Næring

Smarthus med historisk sus

Et moderne konferanserom med et langt trebord, brune stoler, glassvegger og innredning i vintage-stil, sett fra en gang med tepper og varm belysning.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Prosjektet i Kongegården viser korleis ein verneverdig bygning kan få moderne funksjonalitet utan å mista sitt historiske særpreg. Smarthussystem med energieffektiv temperaturregulering, styring av lys og inneklima er kombinert med skånsame tiltak for universell utforming, branntryggleik og lydisolasjon. Løysingane er gjennomførte med respekt for bygningen sin arkitektur, og gir fleksible og attraktive næringslokale med låge driftskostnader. Identiteten og estetikken til ein historisk bygning kan vera ein kvalitet som leigetakarar ikkje finn i nyare bygningar.

VERNESTATUS
Fredet

ADRESSE
Wiels plass 1, Halden

PROSJEKTET
Østby Eigedom, SG arkitekter, Østfold fylkeskommune

KONTAKT
Østby Eiendom

En grå inngangsdør med dekorativ listverk er satt inn i en blekrosa og grå bygning, flankert av to vinduer og en liten trapp som fører opp til inngangspartiet.
En moderne glassheis er installert i midten av et tradisjonelt trapperom med tretrinn og utsmykkede rekkverk.

Hovudinngangen har trinnfri tilkomst, med trapp og rampe i lokal Iddefjordsgranitt. Foto: Trond Isaksen

I dette trapperommet var den opphavlege trappa fjerna tidlegare. Difor vart det rekonstruert ei ny trapp i heiltre og historisk uttrykk, tilpassa ein heis i midten. Foto: Trond Isaksen

Historikk

Kongegården ligg sentralt i Halden, ved det nordlege brufestet, og har ei dominerande plassering i bybildet. Bygningen vart oppført etter ein bybrann i 1817, og stod ferdig i 1820. Garden overlevde den store bybrannen i 1826. Eigar Mads Wiel engasjerte ingeniørmajor Friedrich Christopher Gedde som arkitekt, og bygningen vart teikna i klassisistisk stil med tempelgavl og pilastrar. Murarar frå Uddevalla i Sverige vart henta inn til byggearbeidet.

Taket hadde opphavleg halvrunde loftsvindauge og attikaer på kortsidene. Desse vart fjerna kring 1881 da tegltekkinga vart bytta ut med skifer. Rundt 1900 vart dei halvmåneforma kjellervindauga erstatta med større, firkanta vindauge.

Som byens mest fornemme privatbustad vart bygningen nytta til innkvartering ved kongelege besøk, og har husa kongar som Karl Johan, Oscar I, Karl XV og Oscar II. Dette la grunnlaget for namnet «Kongegården». Etter 1897 var ikkje lenger bygningen bustad for plankeadelen i byen, og har sidan hatt ulike eigarar og vore nytta til næringsverksemd som hotell, serveringsstad, forretningar og pølsemakeri. Bakgardsbygningane vart rivne på 1900-talet i samband med vegutbygging.

Den nåverande eigaren kjøpte eigedomen i 2021. Bygningen hadde da vore nytta til ulike utleigeføremål og hyblar, men fått lite vedlikehald.

Frittståande stilleboksar dekker behovet for lydisolerte rom til telefonsamtaler, digitale møte, skjerma samtaler og fokusarbeid i eit kontorlandskap. Ved å berre kopla i ein kontakt har boksen lys, ventilasjon og straumuttak, utan nokon form for inngrep i det historiske rommet. Foto: Trond Isaksen

Moderne kontor med to lenestoler, et rundt salongbord, en potteplante, en telefonboks i glass og arbeidsstasjoner nær et stort vindu under dekorative taklamper.

Utfordringar og løysing

I tillegg til omfattande istandsetting skulle bygningen tilpassast for å fungera som attraktive og praktiske næringslokale. Å ha kontor i ein historisk bygning gir identitet og særpreg, men lokala må samstundes tilfredsstilla moderne krav til komfort, drift og fleksibilitet. Det var også ønskje om å kunne leiga ut delar av bygningen til selskap og arrangement.

