Istandsetting

Font og fargar løftar identiteten til dampskipsekspedisjonen

En toetasjes gul trebygning med røde dører og en rød salgsautomat utenfor, med skiltet Sæbø AS. Ekspedisjon.
Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Tiltaket viser korleis detaljar som tidstypisk typografi og fargesetting kan vere avgjerande for identiteten til eit kulturminne. Ved å kombinere dugnadsinnsats med fagleg kompetanse og historisk materialbruk har bygningen frå 1934 fått attende sitt opphavlege uttrykk.

VERNESTATUS
Del av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, Kommunalt listeført

ADRESSE
Øyragata 46, Sæbø

PROSJEKTET
Sæbø Dampskipekspedisjon Sti, Målarmeister Kjell Arne Årseth

KONTAKT
Sæbø Dampskipekspedisjon Sti

En gul bygning i to etasjer med røde kanter står ved vannkanten, med fjell og en klarblå himmel i bakgrunnen. Utenfor er det satt opp bord og stoler.
Siden av en trebygning med et vindu og teksten SÆBØ DS malt i rødt og gult på hvit bakgrunn.

Bygningen fekk attende det historiske preget da originalfargane kom på plass att. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren

Historikk

Sæbø var administrasjonssentrum i den tidlegare kommunen Hjørundfjord, som vart slegen saman med Ørsta i 1964. Kommunehuset vart oppført i 1934, saman med eit nytt kaihus som skulle tene som dampskipsekspedisjon. Bygningen har hatt mange funksjonar gjennom tidene, mellom anna som kommunehus, skule, bibliotek og lensmannskontor.

Som dampskipsekspedisjon er bygningen eit viktig kulturminne frå kyst- og kaikulturen, som har vore avgjerande for utviklinga av Sæbø som tettstad. Dampskipskaia var eit uttrykk for kor sterkt Hjørundfjorden var knytt til Ålesund i den perioden fjorden var den viktigaste ferdselsvegen.

Til bygningen er det òg knytt ei dramatisk hending like etter freden i 1945, då ein væpna konfrontasjon mellom tyske soldatar og lokale motstandsmenn enda med at lensmannen i Hjørundfjorden vart drepen i skotvekslinga.

I dag blir Sæbø Dampskipsekspedisjon driven av ei ideell stifting, og det er sporadiske aktivitetar som konsertar, pizzakveldar og utstillingar i bygningen. Han står som eit kulturminne om samferdsla frå den tida dampbåtane frakta varer og folk på Hjørundfjorden.

To tradisjonelle bygninger med uteservering står foran grønne fjell under en klarblå himmel. Nils Haugen og Sægrov Bilserspedisjon står det på skiltene.
Saman med handelsgarden Årsethuset, utgjer det tidlegare kommunehuset eit verdifullt kulturmiljø ved torget og kaia i Sæbø. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Bygningen stod i mange år til forfalls, før Ørsta kommune selde han til ein dugnadsgjeng som seinare etablerte ei stifting for å setta i stand og drifte huset. Stiftinga fekk tilskot frå fleire støtteordningar for å gjennomføre istandsettingsarbeidet.

Ein viktig del av istandsettingsarbeidet var å føre attende bygningen til original utsjånad, særleg når det kom til fargesetting. Fasadane hadde originalt ei horisontaldelt fargesetting, typisk for funksjonalismen, men hadde med åra vorte måla kvite. Dei karakteristiske, tidstypiske bokstavane var tekne vare på, men trengte oppfrisking.

Mykje av arbeidet vart utført på dugnad, men med kursing og rettleiing frå ein lokal målarmeister. Han utførte også det meir tekniske arbeidet med å rekonstruere bokstavane. Fasadane vart skrapa ned og vaska, men dette vart gjort varsamt der bokstavane var, for å bevare nok spor til å kunna rekonstruere dei. Det vart kitta med linoljekitt mellom panelborda for å få eit slett underlag for bokstavane, og kittfugene vart grunna før vidare målararbeid med linoljemåling. Før målararbeidet vart det gjort mindre reparasjonar på kledningen.

I samband med istandsettinga vart òg taket reparert, og den gamle skifertekkinga lagt attende.

Gjennom kombinasjon av dugnadsinnsats, fagleg rettleiing og økonomisk stønad har bygningen fått attende det opphavlege uttrykk sitt. Tiltaket har sikra både materialkvalitet og autentiske detaljar, og bygningen står i dag som eit levande kulturminne med ny bruk.

En liten by ligger ved kanten av et stille vann, omgitt av grønne fjell og en blå himmel med spredte hvite skyer.
Hjørundfjorden. I midten av bilde ligg den gamle dampskipsekspedisjonen i Sæbø. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Lokalt engasjement kombinert med fagkompetanse gir gode resultat.
  • Original fargesetting og detaljar kan rekonstruerast med rett kunnskap og varsam metode.
  • Linoljemåling og tradisjonelle materialar sikrar lang levetid og autentisitet.
  • Tilskotsordningar er avgjerande for å realisere større istandsettingsprosjekt.
  • Dugnad kan vere ein berekraftig ressurs når han blir kombinert med kursing.

Lignende eksempler