Om prosjektet
Dette eksempelet viser korleis nye funksjonar kan få plass i ei historisk kyrkje utan å endre bygningen sitt ytre uttrykk. Ved å ta i bruk ei eksisterande nisje under galleriet har Førde kyrkje fått eit tekjøkken som støttar vidare bruk av kyrkja, samstundes som tiltaket er diskret plassert og tilpassa kyrkjerommet.
VERNESTATUS
Listeført kirke
ADRESSE
Kyrkjevegen 12, Førde
PROSJEKTET
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, ARKI arkitektar AS, Espeseth Bygg AS
KONTAKT
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Historikk
Den fyrste kyrkja i Førde var truleg ei stavkyrkje. Ho stod fram til kring 1620–25, da det vart bygd til eit nytt skip i tømmer, medan den eldre kyrkjebygninga framleis stod. I 1838 vart stavkyrkja erstatta av ei lita langkyrkje i tømmer. Denne bygningen vart riven i 1885 for å gi plass til det som er Førde kyrkje i dag. Samtlege kyrkjer har stått på same staden. Dagens Førde kyrkje er ei lafta langkyrkje, teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan, og har 475 sitjeplassar.
Utfordringar og løysing
Før tiltaket mangla Førde kyrkje fasilitetar for enkel servering ved arrangement og samlingar. Eit tilbygg vart vurdert, men det vart raskt gått bort ifrå ei slik løysing fordi kyrkja har ei fullenda og symmetrisk form der nye volum ville gripe inn i heilskapen. Løysinga vart i staden å ta utgangspunkt i handlingsrommet inne i kyrkjerommet.
Under galleriet fanst det frå før ei nisje som kunne omdisponerast. Denne vart nytta til å etablere eit tekjøkken, utan inngrep i berande konstruksjonar eller hovudrommet. For å skjerme kjøkkenkroken under kyrkjelege handlingar vart det montert skyvedører framfor nisja. Dørene har farge henta frå kyrkjerommet elles, slik at tekjøkkenet ikkje forstyrrar opplevinga av rommet når det ikkje er i bruk.
Ved å tillate små og godt tilpassa grep i mindre synlege område, som under galleri, har ein kunna dekkje nye funksjonelle behov utan å utløyse krav om nybygg eller tilbygg. Tiltaket viser korleis diskrete interne løysingar kan bidra til vidare bruk av historiske kyrkjebygningar med minimal påverknad på dei kulturhistoriske verdiane.
Læringspunkt
- Ein del funksjonelle behov i historiske kyrkjebygningar kan løysast utan tilbygg og nybygg ved å nytte areal som ikkje er mykje brukt, eller mindre synlege område i kyrkjerommet.
- Skjerming med skyvedører gjer det mogleg å kombinere nye bruksfunksjonar med kyrkja sitt primære, liturgiske rom.
- Fargesetting henta frå eksisterande kyrkjerom bidreg til at nye tiltak opplevast som rolege og godt integrerte.




