Under ei markering 28. februar vart Håkon Li takka av etter lang teneste for kyrkja i Lærdal og Fortidsminneforeningen.
Hovudstyremedlem Trude Knutzen Knagenhjelm overrekte Fortidsminneforeningen sin heidersnål til Håkon for sin innsats ved Borgund stavkyrkje gjennom meir enn 30 år.
![Håkon](https://riksantikvaren.no/content/uploads/2020/03/IMG_20200228_144220_resized_20200229_092506337-002.jpg)
Riksantikvaren og COWI helste til pensjonisten og takka for eit godt og verdifullt arbeid. Med ei skriftleg helsing frå riksantikvar Hanna Geiran fekk Håkon ei Schirmer-teikning av stavkyrkja på 1800-talet.
Frå Lærdal sokneråd og kyrkjeverja i Lærdal vart det overrekt blomar og gullklokke for lang og tru teneste.
![Borgund stavkyrkje med rimfrost](https://riksantikvaren.no/content/uploads/2020/03/borgund-med-rimfrost_håkon-li-scaled.jpg)