Energieffektivisering

Utedel ute av bildet

En stor, hvit trekirke med klokketårn, omgitt av en kirkegård med gravsteiner og grønne plener under en overskyet himmel.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Dette eksempelet viser korleis energieffektivisering kan gjennomførast på ein god måte i ein stor og verneverdig kyrkjebygning. Tiltaket tek utgangspunkt i eit reelt behov for meir effektiv og stabil oppvarming, og viser korleis tekniske installasjonar kan tilpassast både bygningen og omgjevnadene gjennom grundige vurderingar og tverrfagleg samarbeid. Bruk av 1:1-modell og nedgraving av røyr mellom ute- og innedel var avgjerande grep for å koma fram til ei god løysing.

VERNESTATUS
Listeført kirke

ADRESSE
Kirkebakken, Mandal

PROSJEKTET
Lindesnes kirkelige fellesråd, Statsforvalteren i Agder, Riksantikvaren, Enøk Total AS

KONTAKT
Lindesnes kirkelige fellesråd

En hvit trekirke med et firkantet klokketårn, omgitt av en kirkegård med rekker av gravsteiner, beliggende på en gressplen med trær under en overskyet himmel.
En hvit trebygning med store vinduer, en liten trapp og et tre foran. En grusvei fører forbi gravsteiner og grønne områder langs bygningen.

Den eine utedelen vart plassert på sida av servicebygget, og fekk innkassing i same farge som veggen. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Den andre utedelen vart plassert bak eit rekkverk, og fekk ei matt mørk innkassing. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Mandal kyrkje vart bygd i 1812 og er teikna av arkitekt Jørgen Gerhard Løser. Kyrkja er utforma som ei langkyrkje og er oppført i utmura bindingsverk, med pussa veggar innvendig og liggjande panel utvendig. Ho har om lag 1000 sitjeplassar og er den største trekyrkja i Noreg. Mandal kyrkje markerer eit viktig gjennombrot for salkyrkja i empirestil som kyrkjetype i Noreg.

Fyrst stod det ei mellomalderkyrkje i stein rundt 200 meter sørvest for der kyrkja står i dag. Denne kyrkja gjekk tapt i bybrannen i Mandal i 1810. Den noverande kyrkja vart reist kort tid etter, og plasseringa litt utanfor det tettbygde byområdet var eit medvite val for å førebygge brann.

En trebenk står ved siden av et beige veggmontert radiatordeksel og et rødt teppe på et mørkt gulv i et hjørne av rommet.
Utsikt over et kirkeinteriør med trebenker, en prekestol, røde tepper, en stor søyle og en lysestake ved siden av en grå dør og en ovn.

Innedelane vart plasserte mest mogleg diskret, lågt i rommet, for å avgrense synlegheit i kyrkjerommet. Dei vart også måla i same farge som brystningen.  Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Varmepumpe er eit enkelt og effektivt energitiltak, eigna for ei stor kyrkje i jamleg bruk som Mandal. Hovudutfordringa låg i plasseringa av anlegget. Det var eit tydeleg mål å unngå inngrep som kunne forstyrre kyrkja sitt arkitektoniske uttrykk, særleg ved plassering av utedel nær fasadane. Samstundes som det skulle takast omsyn til kyrkja si vernestatus og omgjevnadene rundt, måtte også anlegget fungere teknisk.

For å finne ei god løysing vart det laga ein 1:1‑modell av innkassing for utedelen, som vart flytta rundt for å vurdere ulike plasseringar i praksis. Kyrkja er stor, og krev to utedelar, helst i kvar ende, for å få tilstrekkeleg kapasitet. Ein kan ha opp til 15 meter avstand mellom utedel og innedel utan at effekten blir vesentleg redusert.

Løsyinga vart å grave ned røyr mellom utedelen og kyrkja for å få visuell avstand mellom utedelen og fasadane. Den eine utedelen vart plassert mellom rekkverket til inngangsrampa og ein busk. Denne utedelen fekk ei matt mørk, diskret innkassing. To andre utedelar vart plasserte på ein tilliggjande sekundær bygning bak koret. Her vart innkassingane måla i same farge som veggen.

Desse plasseringane reduserer den visuelle påverknaden på kyrkjebygningen og tek omsyn til både kyrkjegardsmiljøet og nærliggande gravplassar. Prosessen kravde avklaringar mellom fleire ansvarsnivå, mellom anna bispedømet, statsforvaltaren, Riksantikvaren og fylkeskommunen. Slike samarbeid byggjast best på god kommunikasjon, rolleforståing og tilstrekkeleg tid i planlegginga.

Innedelane vart plasserte mest mogleg diskret, lågt i rommet, for å avgrense synlegheit i kyrkjerommet. Dei vart fargesett i same farge som veggen rundt, slik at installasjonen i størst mogleg grad går i eitt med interiøret.

Tiltaket innebar omfattande vurderingar og grep samanlikna med sjølve tiltaket, men har resultert i ei godt tilpassa og varig løysing. På denne måten har kyrkja fått ei effektiv oppvarmingsskjelde utan store inngrep.

Luftfoto av en kystby med en hvit kirke, en kirkegård, hus med røde tak, trær, veier og vann under en overskyet himmel.
Mandal kyrkje. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Også enkle energitiltak som varmepumpe krev grundige vurderingar i verneverdige bygningar, særleg når tiltaket påverkar fasadar og omgjevnader.
  • Bruk av 1:1‑modell var eit effektivt verktøy for å vurdere plassering og redusere visuelle og praktiske konfliktar tidleg i prosessen.
  • Å grave ned røyr gjorde både frittståande plassering og plassering på tilliggjande bygning mogleg.
  • Diskrete plasseringar og tilpassing av innedelar, mellom anna gjennom fargesetting, reduserte påverknaden av tiltaket i det historiske interiøret.
  • Godt samarbeid mellom fleire forvaltingsnivå var avgjerande for ei god løysing.

Lignende eksempler