Planløysinga i bygningen har ein flyt med dører mellom alle rom i tillegg til korridorane. Dette er praktisk for ein leigetakar med fleire rom, men mellom ulike leigetakarar på same etasje var det behov for god lydisolasjon. Løysinga vart å setja inn eit ekstra sett med dører i den same karmen, med moglegheit for å legga isolasjon mellom dørene ved behov. Andre stader er eldre dører brukt som skjerming for tekniske installasjonar, slik at moderne funksjonar blir integrerte utan å bryta med det historiske uttrykket.

Smarthussystem er installert for styring av lys og inneklima, noko som gjer betening enkel for leigetakarane. Tiltak for energieffektivisering gir lågare driftskostnader og høg komfort. Tilgjengelegheit er sikra med trinnfrie inngangar på begge sider av bygningen og heis i ei nybygd, tilpassa trapp. Lyskrav er løyst med diskret belysning lagt bak stukkaturlister, kombinert med pendellamper i både historisk og moderne stil.

For å oppfylla brannkrav er slagretninga på dørene mot trapperom snudd, og det er montert klemlister og frest inn ekspanderande lister for røyktetting. Desse tiltaka er gjennomførte med omsyn til bygningen sine verneverdiar.

Prosjektet viser korleis ein kan tilpassa ein verneverdig bygning til moderne næringsverksemd gjennom smarte tekniske løysingar, tiltak for tilgjengelegheit og skånsam integrering av nye krav – utan å gå på kompromiss med kulturhistoriske verdiar.

Mellom kontora er det sett inn eit ekstra sett med dører i den same karmen, med moglegheit for å legga isolasjon mellom dørene ved behov. Foto: Trond Isaksen

En liten dør i midten flankeres av to større, delvis åpne paneler i en beige vegg. En mørk stol står til høyre på et teppebelagt gulv.

Læringspunkt

  • Ein verneverdig bygning kan tilpassast moderne bruk med smarte og gjennomtenkte løysingar. Å oppnå dette krev tilknyting av fleire fagpersonar og vilje til å sjå etter dei kreative løysingane som er foreinlege med både behova ein har, og verneverdiane.
  • Bygningsdelar som dører kan ein i mange tilfelle modifisere utan at verneverdiane vert øydelagt.
  • Ved istandsetting og tilpassing til ny bruk er det viktig å vera tru mot identiteten til bygningen, noko som vil vera ein kvalitet for brukarane.

Fleire grep sikrar gode arbeidslokale:

To korridorer: Den venstre viser lukkede dører og et teppe som leder til et annet rom; den høyre viser en åpen dør som avslører hyller med glass og flasker.
Eldre dører blir brukt som skjerming for tekniske installasjonar.
Nærbilde av en delvis åpen dør med et moderne dørhåndtak i messing og en svart smartlås montert over.
Nykelsystemet er elektronisk og kan styrast digitalt. Sjølve nyklane passar likevel i det som ser ut som tradisjonelle låsesylindrar, og gjer at ein ikkje får eit ekstra framandelement på eller ved døra.
Nærbilde av en delvis åpen, brun tredør, med fokus på kanten og dørkarmen, uten synlig håndtak eller lås.
For å oppfylle brannkrav er slagretninga på dørene mot trapperom snudd, og det er montert klemlister og frest inn ekspanderande lister for røyktetting.
Moderne konferanserom med et stort bord, seks stoler, to veggmonterte skjermer som viser en presentasjon, fjernkontroller, et nettbrett på bordet og en åpen dør i bakgrunnen.
I møteromma er det bygd frittståande moduler med plass til skjermar og anna utstyr. Slik slepp einå henga det direkte på veggen.
Et moderne møterom med trebord, åtte brune stoler, en kjøkkenkrok og glassvegger som skiller det fra et tilstøtende kontorlokale.
Det er etablert eit felles kjøkken som også fungerer som møterom.

Lignende eksempler