− Vi gratulerer Sveinung Rotevatn med utnemninga som ny klima- og miljøminister! Vi kjenner Rotevatn frå rolla som statssekretær i Klima- og miljødepartementet, og vi ser fram til å samarbeide med han som statsråd. Kulturarv er ein viktig ressurs i klima- og miljøarbeidet. Vi vil samtidig takke Ola Elvestuen for det gode samarbeidet, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Rotevatn har vore statssekretær i Klima- og miljødepartementet sidan 12. oktober 2018. Før det var han statssekretær i Justisdepartementet frå 17. januar 2018. Han var valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i perioden 2013–2017.