Om prosjektet
Da det gamle, lafta huset måtte flyttast, såg dei nye eigarane at det var brukt ein fugemasse i sprekkane mellom stokkane for å få innsida av veggane slettare. Dei undersøkte denne massen, og fann ut at det måtte vera ei blanding av ei form for beinlim og sand, som var godt eigna for å måle over med linoljemåling. Dette vart difor det naturlege valet da veggane skulle settast i stand att.
VERNESTATUS
Ikke formelt vern
ADRESSE
Mellombygdveien 1315, Moen
PROSJEKTET
Siv Holmin og Roald Renmælmo (eigarar)
KONTAKT
Eigarane
Historikk
På garden Berglund i Målselv laut det gamle våningshuset vike plassen for eit nytt bustadhus. Naboane, som tilfeldigvis er tradisjonshandverkarar, fekk tilbod om å overta huset. Dei flytta det til staden dei bur, og satt det i stand som sitt nye bustadhus.
Huset i to etasjar er lafta, og vart bygd på Berglund truleg rundt 1894. På 1950-talet fekk huset utvendig panel og nye vindauge. Dei nye eigarane har ført attende ein del av løysingane i huset, slik som type vindauge.
Meddragsfuger frå start til slutt:
Utfordringar og løysing
Ved demontering og flytting av hus, kan det vera ei utfordring å ta vare på forskjellige spor og overflater. Dette krev gode undersøkingar og dokumentasjon på førehand, og forståing for korleis ting har vore utført.
Den vanlegaste måten å flytte lafta hus på, er å merke stokkane og demontere det, før ein bygger det opp att stokk for stokk på ny plassering. Det vart òg gjort her. Fleire av romma hadde rappa medragsfuger. Medragsfuger er ei rapping som blir fylt mot sprekken mellom stokkane i ein lafta vegg som ein har tenkt å måle, slik at veggflata blir slettare. Dessutan bidreg rappinga til å gjera veggen tettare. Samansettinga av rappinga i medragsfuger kan variere noko, men hovudingrediensane er typisk fin sand og ei form for lim. Som her i Målselv, og fleire andre stader, var det vanleg å koke lim av kuklauver til bruk i medragsfuger. Av praktiske grunnar valde eigarane her å bruke hornlim i pulverform, som vart løyst opp i vatn og varma opp, for å reparere fugene.
Ein del av fugene satt godt og følgde med stokkane når huset vart bygd opp att. Mange fuger vart likevel skada, og det var naudsynt å rappe desse på nytt. Eigarane laga ei blanding med 5 % tørt hornlimpulver i forhold til vassmengde, som så vart varma i vassbad til limet var oppløyst. Mengda sand må ein prøve ut og tilpasse, slik at blandinga blir fast men ikkje for smuldrete. For at ikkje blandinga skal stivne under arbeidet med fugene, må ho framleis haldast varm med vassbad.
Før påføring av rappinga, kan ein gjerne fukte treverket i medraga med 2-3 % lim i vatn. Til sjølve rappinga er det praktisk å ha sandblandinga på ei murskei som ein held under, og bruke ein gamaldags bordkniv (utan taggar, med rund tupp) til rappinga, og stryke utover så jamt som mogleg. Til slutt kan ein bruke ein godt oppvridd klut og dra over for å glatte over rappinga før limet stivnar. Rappinga herdar på eit par dagar, og ein kan måle over. Rappinga krympar lite, og kan difor også nyttast til å fylle større holrom.
Gamle fuger med litt sprekkar eller slitasje blir fine att med eitt strøk linoljemåling. Ny rapping kan trenge fleire strøk linoljemåling, i likskap med nytt treverk.
Veggane i dette rommet vart måla i sin heilskap. Eigaren har også laga nye dørar med handsmidde beslag og gamle handtak. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Rapping i medragsfuger av lim og sand fungerer godt i hop med treverk og linoljemåling.
- Blandinga er enkel å lage, og lett å arbeide med.
- Rappinga krympar lite, og kan difor også nyttast til å fylle større holrom.
- Denne tradisjonelle metoden er ein enkel måte å få slettare og tettare tømmerveggar.






