Energieffektivisering

Verdig varmepumpeløysing for Valle kirke

Interiøret i en trekirke med blågrønne kirkebenker, en lysekrone, en balkong, et stort maleri på veggen og en rød teppe i midtgangen som fører frem til alteret.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Valle kirke ligg ope til i kulturlandskapet ved Audna og er tett knytt til kyrkjegardsmiljøet rundt. Installering av varmepumpe kravde ei løysing som tok omsyn til både kyrkjebygningen og omgjevnadene, utan at tekniske installasjonar fekk eit dominerande uttrykk. Dette eksempelet viser korleis plassering av utedel med avstand til fasadane, nedgravne røyr og samling av tekniske element kan redusere visuell påverknad. Samstundes er innedelane løyste på ein måte som tek vare på kyrkjerommet sitt uttrykk, gjennom skjult plassering og tilpassing til omkringliggjande overflater.

VERNESTATUS
Listeført kirke

ADRESSE
Peder Claussøns vei 1, Sør-audnedal

PROSJEKTET
Lindesnes kirkelige fellesråd, Statsforvalteren i Agder, Riksantikvaren, Enøk Total AS

KONTAKT
Lindesnes kirkelige fellesråd

Interiøret i en trekirke med malte kirkebenker, en trapp opp til et øvre galleri, et stort vindu og dobbeltdører ved utgangen. Lysarmaturer lyser opp rommet.
Trebjelker krysser hverandre under en trapp i et rustikt interiør med tømmervegger. Et klimaanlegg er delvis synlig bak en av bjelkene.

Innedelane er plasserte under trapper opp til galleria, og er måla i farge som liknar tømmerveggane. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Mellomalderkyrkja i Valle var truleg ei stavkyrkje. Ho vart erstatta av ei lafta kyrkje bygd i 1577. Denne kyrkja skal ha stått heilt nord på den noverande kyrkjegarden, og det er sannsynleg at også mellomalderkyrkja stod på same tuftstad.

Kring 1680 vart kyrkja bygd om med tverrskip og fekk da korsforma grunnplan. Denne kyrkja vart riven i 1793, etter at den noverande Valle kyrkje stod ferdig om lag 60 meter lenger sør. Også denne vart lafta og utforma med korsforma grunnplan og vesttårn. Elva Audna er seglbar frå fjorden og opp til Valle. Frå gamalt har det vore ein liten kaifront ved elva vest for kyrkjegarden, tett knytt til hovudinngangen til kyrkja.

En hvit trekirke med rødt tak står ved en svingete grusvei, omgitt av en grønn plen og gravsteiner, med trær og åser i bakgrunnen under en overskyet himmel.
Utedelen har fått ei diskret innkassing, og er plassert saman med brannslangeskåpet nokre meter unna kyrkja.

Utfordringar og løysing

Varmepumpe vart vurdert som eit eigna og energieffektivt oppvarmingstiltak i Valle kyrkje, ettersom kyrkja er relativt stor og i regelmessig bruk. Hovudutfordringa låg i plassering og utforming av dei tekniske installasjonane, både ute og inne. Kyrkja ligg i eit ope kyrkjegardsmiljø med høg kulturhistorisk verdi, og det var eit klart mål å unngå inngrep som kunne svekkje opplevinga av kyrkja eller landskapet rundt. Samstundes måtte løysinga vere teknisk robust. Som ved Mandal kyrkje, vart det her òg brukt ein 1:1-modell i form av ei innkassing for utedel for å bestemme plassering.

Det vart valt ei løysing med ein utedel plassert frittståande aust for kyrkja, med god avstand til kyrkjefasadane. Røyra mellom utedel og kyrkja vart gravne ned i grunnen, slik at dei ikkje er synlege. Utedelen vart samla saman med eit brannslangeskåp, for å redusere den samla visuelle påverknaden. Ved å konsentrere tekniske element på eitt avgrensa område, vart inngrepet meir ryddig og mindre dominerande i kyrkjegardsmiljøet. Ein annan fordel med frittståande utedel er at ein unngår kondensvatn og ising inn mot ytterveggen. Avstanden mellom utedel og innedelane er drygt 20 meter, som er i overkant av det som er tilrådd for å ikkje få redusert effekt. Det vart likevel vurdert at ein kunne akseptere dette for å ikkje få for stor negativ verknad på kyrkjegardsmiljøet.

Inne i kyrkja vart dei to innedelane plasserte under trappeavsatsar opp til galleria. Denne plasseringa gjer dei lite synlege i kyrkjerommet slik at dei ikkje forstyrrar siktlinjer. For å dempe uttrykket enda meir vart innedelane og røyrkanalane måla i same tone som tømmerveggane rundt, slik at dei i stor grad går i eitt med det eksisterande interiøret.

Løysinga i Valle kyrkje viser korleis eit moderne teknisk tiltak kan gjennomførast med stort omsyn til både bygning og omgjevnader. Sjølv om tiltaket i seg sjølv er relativt enkelt, har grundige vurderingar av plassering, samordning og utforming ført til ei diskret og varig løysing som betrar kyrkja si vidare bruk utan å gå på kostnad av dei kulturhistoriske verdiane.

Luftfoto av en kirke med rødt tak midt på en kirkegård, omgitt av trær, en vei og parkerte biler nær et vann.
Det vart valt ei løysing med ein utedel plassert frittståande aust for kyrkja, bak koret, med god avstand til kyrkjefasadane. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Også enkle energitiltak som varmepumpe krev grundige vurderingar i verneverdige bygningar, særleg når tiltaket påverkar fasadar og omgjevnader.
  • Bruk av 1:1‑modell var eit effektivt verktøy for å vurdere plassering og redusere visuelle og praktiske konfliktar tidleg i prosessen.
  • Å grave ned røyr gjorde frittståande plassering mogleg.
  • Varmepumper kan ha god effekt sjølv med overraskande lang avstand mellom ute- og innedel.
  • Frittståande utedel vart plassert saman med annan teknisk installasjon, for å redusere samla visuell påverknad.
  • Diskrete plasseringar og tilpassing av innedelar, mellom anna gjennom fargesetting, reduserte påverknaden av tiltaket i det historiske interiøret.
  • Godt samarbeid mellom fleire forvaltingsnivå var avgjerande for ei god løysing.

Lignende eksempler