Ombruk

Kameleonen ved parken

En asfaltert gangvei fører til en moderne glassinngang i en grønn museumsbygning, omgitt av høsttrær og løvfall.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Fayegården har gjennom snart to hundre år vore ein viktig del av Halden sitt offentlege liv, med skiftande roller frå bustad til mellom anna skule, kontor og bibliotek. Nå har bygningen fått ei ny oppgåve som bymuseum. Fysiske grep har opna bygningen mot byen og tilpassa han til moderne publikumsfunksjonar. Prosjektet har kombinert ei omfattande innvendig ombygging med eit lågmælt tilbygg mot parken, utan å redusere dei arkitektoniske kvalitetane.

VERNESTATUS
Del av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, SEFRAK

ADRESSE
Svenskegata 6, Halden

PROSJEKTET
Halden kommunale pensjonskasse, Halden kommune, Østfoldmuseene, SG arkitekter, Planteknikk, Rambøll, Bright Elektro, Haga & Hågensen, Øst Entreprenør

KONTAKT
Østfoldmuseene – Halden museum

En moderne, grønn bygning med store glassvinduer vises på en overskyet dag. Gårdsplassen er brosteinsbelagt med høstløv spredt rundt, og i bakgrunnen ser vi trær og hus.
Moderne kaféinteriør med runde bord, svarte stoler, en disk i tre, potteplanter og store vinduer som slipper inn naturlig lys.

Den boga glasfasaden reduserer refleksjonar og gir tilbygget eit ope preg. Ei glaslisse i overgangen slepp inn dagslys og framhevar den gamle murfasaden innanfor. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Etter den store bybrannen i Halden i 1826 vart det tømra einetasjes huset til grosserar David Faye lagt i oske. Fire år seinare, i 1830, vart Fayegarden oppført som bustad for handelsmannen. Bygningen vart teikna av ingeniørmajor Friedrich Christopher Gedde, ein sentral aktør i gjenreisingsarbeidet i byen. Garden vart reist i empirestil, med teglmura og pussa fasadar, og har to etasjar. Nordfløya, som kom til på 1920-talet, er derimot berre i ein etasje.

I 1860 kjøpte Halden kommune bygningen, og han fekk ei ny rolle som folkeskule. Denne funksjonen hadde garden i om lag femti år. Etter skuleperioden har Fayegarden hatt ei rekke ulike offentlege funksjonar: han har vore lokale for folkebiblioteket, tannlegekontor, teknisk etat og Halden kommunale pensjonskasse. Det er sistnemnde som framleis eig bygningen i dag, medan Østfoldmusea står for drifta.

Et moderne resepsjonsområde med glassmontre til venstre, doble dører som fører til en resepsjon, tregulv og nøytrale veggfarger.
Rom med trebenker, en LEGO-byggestasjon, tomme, hvite hyller og en døråpning som fører til et utstillingsområde; vinduer langs venstre vegg.

Ein løfteplattform fekk akkurat nok plass mellom golvbjelkane, slik at alle etasjane er tilgjengelege. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

I tilknyting til utstillingsareala er det eit aktivitetsrom for barn. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Fayegården har gjennom tida gått gjennom mange funksjonar, og skulle nå få nok ei ny oppgåve som bymuseum for Halden. Dette innebar fleire utfordringar: bygningen var opphavleg eit lukka bustadhus, med framsida vend mot gata og baksida mot parken. For å gjere bygningen meir inviterande og senke terskelen for besøk, kom det tidleg i prosessen ønskje om eit tilbygg mot parken. Tilbygget skulle vere transparent og opne bygningen mot det offentlege rommet.

Løysinga vart eit lågmælt tilbygg med mykje glas, der den boga fasaden hentar inspirasjon frå trepaviljongen i parken. Ei glasslisse i taket mellom nytt og gamalt bygg slepp inn dagslys og gjer den gamle ytterveggen synleg innanfor tilbygget. Den boga forma reduserer refleksjonar frå glasfasaden og gir eit mjukt møte med parken. Det var eit viktig grep å etablere ei sone ytst mot parken, med kafé, butikk, arrangementslokale og servicefasilitetar, som er tilgjengeleg utan å kjøpe billett til museet. Slik har det vorte enklare for museet å invitere nye målgrupper inn.

Innvendig måtte bygningen tilpassast nye funksjonar: utstillingsareal for både faste og skiftande utstillingar, aktivitetsrom, monteringsverkstad, arrangementslokale og kafé. Desse funksjonane måtte alle inn i fyrste etasje, fordi desse aktivitetane har andre krav til rømming enn kontorfunksjonar, som difor ville ha vore for inngripande å legge til dei øvre etasjane. Museet har magasin ein annan stad, og det var plass til ventilasjonsanlegg i eit rom i andre etasje. Det frigjorde ein del areal i fyrste etasje som kunne brukast til publikumsareal. I tillegg vart kafeen lagt i tilbygget, og på den måten fekk ein nok plass på bakkeplan. Planløysinga er fleksibel, med fleire inngangar og moglegheit for å stenge sjølve museet og kontora, slik at konferansedelen i fyrste og tredje etasje kan brukast uavhengig på kveldstid.

Tidlegare cellekontor i andre etasje var djupe og unaudsynt store. Desse vart reduserte, slik at ein fekk ein brei korridor med fellesareal. Kontora har fått glasfelt mot korridoren. Slik har både arbeidsplassar og opphaldsareal fått meir dagslys. Dette har gitt godt arbeidsmiljø og meir opne løysingar.

Samla sett har prosjektet gjort Fayegården til ein meir open og fleksibel bygning, der historiske kvalitetar er tekne vare på, samstundes som nye funksjonar er integrerte. Tilbygget mot parken og den opne sonen har senka terskelen for besøk, medan innvendige grep har gitt plass til både utstillingar, aktivitetar og gode arbeidsareal. Fayegården har igjen hatt evna til å endre funksjon etter behova i byen.

Et biblioteksrom med hvite bord og stoler, bokhyller langs veggene og en stor skjerm i front under et skråtak med synlige bjelker.
I tredje etasje har ein fått plass til eit møtelokale og podcaststudio. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Godt tilpassa tilbygg kan løyse utfordringar knytt til arealbehov og inngangssituasjonar.
  • Opne soner utan billettkrav er viktige for å nå nye målgrupper og senke terskelen for besøk på museum.
  • Fleksibel planløysing og moglegheit til å skilje tilgang til forskjellege soner gir rom for fleire funksjonar og uavhengig bruk på ulike tidspunkt.
  • Reduksjon av djupe cellekontor og bruk av glasfelt gir betre arbeidsmiljø i form av meir dagslys og sosiale soner i breiare korridorar.
  • Integrering av tekniske løysingar som ventilasjon og løfteplattform krev god tilpassing i eldre bygningar.

Lignende eksempler