Om prosjektet
Dette prosjektet viser korleis ein kan gi nytt liv til ein viktig offentleg bygning gjennom varsam rehabilitering, ombruk og målretta tilføyingar. Den tidlegare sentralskulen frå 1955 er teken vare på som både arkitektonisk kulturminne og aktiv ressurs i lokalsamfunnet, samstundes som bygningen er tilpassa nye behov for kultur, idrett og undervisning. Med høg grad av ombruk av originale material, respekt for dei opphavlege arkitektoniske kvalitetane og omfattande energieffektivisering, står prosjektet fram som eit førebilete for berekraftig utvikling av kommunale bygningar med kulturhistorisk verdi.
VERNESTATUS
Regionalt listeført
ADRESSE
Skoleveien 10, Værøy
PROSJEKTET
NSW Arkitektur, Værøy kommune, Nordland fylkeskommune
FERDIGSTILT
2025
KONTAKT
NSW Arkitektur
I samband med utvendig istandsetting er fasadane etterisolerte. Vindaugsrammene er måla, og det er sett inn nye isolerglas. Foto: Einar Aslaksen, Pudder Agency
Historikk
Skulebygningen som vart reist i 1955, vart den nye sentralskulen i Værøy kommune. Han erstatta den gamle skulebygningen på Sørland frå kring 1900. Samstundes fekk elevar frå to grendeskular andre stader i kommunen også plass på den nye sentralskulen. Bygningen er teikna av arkitekt Tobias Ritzau frå Narvik, og representerer ein tidstypisk skulebygning og offentleg bygning frå denne tida. Ritzau var òg arkitekt for det freda anlegget Sortland rådhus og kino frå 1959, saman med Einar Karstad.
I 1967 vart skulen utvida med mellom anna svømmebasseng. Den gamle skulebygningen var knytt i hop med den nye, og låg som ei lang fløy mot nord. I 2006 vart denne bygningen riven, og ny skule bygd. Skulebygningen frå 1955 vart difor ståande utan bruk.
Svømmehallen er rehabilitert og dei opphavlege kvalitetane kjem godt fram. Foto: Einar Aslaksen, Pudder Agency
Utfordringar og løysing
Etter at ny skulebygning vart bygd i 2006, vart ikkje bygningen frå 1955 heldt godt ved like. Fleire initiativ bidrog til at skulebygningen likevel vart teken vare på, og i 2018 starta ei omfattande rehabilitering for å få bruk i bygningen att. Nordland fylkeskommune var tydeleg i si vurdering av dei arkitektoniske kvalitetane , og kommunen ønskja å ta vare på bygningen. I dette eksempelet får vi sjå korleis bygningen fekk eit løft gjennom omfattande ombygging, rehabilitering og tilbygg slik at han nå kan nyttast som kulturhus, idrettshall og møteplass.
Eit nytt mellombygg med bibliotek bind i hop den gamle og nye skulebygningen, og bidreg til å ramme inn og skjerme skulegarden mot nord. I tillegg er det bygd ein ny idrettshall som òg er knytt i hop med den gamle skulebygningen. På denne måten har kommunen nå fått samla fasilitetar for idrett, kultur og undervising, i omgjevnader som står fram som både framtidsretta og med historisk forankring.
Den gamle skulebygningen er i prinsippet brukt om att fullt og heilt. Heile bygningen er sett i stand, slik at ein stor del av originale material og bygningselement er brukt om att. Innanfor den eksisterande bygningen har svømmehallen vorte rehabilitert, og den gamle gymsalen med scene er sett i stand og tilpassa til kultursal for kommunen.
Heilt konkret har element som opphavlege lysarmaturar vorte rehabiliterte og tekne i bruk att der dei mangla, slik at det stemmer med dei originale arkitektteikningane. Det vart lagt ekstra innsats i å gi element i tre nytt liv. Det eksisterande tregolvet i den tidlegare gymsalen vart slipt, slik at det var verdig den nye bruken som kultursal. For å få fram dei opphavlege visuelle kvalitetane i dei bogna limtrekonstruksjonane utan å skade overflatene, vart desse skrapa og slipt manuelt for å fjerne måling og få treoverflatene fine att.
Samstundes er det etterisolert og gjort andre energieffektiviseringstiltak som har redusert oppvarmingskostnadene med 60-70%. Ytterveggane fekk utvendig eit sjikt med isolasjon og deretter pussa Leca-blokker, slik at veggflatene skulle få same uttrykk som dei opphavlege betongflatene. Taket vart òg etterisolert, før dei opphavlege skiferhellene vart lagt attende.
Gode arkitektoniske kvalitetar er tekne vare på, og komplettert med tilføyingar som gir samla, moderne fasilitetar for viktige delar av kommunen sitt tilbod. Prosjektet fekk Nordnorsk arkitekturpris i 2025 og vart tildelt den nasjonale verneprisen til Fortidsminneforeininga og stiftelsen UNI i 2026. I prosjektet var det eit godt samarbeid mellom arkitekt som prosjekterande, kommunen i planlegging og organisering av arbeidet, og med fylkeskommunen i avklaringar og rammer for prosjektet.
Både golv og limtrekonstruksjonar i den tidlegare gymsalen er slipt, slik at dei står fram som nye. Foto: Einar Aslaksen, Pudder Agency
Læringspunkt
- Med gjennomtenkte tilføyingar, kan ein komplettere funksjonane og skape ein sambruksarena for kommunen.
- I prosjektet er dei opphavlege kvalitetane reindyrka gjennom istandsetting og fjerning av nye tilføyingar.
- Massive bygningsdelar i tre, som heiltreparkett og limtrekonstruksjonar står fram som nye etter sliping.
- Etterisolering er gjort i samband med istandsetting av utvendige overflater.






