Næring og industri
Industrien som endrar samfunnet
Næring og industri er ryggrada i samfunnsutviklinga.
Næring og industri har lagt grunnlaget for velferdsstaten. Dei største næringane har gitt arbeid, verdiar og eksport: frå mineralutvinning og fiskeforedling til skipsbygging, trelast, kraftkrevjande industri, havbruk og olje- og gass.
Industrihistoria viser viktige utviklingssprang frå forhistorisk tid til det grøne skiftet. Vi ser på nøkkelindustriar og kva dei byggjer på: ressursar, kapital, kompetanse og arbeidskraft.
Historia handlar ikkje berre om teknologi og kapital, men om menneske: arbeidarhistoria, endringar for minoritetar og urfolk, og konfliktar mellom industri og samiske reindriftsområde. Industrien har også gitt store naturinngrep og forureining.
Målet er å gi kunnskap om korleis industrien har påverka samfunnet – og sikre at sentrale utviklingstrekk blir tekne vare på.
Industrimiljø
Nøkkelindustriar kjem til syne i mange kulturmiljø, med ulik storleik og kompleksitet. Nokre har vore hjørnesteinsbedrifter med nasjonal og regional betydning. Etter 1970 ser vi særleg store og komplekse anlegg, til dømes innan olje og gass, verft, havbruk og høgteknologi.
Industrimiljøet er det fysiske området som viser samanhengen i industrien. Det kan romme spor frå fleire verksemder og ulike periodar. Næringar er ofte knytte saman gjennom leverandørkjeder eller felles ressursar og infrastruktur. Nyare industri byggjer på tidlegare utvikling.
Plasseringa av verksemder speglar føresetnader som ressursgrunnlag, landskap, kapital, kompetanse, arbeidskraft og teknologi. Dei tidlegaste industriane låg nær naturressursar, medan transport og nye produksjonsformer seinare opna for etablering andre stader.
Bygningar og anlegg viser korleis industrien har tilpassa seg naturgitte forhold. Noreg har rike ressursar, men krevjande topografi og klima. Teknologiutvikling har vore avgjerande, som i oljeindustrien i Nordsjøen. Bak utviklinga står forsking og erfaringsbasert kunnskap.
Arbeidskraft har vore ein nøkkelressurs. Arbeidarhistoria rommar eit mangfald av grupper, frå mellomalderens innvandring til moderne rekruttering. På 1600-talet kom tyske fagfolk til bergverksindustrien, og på 1800-talet førte industrialisering til stor tilflytting, også av samar og kvener.
Det prioriterte området omfattar kulturmiljøet til nøkkelindustriane, med både materielle og immaterielle verdiar.
Byggverk i industrien
Byggverket i industrien omfattar bygningar og konstruksjonar slik dei har utvikla seg gjennom tidene. Dei speglar ulike funksjonar og produksjonar – frå førreformatoriske kalkomnar til bruer og moderne anlegg. Også ruinar etter dei eldste byggverka har kunnskapsverdi om utviklingstrekk i industrien.
Etter det industrielle gjennombrotet vart mange byggverk teikna av ingeniørar. Den industrielle revolusjonen på 1800-talet skapte behov for teknisk kompetanse. Infrastruktur og krafttilgang gjorde ingeniøren sentral i utforminga av kraftverk, bruer, fabrikkar, smelteverk og oljeinstallasjonar. Norske ingeniørar har vore pionerar, særleg innan vasskraft og olje, med løysingar som kombinerte avansert teknologi og tilpassing til krevjande naturforhold.
Teknologiutvikling har drive omstrukturering og endringar i arealbruk. Konstruksjon, form og materialbruk viser korleis industrialisering førte til nye prinsipp, bygningstypar og ombyggingar. Regionale særtrekk kjem til uttrykk i materialbruk og byggjetradisjonar.
Det prioriterte området omfattar byggverket til nøkkelindustrien og viktige utviklingstrekk gjennom tidene.
Prioriteringar
I deltemaet «Industrien som endrar samfunnet» blir to område prioriterte
- industrimiljø
- byggverk i industrien
Treng du inspirasjon?
Då finn du eksempel på gode prosjekt i Riksantikvaren sin eksempelsamling. Fleire av desse er relevante for næringar og industriar sine kulturmiljø, blant anna Devoldfabrikken, Engelskmannsbrygga og Porsgrund Porselænsfabrik.





