Fredar eigedommar i landbruksforvaltinga
Noregs eldste forsøksgard er blant dei 36 bygningane som no er freda av Riksantikvaren gjennom landsverneplan for landbrukssektoren.
– Desse stadene fortel om ein kunnskapsbasert landsbruksforvalting, som har vore og er grunnleggjande for utviklinga av norsk matproduksjon. Dette er ein viktig del av vår landbrukshistorie, seier riksantikvar Jørn Holme.
Veterinærinstituttet i Oslo, etablert 1891, var til dømes første skritt mot eit sjølvstendig, vitskapeleg basert veterinærvesen i Noreg. Forsøksgarden for fjellbygdene, som vart oppretta i 1918 og flytta til Løken i Øystre Slidre i 1922, er i dag den eldste forsøksgarden som framleis er i bruk. Sikkilsdalseter i Nord-Fron er ei fjellseter som kjent for sitt årlege hesteslepp, og er mykje besøkt av turistar.
Dei 36 bygningane som er freda i dag, er fordelt på desse anlegga:
Sikkilsdalen hesteavlsseter, Nord-Fron kommune
Staur gård, Stange kommune
Veterinærinstituttet, Oslo kommune
Bioforsk Øst, Løken, Øystre Slidre kommune
Bioforsk Nord, Tjøtta, Alstahaug kommune
Bioforsk Jord og Miljø, Svanhovd, Sør-Varanger kommune
Landsverneplanar
Gjennom prosjektet ”Statens kulturhistoriske eigedommar” utarbeider alle statlege sektorar landsverneplanar. Ein landsverneplan er ein oversikt over den enkelte sektorens verneverdige eigedommar og historikk, og dannar mellom anna grunnlaget for eventuelle fredingar. Eigedommane som vert freda blir valde ut av sektoren sjølv i samråd med Riksantikvaren. No er dei to første av Landbruks- og matdepartementets landsverneplanar ferdige. Den tredje og siste, landsverneplan for Statskog, er venta overlevert frå departementet i 2013.
Kart
-
Fredningsår
15.02.2013
-
Region
Innlandet
-
Eierskap
Offentlig
-
Datering
1800-1900 tallet
-
Enkeltminne
Bygning: Hovedbygning