Om prosjektet
Fredrikshalds Teater er eit sjeldan kulturminne som framleis blir brukt til teater og konsertar. Tiltaka viser korleis ein kan kombinere moderne teknisk infrastruktur med omsyn til verneverdiane i ei bygning som er nær original. Løysingane er gjennomførte med stor vekt på diskresjon og minimal påverknad, slik at autentisk sceneteknikk og historisk atmosfære blir bevart, samstundes som bygningen oppfyller dagens krav til funksjonalitet og drift.
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
ADRESSE
Teatergata 3, Halden
PROSJEKTET
Østfoldmuseene
KONTAKT
Østfoldmuseene
Utsyn frå scena, med oppgradert lysrigg med LED. Lysekrona frå 1851 hadde opphavleg gass som lyskjelde. Ho vart etter kvart oppgradert med elektrisk lys, som nå har LED-lyskjelder. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Den historiske sceneriggen er framleig i bruk. Vedlikehald og kontrollrutinar sikrar tryggleiken og funksjonaliteten. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Fredrikshalds Teater i Halden vart oppført i 1838 på initiativ frå «Det dramatiske selskap i Fredrikshald». Bygningen er landets einaste bevarte barokkteater og har vore i kontinuerleg bruk sidan oppføringa. Teateret vart reist som utmura bindingsverk, og i 1851 kom eit tilbygg i tømmer. Eksteriøret er utforma i empirestil, medan teaterrommet har barokkpreg. Arkitekt for bygningen var Balthazar Nicolay Garben.
Teateret har ein unik konstruksjon med skrått scenegolv og mange originale kulisser. Det skrå scenegolvet og oppbygginga av kulissene er typisk for rokokko- og barokkteatera. Fredrikshalds Teater skil seg frå liknande teater i Europa, som ofte var tilgjengelege berre for fyrstar og kongehus, medan Fredrikshalds Teater vart brukt av borgarane i byen. Bygningen rommar, i tillegg til scene og sal, to stover og ein ballsal. Inngangspartiet er eit tilbygg frå 1982. I perioden 1979-1982 gjekk bygningen gjennom ei større restaurering.
Gjennom historia har teateret vore ein sentral kulturarena i Halden. Lokale teatergrupper har sett opp framsyningar her, mellom anna Brageteateret som var fast inventar frå 1910. I dag blir teateret drive og eigd av stiftinga Halden historiske Samlinger, ei avdeling av Østfoldmuseene.
Høgtalarne er slanke og har fått same farge som veggen. På denne måten kan dei ha ei optimal plassering utan å forstyrre det historiske interiøret. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Fredrikshalds Teater er ei bygning i nær original stand, men med aktiv bruk til teaterframsyningar og konsertar. Dette skaper ei utfordring der ein må balansere omsynet til vern med krav til tryggleik og moderne funksjon. Bygningen har særleg behov for tekniske oppgraderingar som ikkje bryt med det historiske uttrykket. Det er òg gjort gode istandsettings– og for bygningen.
For å redusere slitasje og riggskadar er det installert eit fast, høgkvalitets lydanlegg med moderne teknologi som oppfyller profesjonelle krav til teater og konsert, og som alle produksjonar kan nytte. Dette gjer at ein slepp omfattande rigging med eige utstyr for kvar framsyning. Høgtalarane er spesialbestilt i same farge som veggen for å vere så diskret som mogleg og ikkje forstyrre det historiske interiøret.
Det elektriske anlegget er oppgradert, og det er montert LED-belysning. Dette tiltaket reduserer brannfaren og gir lågare energiforbruk, samstundes som det gir betre lysforhold for både publikum og aktørar.
Ventilasjonen er løyst med eit anlegg plassert i kjellaren. For å unngå store synlege inngrep er ventilasjonsristene med tilluft lagt i golvet i teatersalen, og avtrekk diskret integrert i himlinga. Denne løysinga sikrar betre inneklima utan å endre det arkitektoniske uttrykket.
Sceneriggen er framleis tradisjonell og basert på opphavleg teknikk med hampetau og manuell rigging. Gode vedlikehalds- og kontrollrutinar gjer at teateret står fram som autentisk også når det gjeld sceneteknikk, samstundes som at riggen er trygg å bruke. Dette er med på å bevare den historiske opplevinga for både aktørar og publikum.
Samla sett har ein valt tekniske løysingar som gjer anlegget funksjonelt, og som samstundes er tilpassa bygningen sitt særpreg. Tiltaka er gjennomførte med stor vekt på diskresjon og minimal påverknad på kulturminnet.
Tilluft i golvet og avtrekk i himling, båe diskret integrerte løysingar for ventilasjon. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Fastmontert, moderne lydanlegg reduserer riggskadar og gir profesjonell standard for alle framsyningar.
- Oppgradering av elektrisk anlegg og LED-belysning reduserer energiforbruk og fare for brann.
- Høgtalarar med slank utforming og same farge som veggen gjer at dei kan plasserast optimalt utan å forstyrre det visuelle.
- Ventilasjonsløysing med korte røyrføringar og diskret plasserte ventilar gir godt inneklima utan store inngrep.
- Tradisjonell scenerigg med hamptau blir vidareført gjennom gode vedlikehalds- og kontrollrutinar som sikrar autentisitet og tryggleik.




