Istandsetting

Tette og slette veggar på den gamle måten

En hånd bruker et metallverktøy til å skrape eller fjerne en brun, kittlignende substans fra en sprekk i en malt treflate.
Foto: Roald Ranmælmo

Om prosjektet

Da det gamle, lafta huset måtte flyttast, såg dei nye eigarane at det var brukt ein fugemasse i sprekkane mellom stokkane for å få innsida av veggane slettare. Dei undersøkte denne massen, og fann ut at det måtte vera ei blanding av ei form for beinlim og sand, som var godt eigna for å måle over med linoljemåling. Dette vart difor det naturlege valet da veggane skulle settast i stand att.

VERNESTATUS
Ikke formelt vern

ADRESSE
Mellombygdveien 1315, Moen

PROSJEKTET
Siv Holmin og Roald Renmælmo (eigarar)

KONTAKT
Eigarane

Historikk

På garden Berglund i Målselv laut det gamle våningshuset vike plassen for eit nytt bustadhus. Naboane, som tilfeldigvis er tradisjonshandverkarar, fekk tilbod om å overta huset. Dei flytta det til staden dei bur, og satt det i stand som sitt nye bustadhus.

Huset i to etasjar er lafta, og vart bygd på Berglund truleg rundt 1894. På 1950-talet fekk huset utvendig panel og nye vindauge. Dei nye eigarane har ført attende ein del av løysingane i huset, slik som type vindauge.

Meddragsfuger frå start til slutt:

Nærbilde av to forvitrede treplanker med synlige sprekker, avskallet maling og noe blottlagt treverk langs kantene.
Eksempel på rapping som er noko skadd i samband med demontering av huset. Heilt til venstre er det berre ein liten sprekk, som ikkje treng annan reparasjon enn overmåling. Der rappinga er borte, vart holromma fylt i med ny rapping.
En hånd bruker en sparkelkniv til å fjerne gammel, inntørket kitt eller sparkelmasse fra en sprekk i en treflate eller vindusramme.
For å påføre rappinga er det praktisk å bruke ein gamal bordkniv, og halde ei murskei under.
Nærbilde av en treflate med synlige sprekker, malt lyseblå, og en stripe med grov beige sparkel eller fugemasse langs en horisontal fuge.
Ferdig rappa medfar. Før limet stivnar, kan ein gjerne bruke ein godt oppvridd klut eller svamp for å glatte til rappinga. Etter eit par dagar har rappinga herda nok til å kunne målast over.
Nærbilde av en trevegg med vertikale og horisontale planker, malt lysegrå med synlig slitasje, riper og avskallet maling.
I det eine rommet valde eigarane å berre måle over sjølve rappinga med linoljemåling. Tømmerveggane elles er berre vaska, og har fått behalde patinaen sin. Med tida vil fargenyansen mellom nymåla rapping og dei gamle veggane jamne seg ut.
Hjørnebilde av to kryssende trevegger med synlige horisontale planker og tydelige sprekker i malingen.
I det andre rommet valde dei å måle både veggen og rappinga. Legg merkje til fugene, som er ein kombinasjon av gamle og nye, og til slutt måla over.

Utfordringar og løysing

Ved demontering og flytting av hus, kan det vera ei utfordring å ta vare på forskjellige spor og overflater. Dette krev gode undersøkingar og dokumentasjon på førehand, og forståing for korleis ting har vore utført.

Den vanlegaste måten å flytte lafta hus på, er å merke stokkane og demontere det, før ein bygger det opp att stokk for stokk på ny plassering. Det vart òg gjort her. Fleire av romma hadde rappa medragsfuger. Medragsfuger er ei rapping som blir fylt mot sprekken mellom stokkane i ein lafta vegg som ein har tenkt å måle, slik at veggflata blir slettare. Dessutan bidreg rappinga til å gjera veggen tettare. Samansettinga av rappinga i medragsfuger kan variere noko, men hovudingrediensane er typisk fin sand og ei form for lim. Som her i Målselv, og fleire andre stader, var det vanleg å koke lim av kuklauver til bruk i medragsfuger. Av praktiske grunnar valde eigarane her å bruke hornlim i pulverform, som vart løyst opp i vatn og varma opp, for å reparere fugene.

Ein del av fugene satt godt og følgde med stokkane når huset vart bygd opp att. Mange fuger vart likevel skada, og det var naudsynt å rappe desse på nytt. Eigarane laga ei blanding med 5 % tørt hornlimpulver i forhold til vassmengde, som så vart varma i vassbad til limet var oppløyst. Mengda sand må ein prøve ut og tilpasse, slik at blandinga blir fast men ikkje for smuldrete. For at ikkje blandinga skal stivne under arbeidet med fugene, må ho framleis haldast varm med vassbad.

Før påføring av rappinga, kan ein gjerne fukte treverket i medraga med 2-3 % lim i vatn. Til sjølve rappinga er det praktisk å ha sandblandinga på ei murskei som ein held under, og bruke ein gamaldags bordkniv (utan taggar, med rund tupp) til rappinga, og stryke utover så jamt som mogleg. Til slutt kan ein bruke ein godt oppvridd klut og dra over for å glatte over rappinga før limet stivnar. Rappinga herdar på eit par dagar, og ein kan måle over. Rappinga krympar lite, og kan difor også nyttast til å fylle større holrom.

Gamle fuger med litt sprekkar eller slitasje blir fine att med eitt strøk linoljemåling. Ny rapping kan trenge fleire strøk linoljemåling, i likskap med nytt treverk.

Veggane i dette rommet vart måla i sin heilskap. Eigaren har også laga nye dørar med handsmidde beslag og gamle handtak. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

En tredør med tre horisontale paneler og hengsler i metall, satt inn i en hvit karm mot en blåmalt vegg.

Læringspunkt

  • Rapping i medragsfuger av lim og sand fungerer godt i hop med treverk og linoljemåling.
  • Blandinga er enkel å lage, og lett å arbeide med.
  • Rappinga krympar lite, og kan difor også nyttast til å fylle større holrom.
  • Denne tradisjonelle metoden er ein enkel måte å få slettare og tettare tømmerveggar.

Lignende eksempler