Om prosjektet
Kunstsilo i Kristiansand er eit godt eksempel på korleis ombruk av ein verna industribygning kan bidra til utvikling av offentlege rom og styrke den kulturelle infrastrukturen i byen. Tiltaket har aktivert eit tidlegare industrianlegg ved sjøfronten, og skapt eit ope og tilgjengeleg kulturbygg som samspelar med både nærmiljøet og byen som heilskap. Prosjektet har styrkt Kristiansand som kulturby, og har medverka til at fleire kulturinstitusjonar i området har fått auka besøk og merksemd.
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
ADRESSE
Sjølystveien 8, Kristiansand
PROSJEKTET
Mestres Wåge Arkitekter, Bax Studio, Mendoza Partida, Scenario Interiørarkitekter, Henning Larsen Architects, Degree of Freedom, Rambøll, Backe
KONTAKT
Stiftelsen Kunstsilo
Historikk
Den tidlegare kornsiloen i Kristiansand vart oppført i 1935 og utvida i 1939 etter oppdrag frå Christiansands Møller. Bygningen vart teikna av arkitektane Arne Korsmo og Sverre Aasland, og bestod av sjølve siloen, eit maskinhus og eit sekkelager. Han vart bygd i betong, og var den andre bygningen i Norge der det vart nytta glideforskaling – ein banebrytande metode på den tida. Kornsiloen blir rekna som den fyrste funksjonalistiske bygningen i Kristiansand. I 1939 resulterte siloen i at Korsmo og Aasland fekk den prestisjetunge A.C. Houens Fonds diplom for god arkitektur. Arneberg teikna òg Toten kornsilo, bygd i 1937 med same teknikk. Denne kornsiloen er framleis i bruk, og er kommunalt listeført.
Utfordringer og løsning
Etter at mølleverksemda vart nedlagt i 2006, stod den verna kornsiloen på Silokaia utan bruk og med aukande forfall. Bygningen hadde høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi, men var utfordrande å ta i bruk på nytt, både teknisk og funksjonelt.
Initiativet til ombruk kom frå Nicolai Tangen, som ønskte å samle si kunstsamling saman med Christiansands Billedgalleri og Sørlandssamlingen i den gamle siloen. Målet var å skape eit ope og tilgjengeleg hus for kunst og kultur, og samstundes bidra til utviklinga av eit nytt kulturkvartal i byen. Ein håpa òg på at prosjektet kunne gi eit sosialt og økonomisk løft for byen og regionen ved å gjera byen meir attraktiv både å besøke, og ikkje minst å bu og investere i.
Kunstsilo ligg på ei tidlegare industritomt ved sjøfronten, som på mange måtar var eit endepunkt utanfor sentrum. Området har vore gjennom ei gradvis transformering frå industri til offentlege og kulturelle funksjonar. I nærleiken ligg Kilden teater og konserthus, Knuden kulturskule og fleire kunstgalleri, noko som gjer at ein finn eit kompletterande kulturtilbod innanfor det same området. Prosjektet har opna opp området ved å styrke koplinga mellom byen og sjøen. I forlenginga av Silokaia er bustadområdet Kanalbyen bygd ut, og det er dessutan etablert eit klatresenter her.
Fyrste etasje i Kunstsilo har inngangar frå fleire retningar, og fungerer som ein del av det offentlege rommet ved at etasjen er open for alle utan billett. Slik kan alle oppleve Silosalen, museumsbutikken og kafeen, og bygningen blir både fysisk og symbolsk tilgjengeleg for alle. Det har vore eit viktig mål i prosjektet å skape eit ope hus, senke terskelen for å oppleve kunst og arkitektur, samstundes som ein kjenner tilhøyrsle og stoltheit. Dette målet har vore særleg viktig å rette mot barn og ungdom. Gjennom eit tenestedesign-prosjekt i samarbeid med lokale fritidsaktørar har museet kartlagt behov og ønskje frå barn og unge. Dette har resultert i opne verkstader, gratis familieaktivitetar og tilsette ungdomsvertar. Det er gratis inngang for alle under 18 år.
Bygningen er både eit utstillingsrom og eit reisemål i seg sjølv, og blir trekt fram som eitt av dei beste lokala for kunstframsyning i landet. Besøkstala har auka kraftig samanlikna med dei tidlegare lokala for kunstsamlingane, og tiltaket har også ført til auka besøk hos andre kulturinstitusjonar på Silokaia.
Byen har fått eit signalbygg utan å bygge nytt. Kunstsilo har hausta nasjonal og internasjonal merksemd, og har motteke fleire prisar, mellom anna Byggeprisen for Kristiansand-regionen, Norsk lyspris og Betongtavlen i 2024. Prosjektet viser korleis eit ombruksprosjekt har bidrege til verdifull utvikling i sentrum av Kristiansand, kor mykje av utbygging dei seinare åra har skjedd utanfor bykjernen.
Læringspunkter
- Mange kaiområde ligg sentrumsnært. Ved å flytte funksjonar og gi industribygningar ny bruk, kan ein gjera sjøfronten meir tilgjengeleg for byen, og gi verdifull fortetting og utvikling i sentrum.
- Fleire institusjonar i same kategori innanfor eit område kan gi positive ringverknader og gjera at dei alle styrker kvarandre.
- Å gjera kunst og arkitektur fysisk og økonomisk lett tilgjengeleg, særleg for barn og unge, verkar demokratiserande og kan gi auka livskvalitet og nye perspektiv.
- Aktiv bruk av tenestedesign kan gi relevante kulturtilbod for barn og unge.








