Om prosjektet
Domkyrkja i Molde hadde eit godt utgangspunkt for universell utforming ettersom det allereie fanst ein inngang med rampe. I dette prosjektet har installasjonen av ein løfteplattform gjort fleire areal i kyrkja tilgjengelege for alle. Det er dessutan gjort fleire andre, mindre tiltak for betre tilgjenge, samstundes som tiltaka er godt tilpassa kyrkja sitt opphavlege uttrykk.
VERNESTATUS
Fredet
ADRESSE
Kirkebakken 2, Molde
PROSJEKTET
Molde kirkelige fellesråd, Riksantikvaren, Arkitektene bbw, Norconsult og WSP.
KONTAKT
Molde kirkelige fellesråd
Nytt rekkverk: For å møre sikringskrav ble det etablert et nytt rekkverk på Arnebergtrappen. Håndløperen i smijern er hentet fra anlegget og skaper taktil gjenkjennbarhet for brukerne. Foto: Trond Isaksen
Klimadører: Heisen har utendige klimadører som underordner seg Arnebergs tydelige dørhierarki. Foto: Trond Isaksen
Historikk
Molde domkyrkje vart vigsla i 1957 og er ei langkyrkje med frittståande klokkestøpul. Kyrkja er oppført i kvitmåla betong etter teikningar av arkitekt Finn Bryn. Formspråket kombinerer gotiske og modernistiske trekk, og viser slik ei medviten kopling til den nygotiske trekyrkja som stod på staden før andre verdskrigen. Nord for koret ligg eit tilbygg med mellom anna kapell og kontor. Gavlen over hovudinngangen er smykka med ein fargerik mosaikk utført av Ørnulf Bast i Ravenna‑teknikk.
Kyrkjestaden i Molde har lange tradisjonar. Den fyrste kyrkja vart reist i 1662 og var ei korskyrkje i tømmer, plassert noko lenger inne på flata enn kyrkje som står i dag. Ho vart riven, og i 1842 vart ei liknande kyrkje bygd på same tomt. Denne kyrkja brann i 1885, og to år seinare stod ei ny trekyrkje i nygotisk stil ferdig, i tråd med datidas ideal.
Det var denne nygotiske trekyrkja frå 1887 som gjekk tapt då store delar av Molde sentrum brann etter tysk bombing i maidagane i 1940. Allereie kort tid etter øydeleggingane vart planlegginga av ei ny kyrkje sett i gang. I 1945 vart det lyst ut arkitektkonkurranse for den nye kyrkja, og Finn Bryn vart kåra som vinnar.
Den nye kyrkja stod ferdig og vart vigsla i 1957. Fyrst i 1983 fekk ho status som domkyrkje, og er i dag hovudkyrkje i Møre bispedøme.
Utfordringar og løysing
Kyrkja hadde frå før ein universelt utforma sideinngang og toalett. Slik sett har sjølve kyrkjerommet lenge vore tilgjengeleg for alle. Med dette prosjektet ønskte ein å også gjera kjellaretasjen med kyrkjelydssal, garderobar og fleire toalett tilgjengeleg.
Ein løfteplattform er mindre omfattande å installere og krev mindre plass enn ein vanleg heis, og vart løysinga ein valde her. For å gjera minst mogleg inngrep i den opphavlege konstruksjonen var det ikkje ønskeleg å ta hol i golvet. Difor vart løfteplattformen lagt inn i veggen mellom våpenhuset og det eine trapperommet, og sjølve sjakta plassert i trappeauget.
For å plassere heisdøra vart det naudsynt å flytte på den eksisterande døra inn til trapperommet. Denne døra fører nå direkte til kjellartrappa. Det vart laga ein kopi av den opphavlege døra for å koma til trappa opp til galleriet. Heisdøra vart kledd med eikefiner for å harmonere med tredørene.
Ved Molde domkyrkje hadde ein eit godt utgangspunkt ettersom ein allereie hadde ein universelt utforma inngang. Ved å leite etter handlingsrom som gjer minst mogleg inngrep i dei opphavlege konstruksjonane har ein oppnådd å gjera meir av areala tilgjengelege for alle. Med mindre tilpassingar er dei nye tiltaka godt harmonerte med dei opphavlege elementa.
Molde domkirke tronar over rådhuset, med den karakteristiske støpulen. Foto: Anette Morvik Robberstad, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Løfteplattform tek mindre plass og er mindre omfattande å installere enn heis.
- Trappeauget var nytta for plassering av sjakt, for å unngå å ta hol i dekket.
- Heisdøra er tilpassa ved å kle ho i finer av same tresort som dei opphavlege dørene.
- Installasjonar som døropnarar er godt tilpassa ved at ein har lagt omsut i å velja eiga produkt, ikkje fyrste og beste hyllevare.
- Kontrast mellom til dømes vegg og handløpar skal vera tilstrekkeleg, men kan framleis få ei dempa fargetone.




