Ombruk

Frå kyrkjeskip til kajakkskrog

Trebearbeidingsverksted med båtrammer, verktøy, arbeidsbenker og en kano; naturlig lys fra store vinduer, tregulv og en mesanin med rekkverk og synlige oppbevaringsgjenstander.
Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Om prosjektet

Da nye Vestfossen kyrkje vart vigsla i 2010, stod kapellet frå 1863 utan funksjon. Kommunen, som eigde bygget, og ein lokal kajakkbyggjar, som trong verkstad, fann kvarandre. Verksemda var etablert frå før og trong større lokale, medan bygningen trong ein eigar som kunne sikre drift og vedlikehald over tid. Gjennom istandsetting, bruksendring og noko innvendig ombygging kunne ein ta vare på kulturminneverdiar samstundes som eigaren kunne aktivere bygningen ved å flytte verksemda si hit.

VERNESTATUS
Regulert til bevaring

ADRESSE
Fossgata 12, Vestfossen

PROSJEKTET
Eigar, Haugen / Zohar Arkitekter AS, RVS AS

FERDIGSTILT
2017

KONTAKT
Kajakkspesialisten AS

En liten hvit trekirke med et høyt tårn står bak et hvitt gjerde, omgitt av trær og gule villblomster under en klar blå himmel.
Utstillingsrom med tregulv, en båt utstilt på et stativ, informasjonstavler, høyt tak, balkong og naturlig lys fra vinduene.

Vestfossen kapell, og tilbygget med kyrkjelydssal som nå er bustad til høgre. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Eigaren bygger og held kurs i bygging av grønlandskajakkar og tradisjonelle kanoar. Inngangen til det tidlegare kyrkjerommet er under galleriet. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Historikk

Vestfossen kapell vart reist som bedehus for private middel i 1863, på grunn skilt ut frå garden Fossesholm i Vestfossen. Etter kvart kom det ønskje om gudstenester i Vestfossen, og det vart innvilga på vilkår av at bedehuset vart gjort om til kapell. Bygningen vart ombygd og vigsla som kapell i 1902. Same år fekk kapellet ei eldre altertavle frå Haug kyrkje.

Kapellet var opphavleg ein enkel bygning i éin etasje. Takryttaren over inngangen kom til kring 1920-talet. I 1960 vart det bygd til ein fløy i vinkel med kyrkjelydssal, kontor og andre rom, etter teikningar av arkitekt Rolf Adler. Seinare fekk kyrkjefløya nye vindauge.

Kommunen fekk skjenkt kyrkjetomt i Vestfossen alt i 1910, men planane om ny kyrkje drygde. Vestfossen vart eige sokn i 1997, og kapellet fungerte som soknekyrkje heilt fram til Vestfossen kyrkje vart vigsla 29. august 2010. Då vart altertavla, orgelet, døypefonten og kyrkjeklokka flytta over til den nye kyrkja.

Kyrkjerommet eigna seg godt til verkstad, med godt ljus og raus takhøgd. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Frå kyrkjeskip til kajakkskrog 4

Utfordringar og løysing

Da Vestfossen kyrkje vart vigsla i 2010, vart kapellet avvigsla og stod utan funksjon. Sidan det ikkje var knytte gravplassar til kapellet, var det enklare å opne for ny bruk av bygningen. Utfordringa var å finne ein ny bruk som var eigna for bygningen, og som kunne gi et grunnlag for framtidig drift og vedlikehald, samstundes som kulturhistoriske verdiar vart bevarte.

Den noverande eigaren var på jakt etter nye lokale for verksemda si knytt til kajakkbygging og kurs. I 2012 vart det etablert dialog med kommunen om mogleg eigarskifte og bruksendring, og planane vart presenterte på eit ope folkemøte. Den lokale forankringa og forståinga for prosjektet gjorde prosessen enklare.

Same år vart eigedomen regulert til næringsføremål. I åra som følgde vart bygningen sett i stand gjennom ein omfattande og gradvis prosess, mellom anna med stønad frå Kulturminnefondet. Arbeidet tok utgangspunkt i vern av dei utvendige kulturminneverdiane, kombinert med innvendige tilpassingar som gjorde bygningen funksjonell for ny bruk. Den gode dialogen med kommunen var viktig både i istandsetjinga og i arbeidet med bruksendringa. For innsatsen fekk eigaren Buskerud fylkeskommune sin bevaringspris i 2018.

Sjølve kyrkjerommet eigna seg godt til verkstad. Da kyrkjebenkane vart fjerna, fekk ein eit ope arbeidsrom med god takhøgd. Samstundes stilte Arbeidstilsynet krav om eit pauserom skjerma frå støv og støy. Dette vart løyst ved å bygge om koret til pauserom med kjøkkenkrok og langbord. Glasveggar gir kontakt med verkstaden, medan to vindauge mot elva gir rommet gode kvalitetar. Toalett og bad ligg i tilknyting til pauserommet.

Eigaren arbeider fulltid med kajakkbygging og kursverksemd, og driv i tillegg nettbutikk for padleutstyr. Tilpassinga av kapellet tok utgangspunkt i behova til denne etablerte verksemda, der både verkstad, kurslokale, lager og andre støttefunksjonar måtte få plass. For å støtte verksemda har loftet vorte bygd om til lager for nettbutikken, syrom for produksjon og vedlikehald av kajakkdukar og fotorom for produktfotografering.

I klokketårnet er det dessutan innreidd eit lite gjesterom. Den seinare tilbygde vinkelfløya med kyrkjelydssal, kontor og støttefunksjonar kunne relativt enkelt byggast om til bustad for eigaren. Eit viktig tiltak var å etablere brannskilje mellom bustaddelen og verkstaden.

Gjennom målretta istandsetjing og tilpassing har den tidlegare kyrkjebygningen fått ein ny og berekraftig funksjon, samstundes som viktige kulturhistoriske verdiar er tekne vare på.

Trebearbeidingsverksted med verktøy, arbeidsbenker, hyller og kanoer; en hvit kano står midt i forgrunnen, og kano-rammer av tre henger fra taket og veggen. Rommet er fylt av naturlig lys.
Et lite kjøkken med treskap, et langt trebord, stoler, benkplasser og en blå pendellampe. Kjøkkenapparater og kjøkkenutstyr ligger fremme på benkeplatene.

Bak i bildet ser ein pauserommet, med store glasflater mot verkstaden. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Pauserommet har romlege kvalitetar med vindauge mot elva, glas mot verkstaden og også her god takhøgde. Kjøkkeninnreiinga er også ombrukt, og tilpassa rommet. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Avvigsla kyrkjebygningar utan gravplass kan vere særleg eigna for ny bruk, fordi juridiske og praktiske omsyn ofte blir enklare å handtere.
  • Tidleg dialog mellom kommune, lokalsamfunn og andre interessentar kan bidra til god forankring og smidigare prosessar ved bruksendring.
  • Store og opne rom som kyrkjerom kan ofte tilpassast nye funksjonar med avgrensa inngrep, samstundes som viktige romkvalitetar blir tekne vare på.
  • Gradvis istandsetting over fleire år, med stønad frå Kulturminnefondet, gjorde eit omfattande arbeid gjennomførbart.

Opphavlege bygningsdelar og kvalitetar er tekne vare på, som trappa opp til galleriet. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Ved siden av en vegg med utstilte treski og langbuer står en trapp med et utsmykket rekkverk. Lys strømmer inn gjennom et vindu til høyre.

Lignende eksempler