjerne eit nyare inngangsparti og setta inn att vindauge med formata dei hadde originalt, i tillegg til fargesettinga. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
1980-talstilbygget er tilpassa den eldre bygningsmassen ved å pusse fasadane, men måla med ein kontrasterande farge. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Bodø Sparebank frå 1949 er teikna av gjenreisingsarkitektane Reidar Winge Lund og Arne Pedersen. Bygningen representerer funksjonalistisk gjenreisingsarkitektur, og ligg i eit område med nasjonal kulturmiljøverdi. Den tidlegare sparebankbygningen brann ned under bombinga av Bodø i 1940.
I 1969 kom eit einetasjes tilbygg mot sør, i forlenginga av den sørlege fløya til den opphavlege hovudbygningen. Dette tilbygget var teikna av Per Andreas Hofstad, og blir i dag oppfatta som ein del av heile den låge mellomfløya. I 1982 vart banken utvida med eit tilbygg i fire etasjar mot Dronningens gate, som gjorde at komplekset nå dekker heile kortsida av kvartalet.
Bygningen fungerte som bank fram til 2019. Det hadde i lengre tid vore ein prosess for å etablere ei avdeling av Nordnorsk Kunstmuseum i Bodø. Etter fleire vurderingar vart den gamle bankbygningen vald som lokale, og i 2024 byrja arbeidet med å setta i stand og bygge om bygningen til kunstmuseum.
Dei eldste delane av bygningen vart oppført med ein kombinasjon av bindingsverk og betong. Den nyaste delen, frå 1980-talet, er bygd med betong i etasjeskiljarar og reisverk, og har fasadar med prefabrikkerte betongelement.
Utfordringar og løysing
Før bygningen skulle få ny bruk som kunstmuseum, trengte han både istandsetting utvendig og ombygging innvendig. Det var samstundes ønskje om å attendeføre fasaden.
Den eldste delen, som har fasadevern, er attendeført til nærast mogleg den opphavlege utsjånaden. 1980-talsdelen hadde opphavleg betongplater på fasaden. Det vart bestemt å erstatte dette med pussa mur, for at det skulle harmonere meir med den eldre, verna delen av fasaden. Det er likevel eit tydeleg skilje mellom dei to bygningsvoluma, både i form, fargar og høgder.
Det finst god dokumentasjon på den opphavlege fargesetjinga av fasaden på den eldste delen, både gjennom synlege spor i avskala område og eit rikt bildemateriale frå ulike periodar. I arbeidet med transformasjonen har ein valt å føre fasaden attende til det uttrykket bygningen hadde da han var ny i 1949.
Dei opphavlege dørene og glasfelta hadde forsvunne frå inngangspartiet, truleg etter ombygging på 1980-talet. Da arbeidet med å attendeføre bygningen sette i gang, vart det kjend at ei av dei originale dørene hadde vorte bygd inn i eit bustadhus like utanfor byen. og resten av inngangspartiet vart rekonstruert etter gamle foto.
Vindauga i den eldste delen var skifta ut i nyare tid, men var ikkje av god kvalitet korkje teknisk eller estetisk. Desse vart skifta ut med kopiar som var meir tru mot dei originale. Vindaugsrekka mot Rådhusgata var òg attendeført, mellom anna ved å fjerne eit karnapp med inngangsparti frå 1980-talet.
Læringspunkt
- Godt bildemateriale gjorde det mogleg å føre fasaden attende til uttrykket frå 1949.
- Ved å gå ut offentleg kunne ein få attende originale bygningsdelar som var viktige for autentisiteten til bygningen.
- Nyare tilbygg utan vern er harmonert med den eldste delen, men likevel med eit tydeleg skilje.








