Tilskuddsordninger
Tilskot til kulturmiljøkompetanse i kommunane (KIK)
Riksantikvaren tildeler tilskot frå statsbudsjettet til arbeidet mrd kulturmiljøkompetanse i kommunane. Målet er å styrkja kompetansen, og få betre oversikt over verneverdige kulturmiljø, kulturminne og landskap, i kommunane.
I tidlegare Stortingsmeldingar har det vore ei målsetting å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Eit av tiltaka for å få til dette var å få betre oversikt over verneverdige kulturmiljø i kommunane, og dermed redusere tapet av desse. Det blei lagt vekt på styrking av den kommunale kompetansen på kulturmiljøfeltet, og på kor viktig det er at kommunane skaffar seg oversikt over verneverdige kulturminne gjennom arbeidet med kulturmiljøplanar.
Vi arrangerar og fylkesvise kurs i kulturmiljøforvaltning for tilsette i kommunane. Kursa blir arrangerte i tett samarbeid mellom Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget.
Vidareføringa av Kulturmiljø i kommunane er eit viktig tiltak for å nå måla, der ei styrking av den kommunale kompetansen og fokus på utarbeiding og rullering av kulturmiljøplanar er sentrale oppgåver.
Gjennom dette arbeidet
- får innbyggarane ein moglegheit til å engasjere seg i sine lokale kulturmiljø, kulturminne og landskap
- blir politikarane oppmerksame på at ei god kulturmiljøforvaltning bidrar til berekraftig utvikling gjennom ei heilskapleg samfunnsplanlegging
- vil ei registrering og bevaring av mangfaldet av kulturmiljø kunne gjerast ved å utarbeide ein kulturmiljøplan for kommunane.
Hvem kan søkje midlar?
Kommuner, fylkeskommuner og Sametinget.
Prioriteringar for tilskot til kultumiljøkompetanse i 2026
Ordninga er under endring, og difor kjem utlysinga fyrst på nyåret i 2026. Har du spørsmål kan du kontakte oss hjå Riksantikvaren.
Trenger du bistand eller veiledning for å søke om tilskudd?
Kontakt Riksantikvaren på postmottak@ra.no dersom dere har spørsmål.
Forskriften for tilskuddsposten gir føringer for hvem som kan få tilskudd, hva du kan få tilskudd og hvor mye. Den gir også krav til søknad og rapportering.
Forskrift om tilskudd til verdiskaping på kulturmiljøområdet – Lovdata
Rettleiarar
Ein kulturmiljøplan gjev oversikt og kunnskap, og vil framleis vera eit viktig verktøy for å prioritera og sikra kulturmiljø i plan- og byggjesaksarbeidet i kommunen.
Det kan være fleire måtar å gå fram på for å lage ein kulturminneplan, sjå rettleiar her.
Ordningas historikk
I dag er ca. 96 % av alle kommunane i landet ferdige eller i gang med arbeidet med sin eigen kulturmiljøplan. For at kulturmiljø skal bidra til ein berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging, vart det i 2023 gjort ei dreiing mot endå meir kompetanse blant dei tilsette kommunane. Som dei næraste forvaltarane av kulturmiljøa, ber kommunane eit stort ansvar som planstyresmakt. Det er avgjerande at kommunetilsette har god kunnskap om forvaltning av kulturarven.
Styrka kunnskap
Kommunetilsette som arbeider med arealplanlegging, byggjesaksbehandling og kulturminne vil derfor i åra framover bli tilbodne eit todagarskurs i kulturmiljøforvaltning der både reisa og opphaldet blir dekt. I 2023 vart det gjennomført eit pilotprosjekt der det vart arrangert to kurs – eit for kommunane i Agder, og eit for kommunane i Innlandet. Kursa vart veldig godt mottekne og hadde stor oppslutning. I 2024 rulla me ut kurset for fire nye fylke; Finnmark, Rogaland, Buskerud og Nordland. I 2025 blir det arrangert kurs i Akershus, Vestfold, Troms og Østfold. I 2026 blir det arrangert kurs i dei siste fire fylka, Møre og Romsdal, Vestland, Trøndelag og Telemark.
Kursa er ei glimrande moglegheit til å fremja kulturmiljø, kulturminne og landskap i direkte dialog med kommunane.
Samarbeidet med fylkeskommunane og Sametinget om kursa er viktig for at kvart fylkesvise kurs får ei regional tilnærming. Kursa omfattar mellom anna innføring i ulike kulturmiljø i regionen, korleis ta omsyn til kulturmiljø i plan- og byggjesaker, kulturarven som ressurs, og klima- og energispørsmål.
Målet er at kursa skal gi saksbehandlarane i kommunane fagleg påfyll, eit styrkt fagleg nettverk og mykje inspirasjon til å forvalta eigne kulturmiljø, kulturminne og landskap på ein god måte.
Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) av kulturminne og kulturmiljø
10. januar 2025 la regjeringa fram totalberedskapsmeldinga «Førebudd på krise og krig» Meld. St. 9 (2024-25). Der kom det tydeleg fram at kulturarven skal ivaretakast når beredskapspolitikken i Noreg skal utviklast dei neste åra.
Kulturarven vår er ein ikkje-fornybar ressurs, men dessverre blir mange kulturmiljø øydelagde kvart år. Årsakene er mange og komplekse, men me veit at arealbrukendringar, hærverk og klimaendringar er viktige drivarar.
For å kunne jobba systematisk og heilskapleg med beredskap treng me kunnskap og oversikt over moglege farar og truslar. Risiko og sårbarheitsanalysar er eit av våre viktigaste reiskapar i dette arbeidet. Riksantikvaren har publisert ein ny nasjonal metoderettleiar for ROS-analysar, som beskriv trinn for trinn korleis ein ROS-analyse av eit kulturmiljø blir gjennomført. ROS-analysar er også viktige kunnskapsgrunnlag for god skjøtsel og forvaltning. Me tilrår at kommunane gjennomfører ROS-analysar med utgangspunkt i kulturmiljøplanane sine.