No blir Ystås klyngjetun freda

Det tradisjonelle klyngjetunet i Hardanger blir teke vare på for ettertida.

Flyfoto av en liten landsby med røde og hvite bygninger, omgitt av grønne åser, trær og fjell i det fjerne, nær en innsjø under en overskyet himmel.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Riksantikvaren har no formelt freda klyngjetunet på Ystås i Voss herad.

Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.

– Landbruket er ein viktig del av Noregs historie. Gjennom å freda Ystås, sikrar me at dette godt bevarte klyngjetunet blir teke vare på for generasjonane etter oss. Dette er ikkje berre ei freding for Voss herad og Vestland fylke, men for heile landet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Kulturlandskap med få moderne inngrep

Ystås har ei lang historie med busetjing, og hadde tre bruk.

I dag består tunet av 13 bygningar, som saman utgjer hovuddelen i tunstrukturen til dei opphavlege bruka. Ystås har i dag fire bruk med tre ulike privateigarar.

– Ystås ligg i eit vakkert kulturlandskap med få moderne inngrep. Det er eit svært godt bevart klyngjetun med stor tidsdjupn. Denne fredinga skal bevara Ystås som ei unik kjelde til kunnskap om klyngjetuna på Vestlandet, levesettet til bøndene og korleis det påverka både byningsmiljøet og omgivnadene, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Ystås er eit kulturhistorisk viktig døme på klyngjetuna på Vestlandet før utskiftinga og moderniseringa av jordbruket under det store hamskiftet på 1800-talet. Det er også eit godt døme på tuna til vestlandsbøndene, som viser mangesysleriet som var ein viktig del av levemåten i området, seier Geiran.

En klynge fargerike trehus ligger i en åsside omgitt av fjell og en innsjø under en delvis overskyet himmel.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Unik bygningsstruktur

Fredinga inkluderer hovudkonstruksjonane til bygningane, og både eksteriør, interiør og fast inventar. For enkelte bygningar er det berre delar av interiøret som er omfatta av fredinga.

I tillegg er det ei områdefreding for tunområdet med hagar med plantning, tre og stiar, og den næraste innmarka med det opne kulturlandskapet rundt tunet.

– Når Ystås no blir freda, blir eit særs verdifullt klyngetun i Vestland sikra varig vern. Det godt bevarte tunet fortel om levemåten i Vestland før det store hamskiftet og moderniseringa av jordbruket, og er forma gjennom fleire hundre års bruk, seier fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland.

– Eg vil rose og takke eigarane for at dei gjennom mange år gjort eit godt arbeid med å setje bygningane i stand. Det er eit viktig bidrag til å ta vare på den felles historia vår, sier Askeland.

Det store hamskiftet i Noreg endra og moderniserte mange gardar frå 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Vidare førte lova om utskifting frå 1857 med seg store endringar for klyngjetuna.

På Ystås vart ikkje utskiftinga gjennomført før på 1980-talet, og dermed vart tunet med bygningsstrukturen i stor grad bevart.

Tunet har også eit unikt mangfald i bygningstypar, og spesielt bustadhusa har stor kulturhistorisk verdi med fleire bevarte røykstover, glastover og lemstover.

Flyfoto av en landsby med spredte hus, låver og jordbruksland, omgitt av åser, skog og en innsjø i bakgrunnen.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Flyfoto av en landsby med flere røde og gule hus, låver og uthus omgitt av gressletter og grusveier.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Flyfoto av et landlig gårdstun med flere røde og gule bygninger, låver, fjøs og skur, og omkringliggende jorder gjennomskåret av en grusvei.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Et rustikt trehus med gressdekket tak ligger ved siden av en grusvei, omgitt av trær og flere gårdsbygninger i et landlig landskap.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Flere røde trehus ligger på et grønt gressområde med trær og et fjell i bakgrunnen under en delvis overskyet himmel.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Flyfoto av en landsby med flere hus, låver og uthus omgitt av gress og skogkledde åser.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
En liten klynge gårdsbygninger ligger i en gressbevokst åsside med en innsjø, skog og snødekte fjell i bakgrunnen under en delvis overskyet himmel.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Flyfoto av en liten landsby med flere trebygninger, omgitt av grønne åkrer og trær, gjennomskåret av en smal vei.
Unikt: Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Fakta: Kva blir freda?

Fredinga av byggverka inkluderer hovudkonstruksjonane til bygningane og følgjande:

  • Eksteriør: hovudelement som fasadar, materialbruk, overflater og overflatebehandling, i tillegg til bygningsdelar som vindauge, dører, gerikter og piper
  • Interiør: hovudelement som planløysing og rominndeling, materialbruk, overflater og overflatebehandling i tillegg til bygningsdelar som vindauge, dører, gerikter, listverk, piper og detaljar som skilt og dekor mv.
  • Fast inventar som del av det freda interiøret: til fast inventar reknar vi mellom anna veggfaste skap, hyller og eldstadar.

 Områdefredinga omfattar: 

  • Områdefredinga etter kulturminnelova § 19 omfattar tunområdet på gnr./bnr. 615/1, 615/3, 615/4 og 615/5, og den næraste innmarka kring tunet på gnr./bnr.  615/1 og 615/3.
  • Områdefredinga inkluderer hagar, trær, stiar, vegar og delar av innmarka. Innanfor området kan det finnes rester etter eldre plantar og trær som kan ha vitskapeleg interesse.
  • Fredningsår

    29.05.2026

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    Flere dateringer

  • Enkeltminne

    Bygning: Annen bygningsart

Fredningsdokumenter

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153