Om prosjektet
Ved Ytre Rendal kyrkje gjorde omfattande ròteskadar inn mot krossmidten av kyrkja mellom anna at takryttaren var ute av lodd. Her hang fleire forskjellege skadar saman, og kravde handverk på høgt nivå innanfor fleire fag for å reparere skadane. Resultatet vart løysingar som kanskje er meir haldbare enn nokon gong, samstundes som kulturminneverdiane er svært godt tekne vare på.
VERNESTATUS
Listeført kirke
ADRESSE
Kjerkeveien 30, Rendalen
PROSJEKTET
Rendalen kirkelige fellesråd, Sømåen Tradisjonshandverk, tømrer Svein Arild Bakken, blikkenslager Ivar Gynnild, Slettens Vøling, Malermester Gregersen, Malermester Jan Larsen, Alvdal Skurlag
KONTAKT
Rendalen kirkelige fellesråd
Ytre Rendal kyrkje er ei lafta krosskyrkje i tømmer frå 1751. Her frå 2025 og tidleg på 1900-talet. Foto: Henning Søndmør og Carl Gustav Normann.
Historikk
Ytre Rendal kyrkje er ei lafta krosskyrkje i tømmer, innvigd i 1751. Kyrkja høyrer til den store gruppa av krossforma tømmerkyrkjer som vart reist på 1700-talet, og er ein typisk representant for barokk kyrkjearkitektur i Noreg. Av dei om lag 130 kyrkjene frå 1700-talet som framleis står, er over halvparten krossforma tømmerkyrkjer. Bakgrunnen for denne kyrkjebygginga må sest i samanheng med samfunnsutviklinga på 1700-talet. Auka levealder og folkevekst førte til behov for fleire og større kyrkjer, og i løpet av hundreåret vart det reist over 300 nye kyrkjer i landet. Dei fleste erstatta eldre stavkyrkjer som var forfalne eller for små til å tene soknet. Om lag 50 meter nord for dagens Ytre Rendal kyrkje ligg ein mellomalderkyrkjegard, og det er truleg at det har stått ei stavkyrkje på staden tidlegare.
Kyrkja ligg i eit ope jordbrukslandskap i den flate dalbotnen i Ytre Rendal, og ho har om lag 180 sitjeplassar. Over krossmidten er det ein takryttar. Utvendig er ho panela og måla raud. Tidlegare var heile kyrkja tekt med spontak. I dag er det berre takryttaren som framleis er tekt med tjørebreidd spon, medan sjølve kyrkjebygningen er tekt med skifer.
Råteskadar:
Utfordringar og løysing
Utgangspunktet for istandsettinga var store sopp- og ròteskadar i tømmerveggane inn mot den sørvestre krossmidten grunna lekkasjar frå takrennene over lengre tid. Dette førte mellom anna til setningsskadar og at takryttaren kom ut av lodd. Kyrkja har karnissrenner, altså takrenner kassa inn i gesimsen, i tillegg til panel utanpå tømmerveggane. Dette gjer at lekkasjar ikkje blir oppdaga så lett.
Ei utfordring i sjølve arbeidet med å skifte ut tømmer var å halde vekta av veggane og ikkje minst takryttaren oppe i prosessen. Det vart difor bygd ein løftebukk inne i kyrkjerommet for å avlaste veggane mellombels. Etter reparasjonar i dei øvre veggpartia, vart dette området brukt som løftepunkt for å frigjera og reparere tømmeret lengre ned i veggane, og fire jekkar med til saman 80 tonns kapasitet vart brukt. Veggen vart løfta om lag 7 cm opp, som gjorde at takryttaren retta seg og kom i lodd att. For å ha kontroll på opprettinga vart det brukt laserlinje inne i takryttaren, og sikteliner utifrå siktepunkt ute.
Golvet vart opna for å kontrollere om det var ròteskadar i bjelkelaget, og for å få eit godt fundament til løftebukken. Bjelkelaget var i orden, men når golvet likevel var opna, vart glasfiberisolasjon skifta ut med trefiber, som toler fuktsvingingar betre.
Ein del utvendig panel, vindskier og andre detaljar hadde òg ròteskadar, og vart skifta ut etter istandsetting av laftekassa. Vindauga, som uansett måtte takast ut i samband med jekkinga, vart òg restaurerte.
Løftebukk og jekking:
Takrenneinnkassinga kring heile kyrkja hadde store fukt- og ròteskadar, og det meste laut skiftast ut. Nye gesimskasser vart laga med lufting, slik at eventuelle lekkasjar kan tørke opp fortare. Alt av takrenner og nedløypsrøyr vart laga nytt, ettersom det var både korrosjonshol og skadar i mange av skøytane. På utsette stader vart beslag og i renner måla for å redusere korrosjon og forlenge levetid.
Etter istandsettinga vart kyrkja måla utvendig og takryttaren tjørebreidd. Innvendig vart det nye tømmeret måla for å passe i hop med det eksisterande.
Prosjektet syner korleis ein med handverk på høgt nivå kombinert med innovative metodar kan reparere komplekse skadar, med solide løysingar som gir haldbarheit i lang tid. Kombinert med stor medvit kring det å skifte ut minst mogleg, blir kulturminneverdiane svært godt tekne vare på.
Resultat:
Læringspunkter
- Omfattande ròteskadar i tømmerveggar som ikkje kan takast heilt ned, krev erfaring og god kunnskap om etablering av jekkepunkt og kontroll på sjølve jekkeprosessen.
- Godt handverk og materialforståing er avgjerande for varige løysingar når ein skal reparere omfattande skadar.
- I eit omfattande prosjekt som dette, som grip inn i mange forskjellege bygningselement, krev det god oversikt, forståing for samanhengar, og koordinering mellom ulike handverksfag.
















