Handels- og gjestgjevarstaden Vågsberget i Vågsøy freda
Handels- og gjestgjevarstaden Vågsberget i Vågsøy, Sogn og Fjordane er freda
– Vi er glade for at Vågsberget no er freda for ettertida. Staden er ein framifrå representant for norsk kystkultur frå ei tid der sjøen var ein viktig handelsveg, seier riksantikvar Jørn Holme. – Vågsberget ligg i eit uforstyrra natur og kulturlandskapKulturlandskap: Alt landskap som er påvirket av mennesker. Betegnelsen brukes når det fokuseres på den menneskelige påvirkningen av landskapet, og særlig ofte om jordbrukslandskap. og er ein av dei best bevarte handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fortel Holme.
Vågsberget er ein særprega og intakt handels- og gjestgjevarstad som vart bygd opp kring slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet, med historie bakover til 1600-talet.
Fredinga omfattar sju bygningar, deriblant hovudbygningen, som er oppført i overgangen til 1800-tallet. Vågsberget var ein av dei viktigaste handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fordi den låg svært lagleg til ved dei rike fiskefelta kring Vågsvåg og Torskangerpollen.
Vågsberget har ei sterk historisk tilknyting til Bergen. I 1636 kom handelsborgar Didrik Fester frå Bergen til Vågsberget, for å drive gard og handel. Dette visast også i arkitekturen, da bruken av liggande panel i heile anleggetBetegnelsen brukes innen kulturminneforvaltningen om en gruppe bygninger med tilhørende areal, for eksempel gårdsanlegg, byanlegg eller fabrikkanlegg. Det brukes også om byggverk og konstruksjoner som ikke nødvendigvis inkluderer bygninger, for eksempel vei, bro, tunnel eller grøntanlegg. Når det gjelder arkeologiske kulturminner ligger anlegg ofte under markoverflaten. er karakteristisk for byggeskikken på Vestlandet som blei inspirert av bergenske byhus. Kystmuseet i Sogn og Fjordane har i dag ansvaret for drifta av eigedommen.
Opphavleg låg Vågsberget under garden Våge, men vart på 1700-talet skilt ut som eigen matrikkelgard. I sjøhusa på Vågsberget har det vore krambu og annen verksemd knytt til fiskeri og handel.
-
Fredningsår
09.09.2011
-
Region
Vestland
-
Eierskap
Privat
-
Datering
1700-1800 tallet
-
Enkeltminne
Bygning: Hovedbygning
