Universell utforming

Moderne tilgjengelegheit i mellomalderkyrkje

Interiør i en historisk kirke med steinvegger, glassmalerier, tregulv, trapper og en moderne rampe med glassrekkverk som fører opp til alterområdet.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

I samband med restaureringa av Stavanger domkyrkje til byjubileet i 2025, vart universell utforming integrert som ein del av prosjektet. Når ein først gjorde store inngrep, som opning av golv, opna det seg òg moglegheiter for å gjera meir omfattande og heilskaplege tiltak for betre tilgjengelegheit. Tiltaka er basert på medverknad frå Råd for personar med funksjonsnedsetting og er godt tilpassa den freda kyrkja. Estetisk integrering saman med god funksjonalitet har vore sentralt i arbeidet.

VERNESTATUS
Automatisk fredet

ADRESSE
Haakon VIIs gate 2, Stavanger

PROSJEKTET
Arkitektkontoret Schjelderup & Gram AS, Riksantikvaren, Stavanger kommune, fleire utførande (delte entreprisar)

KONTAKT
Stavanger kyrkjelege råd

Inngangsparti i stein med utsmykkede tredører, trapper, rekkverk og trær i nærheten. Røde blomster er plassert i store krukker på brosteinsbelagte gangveier.
En steinmur avgrenser et område med grønt gress og svarte fliser, omgitt av buet brostein og trappetrinn med et rødt blomsterarrangement i nærheten.

Utandørs var det god plass til å lage rampe bort til hovudinngangen. På den andre sida var det mogleg å legge heller i terrenget, utan å bygge ei sjølvstendig rampe. Det er brukt stein i ulike nyansar for å markere kontrast, i tillegg til at det er lagt inn trappenesemarkørar. Farefeltet øvst på trappeavsatsen er markert ved struktur integrert i steinen. Foto: Trond Isaksen

Historikk

Stavanger domkyrkje ligg sentralt i byen og har vore bispesete sidan tidleg på 1100-talet. Arkeologiske undersøkingar har avdekt spor etter eldre bygningar og gravfelt, med dateringar heilt tilbake til 800-talet. Det tyder på at området har vore eit maktsenter alt før kristninga. Den fyrste biskopen var truleg engelskmannen Reinald, nemnt i 1135. Kyrkja vart opphavleg dedisert til Den heilage treeining, men frå 1204 er også St. Svithun nemnt som vernehelgen. Den romanske kyrkjebygningen hadde eit treskipa skip og eit smalare kor, og vart bygd i brotstein med grønskifer.

Koret og tårna mot aust er bygd mellom 1220-1270. Etter ein brann i 1272 vart vesttårnet erstatta med ein forhall. Kyrkja har hatt fleire byggefasar og endringar, og det finst spor etter eldre gravlegging både inne i og utanfor kyrkja. Terrenget aust for kyrkja vart fylt opp for å tilpasse det nye koret. I perioden 1867–74 vart kyrkja omfattande restaurert, og stein frå Hundvåg kyrkje og Utstein kloster vart nytta. Kyrkja har hatt tilknyting til bispegarden, skulebygningar og andre anlegg.

Interiør i en historisk steinbygning med tretrapper, et svart rekkverk, informasjonsskjermer på veggen og mennesker som er synlige gjennom en glassdør i bakgrunnen.
En tretrapp og en plattformheis gir tilgang til et kirkerom med steinbuer og sitteplasser i tre; informasjonsbrosjyrer ligger utstilt til høyre.

Innanfor hovudinngangen er det ei trapp før ein kjem inn i skipet. Her visast løysinga med løfteplattform. Det var naudsynt å velja denne grunnare typen i staden for den som er heilintegrert i trinna, grunna mellomaldersk murverk under golvet. Her er farefelt utført i messing, og trappenesemarkeringane i form av enkle, mørke markørar. Den strukturelle inndelinga av glasdørene fungerer òg som kotrastmarkering. Foto: Trond Isaksen

Utfordringar og løysning

I samband med den store restaureringa av domkyrkja, som skulle stå ferdig til både Stavanger by og domkyrkja sitt jubileum i 2025, vart det gjort store tiltak i kyrkja – mellom anna opning av golv. Riksantikvaren var ein pådrivar for at ein i dette arbeidet òg skulle prosjektere inn gode og framtidsretta løysingar for universell utforming, når ein likevel gjorde såpass store grep. Stavanger domkyrkje var brukt som eksempel i prosjektet «Kirker for alle», som skal bidra til auka kompetanse og bevisstheit om universell utforming av kyrkjer som er freda eller verna.

Frå før hadde kyrkja naturleg trinnfri inngang frå nord, men elles ikkje større tilpassingar innvendig. Hovudinngangen var ikkje universelt utforma. Når det kjem til lyd, var det i Stavanger domkyrkje, som i veldig mange andre kyrkjer, teleslynge. Utfordringa med denne teknologien er at han ikkje alltid fungerer lydmessig godt, og at han krev ein omfattande installasjon som kan bety inngrep i bygningen.

