By- og stedsutvikling

Paleet som opna seg for parken, og for byen

Flyfoto av en liten by med røde takbygninger, en elv og en festning på en bakketopp i bakgrunnen på en overskyet dag.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Fayegården har gått frå å vere ein lukka murgard til å bli ein aktiv del av bylivet i Halden. Prosjektet har opna bygningen mot parken og sentrum, og skapt ein inkluderande møteplass med kafé, arrangementslokale og fleksible rom for kulturaktivitetar, i tillegg til å bli eit bymuseum for Halden. Tiltaket er ein del av områdeløftet i sentrum nord, der kommunen har satsa på parkar, elvepromenade og kulturarenaer for å styrke nærmiljøet. Ved å kombinere kulturminnevern med strategiske grep for å gjera bygningen meir open og tilgjengeleg, har det tidlegare paleet fått ein ny rolle som motor for aktivitet og samarbeid i lokalsamfunnet.

VERNESTATUS
Del av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, SEFRAK

ADRESSE
Svenskegata 6, Halden

PROSJEKTET
Halden kommunale pensjonskasse, Halden kommune, Østfoldmuseene, SG arkitekter, Planteknikk, Rambøll, Bright Elektro, Haga & Hågensen, Øst Entreprenør

KONTAKT
Østfoldmuseene – Halden museum

Flyfoto av en liten by med bygninger med røde tak, en park med trær og boligområder som strekker seg ut i det fjerne under en overskyet himmel.
En grønn toetasjes bygning med store vinduer og en glassinngang merket Museum, omgitt av høsttrær og løvfall.

Parken og leikeplassen har vorte tryggare og meir attraktive etter at museet vart etablert, med ein ny hovudfasade mot parken. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Etter den store bybrannen i Halden i 1826 vart det tømra einetasjes huset til grosserar David Faye lagt i oske. Fire år seinare, i 1830, vart Fayegarden oppført som bustad for handelsmannen. Bygningen vart teikna av ingeniørmajor Friedrich Christopher Gedde, ein sentral aktør i gjenreisingsarbeidet i byen. Garden vart reist i empirestil, med teglmura og pussa fasadar, og har to etasjar. Nordfløya, som kom til på 1920-talet, er derimot berre i ein etasje.

I 1860 kjøpte Halden kommune bygningen, og han fekk ei ny rolle som folkeskule. Denne funksjonen hadde garden i om lag femti år. Etter skuleperioden har Fayegarden hatt ei rekke ulike offentlege funksjonar: han har vore lokale for folkebiblioteket, tannlegekontor, teknisk etat og Halden kommunale pensjonskasse. Det er sistnemnde som framleis eig bygningen i dag, medan Østfoldmusea står for drifta.

Moderne kaféinteriør med svarte bord og stoler, store vinduer som viser høsttrærne utenfor, og en disk i bakgrunnen.
Et utstillingsrom med fargerike informasjonstavler og historiske bilder, med en fremtredende gul skjerm med tittelen Makten - det er oss!.

Kafeen blir òg brukt som arena for opne arrangement, i tillegg til å vera museums- og bydelskafé. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Både faste og skiftande utstillingar er sentrale for museet, men særleg dei skiftande er viktige for å halde seg aktuell og vera interessant for innbyggarane i byen. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Fayegården ligg sentralt i Halden, tett på Busterudparken, handlegater og skular. Bygningen var opphavleg eit lukka bustadhus, med baksida vend mot parken, og har tidlegare hatt funksjonar som skule og kontor. Da bygningen skulle få ny rolle som bymuseum, var målet ikkje berre å tilpasse han til museumsdrift, men å bruke den fysiske plasseringa og arkitekturen til å styrke bylivet i denne delen av sentrum. Sjå meir om korleis ein har gått fram for å bygge om til ny bruk.

Utgangspunktet var ei bygning med lite kontakt med omgjevnadene og lukka kontorfunksjonar. For å opne opp og skape ein meir inviterande møteplass, vart det tidleg i prosessen ønskje om eit tilbygg mot parken. Tilbygget vart utforma lågmælt, med glasfasade og ei glaslisse som slepp inn dagslys og synleggjer den gamle murfasaden. Den boga forma reduserer refleksjonar og gir eit mjukt møte med parken. Det viktigaste grepet var å etablere ein ytre sone med kafé, butikk og arrangementslokale som er tilgjengeleg utan billett. Dette har senka terskelen for å besøke museet og samstundes gjort parken og leikeplassen der tryggare og meir attraktiv.

Innvendig er bygningen tilpassa fleksibel bruk: utstillingsareal for faste og skiftande utstillingar, aktivitetsrom, monteringsverkstad, sal og podcaststudio. Særleg dei skiftande utstillingane er viktige for å tiltrekke seg innbyggarane i byen jamleg. Planløysinga gir fleire inngangar og moglegheit for å stenge sjølve museet slik at konferansedelen i fyrste og tredje etasje kan brukast uavhengig på kveldstid. Dette opnar for samarbeid med skular, lag og foreiningar, og gir rom for opne aktivitetar som styrkar lokalsamfunnet. Prosjektet er ein del av «Områdeløft Nord», der Halden kommune har satsa på parkar, elvepromenaden, kulturhus og nye skule- og idrettsanlegg for å skape eit levande sentrum.

Tiltaket har gjort bygningen til ein aktiv møteplass i hjartet av byen. Ved å kombinere kulturminnevern med strategiske grep for opning og tilgjenge, har Fayegården fått ei rolle som styrkar både bylivet og nærmiljøet. Prosjektet viser korleis historiske bygningar kan vere motorar i stadsutvikling når dei blir kopla til offentlege rom og inkluderande aktivitetar.

Et podkaststudio med fire stoler rundt et bord, mikrofoner på justerbare armer, hodetelefoner og høyttalere på stativer i et lydisolert rom.
I tredje etasje har ein fått plass til eit podcaststudio som mellom anna brukas av lokale ungdommar. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Godt tilpassa tilbygg kan løyse utfordringar knytt til inngangssituasjonar og openheit.
  • Opne soner utan billettkrav er viktige for å nå nye målgrupper og senke terskelen for besøk på museum.
  • Fleksibel planløysing og moglegheit til å skilje tilgang til forskjellege soner gir rom for fleire funksjonar og uavhengig bruk på ulike tidspunkt.
  • Plassering i sentrum gir moglegheit til å styrke bylivet når bygningen blir betre kopla til offentlege uterom fysisk, og ein samarbeider aktivt med ulike brukargrupper.

Lignende eksempler