Nyheter

Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2022?

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 1. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2022.

Publisert: 11. mars 2022 | Endret: 29. januar 2024

Eigarane av Møllstunet i Geiranger vant kulturminneprisen i 2021. Foto: Sigurd Neby, Willy Nikkers AS

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 50 000 kroner.

Nominasjon

Nominasjonsfristen er 1. juni 2022

Les meir om prisen og send inn kandidatar her.

Vinnarane av kulturminneprisen 2021

Tidlegare vinnarar av kulturminneprisen
2021: Eigarane av Møllstunet i Geiranger
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreningen Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegården v/eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skole og håndverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti

Spørsmål?

Ta kontakt med Gunvor Haustveit på e-post: gha@ra.no