Frå hovudinngangen er det trapper inn i skipet. Med tanke på likeverdig tilgjengelegheit, er det eit viktig poeng at alle, om mogleg, kan nytte den same inngangen. I Stavanger domkyrkje var det ikkje plass nok til å få til ramper med akseptabel helling. Alternativet ville ha vore særskilt bratte ramper. Gjennom tidleg dialog med Råd for personar med funksjonsnedsetting, kom det fram at dei brattare rampene ikkje var ønskjelege. Særleg utfordrande er det nedover for folk med til dømes rullator eller manuell rullestol. Difor valde ein her å installere ei løfteplattform, integrert i trappa.

Kyrkja har frå før en terskelfri tilkomst via nordinngangen. Saman med den nye løysinga ved hovudinngangen har kyrkja nå to universelt utforma inngangar som kan nyttast om kvarandre etter ynskje og behov. Nordinngangen har også ein stor fordel til bruk som terskelfri rømmingsveg.

Interiøret i en historisk kirke med steinsøyler, tregulv med trappetrinn, en moderne rullestolheis, glassmalerier og utsmykket veggkunst.
Opp til koret vart det vald ein kombinasjon av rampe og løfteplattformar. Her kan ein sjå ein av høgtalarane, som har fått farge tilpassa natursteinsmuren bak.
Moderne trerampe og trapper gir tilgjengelig inngang i en historisk steinkirke med hvelvede tak og glassmalerier.
Opp til koret vart det vald ein kombinasjon av rampe og løfteplattformar. Her kan ein sjå ein av høgtalarane, som har fått farge tilpassa natursteinsmuren bak.
En rullestolheis er installert ved siden av en steintrapp inne i en historisk kirke med tregulv, buede søyler og stolrader.
Opp til koret vart det vald ein kombinasjon av rampe og løfteplattformar.
Interiørbilde av en stor steinkirke med hvelvede tak, trebenker, orgel i baksetet og intrikate utskjæringer langs veggene.
Opp til koret vart det vald ein kombinasjon av rampe og løfteplattformar.
Interiørbilde av en katedral i gotisk stil med hvelvede tak, glassmalerier, trebenker, et orgel og tilgjengelige plattformer i forgrunnen.
Opp til koret vart det vald ein kombinasjon av rampe og løfteplattformar.
Interiør i en gotisk steinkirke med hvelvede tak, glassmalerier, trebenker, orgel og et sentralt alter på en hevet plattform.
Opp til koret vart det vald ein kombinasjon av rampe og løfteplattformar.

Inne i kyrkjerommet er det tre nivåskilnader frå skipet og opp til koret. I skipet er det god plass før den fyrste avsatsen mot koret. Her kunne ein difor enkelt plassere ei rampe. Innover i koret er det mindre plass og rampene ville hatt for krapp helling. Løysinga vart difor to løfteplattformer integrert i trappene i koret.

Element som beteningsstolpar, rekkverk og sidevangar på rampa opp mot koret har enklast mogleg form og er utført i matt, svartlakkert stål. Slik får ein god visuell kontrast, og dei står fram som element som opplagd er nye tilføyingar, utan at dei gjer for mykje ut or seg.

Det vart og satt inn nye dører mellom våpenhuset og skipet. Dørene var for store til at dei kunne lagast med eitt heilt glas. Inndelinga med svarte stålrammer fungerer som ei gjennomgåande kontrastmarkering, og difor trong ein ikkje innføre enda eit nytt visuelt element.

Det eksisterande lydanlegget er oppgradert med nye og fleire høgtalarar. Høgtalarane er godt integrerte og snautt synlege. Dei har ei minimalistisk utforming og fargekodar tilpassa veggen. Lydanlegget har oppdatert teknologi som enten overfører lyden direkte til moderne høyreapparat, eller til ein halsboren mottakar. Ved hovudinngangen er det montert ei eining som automatisk koplar kompatible høyreapparat til systemet når ein passerer.

Tidleg medverknad og dialog har vore ein viktig suksessfaktor i prosjektet. Slik kunne ein til dømes lettare koma fram til kor hen det var riktig å velja løfteplattformer framfor ramper, slik at ein i størst mogleg grad skal sleppe å vera avhengig av hjelp frå andre. Dette har, saman med ei godt samansett prosjekteringsgruppe, gitt gode og moderne løysingar, slik at Stavanger domkyrkje nå er godt universelt utforma.

Ny og tilpassa lyssetting var òg ein viktig del av den universelle utforminga, ved at det er god visuell lesbarheit i rommet generelt og gangareal spesielt. Funksjonelle armaturar er mellom anna skjult i takkonstruksjonen. Foto: Trond Isaksen

Utsikt over et kirkeinteriør med steinbuer, tretak, glassmalerier, lysekroner og rekker av trestoler, med en person sittende.

Læringspunkt

  • Integrerte ramper er ofte dei beste løysningane for universell utforming, fordi dei alltid er klare til bruk, og gir god tilgjenge for alle.
  • Løfteplattformar kan vera eit godt alternativ der det er for liten plass til å integrere ei rampe som da ville ha vorte for bratt. Dei kan integrerast på ein lite synleg måte i trapper. Ettersom kapasiteten til ein løfteplattform er avgrensa, er det ein fordel å ha alternative løysingar der det er mykje persontrafikk, eller ved tilfelle av driftsstans.
  • Både ramper og løfteplattformar krev god tilpassing når det kjem til materialbruk og overflater, særleg i tilknyting til eit freda kulturminne som her.
  • Tekniske installasjonar for lyd må vera oppdaterte for å følgje med den teknologiske utviklinga på høyreapparat.

Lignende eksempler