Om prosjektet
Istandsettinga av Fredrikshalds Teater i Halden viser korleis godt handverk og historisk kunnskap kan gå hand i hand. Prosjektet kombinerer bygningsarkeologiske undersøkingar med bruk av tradisjonelle materialar og teknikkar, slik at bygningen står fram som autentisk, praktfull og samstundes robust for vidare bruk. Med godt handverk i hovudrolla er scena sett for framtidig bruk, utan å miste den historiske atmosfæren.
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
ADRESSE
Teatergata 3, Halden
PROSJEKTET
Østfoldmuseene, Malermester Studsrud AS
KONTAKT
Østfoldmuseene
I ballsalen vart det gjennomført bygningsarkeologiske undersøkingar og arkivsøk som dokumenterte korleis rommet var dekorert i 1921. Dette årstalet vart valt som mål for restaureringa. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Tapetet i speglfelta er ein kopi av tidsriktig tapet som fart funne under fleire andre lag. Alle dei måla overflatene er skrapa ned og bygd opp att på nytt, med riktig, historisk fargesetting.Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Fredrikshalds Teater i Halden vart oppført i 1838 på initiativ frå «Det dramatiske selskap i Fredrikshald». Bygningen er landets einaste bevarte barokkteater og har vore i kontinuerleg bruk sidan oppføringa. Teateret vart reist som utmura bindingsverk, og i 1851 kom eit tilbygg i tømmer. Eksteriøret er utforma i empirestil, medan teaterrommet har barokkpreg. Arkitekt for bygningen var Balthazar Nicolay Garben.
Teateret har ein unik konstruksjon med skrått scenegolv og mange originale kulisser. Det skrå scenegolvet og oppbygginga av kulissene er typisk for rokokko- og barokkteatera. Fredrikshalds Teater skil seg frå liknande teater i Europa, som ofte var tilgjengelege berre for fyrstar og kongehus, medan Fredrikshalds Teater vart brukt av borgarane i byen. Bygningen rommar, i tillegg til scene og sal, to stover og ein ballsal. Inngangspartiet er eit tilbygg frå 1982. I perioden 1979-1982 gjekk bygningen gjennom ei større restaurering.
Gjennom historia har teateret vore ein sentral kulturarena i Halden. Lokale teatergrupper har sett opp framsyningar her, mellom anna Brageteateret som var fast inventar frå 1910. I dag blir teateret drive og eigd av stiftinga Halden historiske Samlinger, ei avdeling av Østfoldmuseene.
I sekundære areal kunne originale overflater bevarast, utan tiltak. Her ser ein den eldste delen, bak scena, med utmura bindingsverk.Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Fredrikshalds Teater hadde ikkje vore restaurert sidan det omfattande rednings- og restaureringsarbeidet i perioden 1979–1982. Etter nesten 35 år med aktiv bruk hadde mange av romma store behov for reparasjon og vedlikehald.
Det vart gjennomført innvendige restaureringsarbeid i ballsalen, teatersalen, prosceniumsopninga, balkongen, søre sidegang, skodespelarfoajeen og begge garderobane. Arbeidet omfatta fjerning av seinare måling, oppsetting og reparasjon av jutestrie med maskinpapir, kalkpussreparasjonar, måling med linoljemåling og tapetsering. Dei mest omfattande tiltaka vart gjort i ballsalen og teatersalen.
I ballsalen vart det gjennomført bygningsarkeologiske undersøkingar og arkivsøk som dokumenterte korleis rommet var dekorert i 1921. Dette årstalet vart valt som mål for restaureringa fordi det i perioden 1916-1921 vart gjort fleire endringar i bygningen, og såleis representerer ei heilskapleg, historisk periode. Veggane vart skrapa reine for måling, og nye flater vart bygde opp. Det vart produsert kopi av det eldste og tidsriktige tapetet som vart funne i speglane på veggane. Dørene vart skrapa ned, og skadar vart reparerte ved å spunse inn tre frå gamle furuvindauge.
I teatersalen vart oppsprukne og slitte takmåleri restaurerte. Lause målingsflak vart forsiktig fjerna og overflatene sparkla. Fargar vart presist blanda for å retusjere dei sparkla områda, slik at ein kunne bevare mest mogleg av originalmålinga. Dekor rundt balkongen og detaljar i salen vart friska opp. Skadar i prosceniumsåpninga vart reparerte med kalkpuss, finpussa og måla i tilsvarande fargar. I dei andre romma vart skadar reparerte og overflater behandla.
Malermester Studsrud AS mottok Bygg og Bevar-prisen i 2017 for dette arbeidet. Prispengane vart nytta til kompetanseutvikling i bedrifta, og bidrog slik til å styrke fagkunnskapen for framtidige restaureringsprosjekt. Det er òg gjort gode sikringstiltak og tilpassing av teknisk infrastruktur i bygningen, slik at ein tek vare på bygningen både framfor og bak kulissane.
I teatersalen vart oppsprukne og slitte takmåleri restaurerte. Mest mogleg original måling vart behaldt, og skada område vart nøye retusjerte.Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Bygningsarkeologiske undersøkingar og arkivsøk gir grunnlag for å avgjere kva periode som er mest eigna å restaurere til.
- Tradisjonelle material og metodar, som linoljemåing og kalkpuss, harmonerer best med eldre underlag reint teknisk, samstundes som ein tek vare på eit opphaveleg uttrykk.
- Historisk tapet med skadar kan i nokre tilfelle restaurerast, eller ein kan få mønsteret kopiert og samstundes bevare ein høg grad av autentisitet i interiøret.
- God kompetanse og røynsle med historiske teknikkar hjå handverkarane er avgjerande i prosjekt som dette. Intern kompetanseutvikling er ein fordel for framtidige prosjekt.







