Istandsetting

Kaserne kledd i original uniform

En gul bygning i tre etasjer med flere vinduer, rødt saltak og en liten metalldør i kjelleren, omgitt av snø under en klarblå himmel.
Foto: Felix Nyberg, Forsvarsbygg

Om prosjektet

Skjold leir vart bygd ut i samband med etableringa av Brigaden i Nord-Noreg på 1950-talet. Bygningen, som er i aktiv bruk, er eit viktig kulturminne frå den kalde krigen og har stor verneverdi både militærhistorisk og arkitektonisk. Rehabiliteringa har gjenoppretta det tidstypiske preget med fasadefargar, vindaugsutforming og interiørdetaljar, samstundes som bygningen er tilpassa dagens funksjon og tekniske krav. Prosjektet viser korleis ein kan «kle» ei militærforlegning i den originale uniforma og samstundes sikre vidare bruk.

VERNESTATUS
Fredet

ADRESSE
Skjold leir, Øverbygd

PROSJEKTET
Forsvarsbygg, Arkitektkontoret Amundsen AS, Frosth Ingeniører AS, Elvebakken Bygg AS, Smørholm AS

KONTAKT
Forsvarsbygg

En beige bygning med rødt tak står i et snødekt område under en klarblå himmel. Bygningen har grønne vindusskodder og flere små vinduer i de øverste etasjene.
En gul og rød treetasjes bygård med balkonger og mange vinduer, fotografert på en solrik dag.

Etter istandsettinga: Fasadane er rehabiliterte med innfarga, gul kalkslemming. Tredetaljane har fått attende original fargesetting, og takrenner og nedløpsrøyr er ført attende til sink med lodda bend. Foto: Felix Nyberg, Forsvarsbygg

Historikk

Etter 2. verdskrig vart den militære strategien i nordområda endra, og Forsvaret planla frå tidleg på 1950-talet å etablere ein ståande brigade i Troms. Brigaden i Nord-Norge vart operativ i 1953, og Skjold vart bygd ut som ein av dei store garnisonane med to leirar: Maukstadmoen for infanteri og Storholmen for ingeniørkompani. Plasseringa i Øverbygd var strategisk for å sikre tilgangen til Målselvdalen frå nord og aust, og utbygginga fekk stor betydning for lokalsamfunnet med nye bustader og skuler.

Skjold leir vart oppført i perioden 1953–56 og er eit typisk anlegg frå denne epoken. Leiren har ein stram struktur med klar funksjonsdeling mellom forlegningar, administrasjon og drift, og eit tydeleg skilje mellom mannskap og befal. Seks kasernar av typen «Skjoldkaserne», teikna av arkitekt A. Vejre, vart reist her. Kaserne IV Heistad vart bygd i 1955 og har tre etasjar med undervisningslokale på loftet og peisestove i sidefløy. Dei meinige budde på seksmannsrom med vaskerom og dusj i kvar etasje.

Materialbruken er gjennomgåande av høg kvalitet, med skifer på tak og i inngangsparti. Velferdsbygget har særleg gjennomarbeidd interiør med kinosal og kapell. Maukstadmoen er i dag eit av dei best bevarte militæranlegga frå 1950-talet i Nord-Noreg, med stor verneverdi både militærhistorisk og arkitektonisk. Fredinga omfattar leirområdet med bygningar, vegnett og grøntareal, og er del av Landsverneplan for Forsvaret.

Arkitekturhistorisk situasjonsplan merket Maukstadmoen, som viser bygningsplaner, veier og treplasseringer rundt et sentralt torgområde.
Plan over Maukstadmoen, 1957. Maukstadmoen er i dag eit av dei best bevarte militæranlegga frå 1950-talet i Nord-Noreg. Foto: Forsvarets anleggsdirektorat/Forsvarsbygg.

Utfordringar og løysing

Kaserne IV Heistad hadde omfattande slitasje og seinare endringar som hadde svekka det opphavlege 1950-talspreget, både utvendig og innvendig. Overflater var nedslitne, vindauge og dører var skifta ut, og fleire rom hadde fått moderne materialar og himlingar som ikkje samsvarte med fredingsføremålet. Utfordringa var å føre bygningen attende til det visuelle uttrykket frå oppføringstida, samstundes som ein måtte tilpasse til dagens funksjon og tekniske krav. Løysinga vart ei grundig rehabilitering etter antikvariske prinsipp, basert på arkivdokumentasjon, bygningsarkeologiske undersøkingar og referanseprosjekt frå andre kasernar.

Taket vart lagt om med nytt undertak, medan den gamle skiferen vart lagt attende. Moderne takrenner vart erstatta med renner og nedløpsrøyr i ubehandla sink med lodda bend. Fasaden vart ført attende til opphavleg gulfarge med kalkslemming, og sokkel måla svart. Plastbaserte måling vart fjerna, og trepanel i gavlar og andre utvendige tredetaljar fekk att originale fargar. Vindauge frå 1980-talet vart skifta ut med kopiar av dei opphavlege, og attmura vindaugsopningar vart opna.

Himlingane i korridorane vart ført attende med skråstilte plater, og peisestova fekk ny akustisk himling, men med listverk som har eit uttrykk tett på det opphavlege. Alle innerdører vart skifta til tidstypiske tre- og glasdører, og opphavlege dør- og glasfelt til vaktrommet vart reetablert. Veggar og overflater fekk fargar basert på fargeundersøkingar, og belysning vart fornya med LED-armaturar tilpassa 1950-talets estetikk. Nyare golvbelegg vart erstatta med vinyl i raudbrun farge, som visuelt liknar det opphavlege linoleumsbelegget, men med betre slitestyrke for den harde bruken.

Moderne tekniske løysingar som ventilasjon og sanitær er integrert på ein måte som i minst mogleg grad påverkar det antikvariske uttrykket. Tiltaka har gjenoppretta dei kulturhistoriske kvalitetane til den freda kasernen, gitt ein betre visuell heilskap og sikra bygningen for vidare bruk.

En gang med brune dører på begge sider, kremfargede og blå vegger, brunt gulv og taklampe.
En lang, tom gang med gult tak, beige og blå vegger, lukkede brune dører og lysstoffrør i taket. På høyre vegg er det montert brannsikkerhetsutstyr.

Korridor etter tiltak. Himling med dei skråstilte panela, og golv med raudt belegg er attendeført. Foto: Felix Nyberg, Forsvarsbygg

Korridor før tiltak. Foto: Felix Nyberg, Forsvarsbygg

Læringspunkt

  • Attendeføring til opphavleg uttrykk krev fargeundersøkingar og arkivstudium.
  • Materialval bør i størst mogleg grad vera som opphavleg, men kan ved spesielle behov vera tilpassa dagens krav til slitestyrke og vedlikehald.
  • Der opphavleg uttrykk eller materialbruk ikkje er kjend, eller det ikkje er mogleg å bruke det som var opphavleg, kan tidstypiske material og tilsvarande visuelt uttrykk vera gode val.
  • Referanseprosjekt frå liknande bygningar gir tryggleik for riktige antikvariske løysingar.
Et oppholdsrom med svarte sofaer, flere stoler, en stor veggmontert TV, en hvit mursteinspeis og vegger med trepanel og runde taklamper.
Peisestova har fått ny akustisk himling, men med liknande listverk som opphavleg. Foto: Felix Nyberg, Forsvarsbygg

Lignende eksempler