Nyheter

Møt oss på Arendalsveka

På Arendalsveka tysdag 16. august held Riksantikvaren byvandring og paneldebatt om frivillig kulturvern. Velkomen!

Publisert: 11. august 2022 | Endret: 29. januar 2024

Arendalsveka brukar heile byen som møteplass.
Trefoldighetskirken i Arendal rager over bylandskapet, og utgjør et markant landemerke. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren

Bli med riksantikvar Hanna Geiran på ei spanande vandring gjennom Arendal, og finn kulturhistoriske skattar mellom stands, utescenar og folkemengder. Arendal har vore ein møteplass i 300 år, og under vandringa viser vi døme på god ny bruk av gamle bygg.
Oppmøte: Tysdag 16. august kl. 14:30 på EØS-midlane si stand, Tollbodgaten (standplass 109).

Kor mange likarklikk treng vi for å redde eit kulturminne?
Fortidsminneforeininga, DNT og Arkitekturopprøret deltek i paneldebatt om framtida for det frivillige kulturvernet. Riksantikvaren legg fram ei fersk undersøking om kven som engasjerer seg i kulturvern – og kven som ikkje gjer det, og vi presenterer vår nye frivilligstrategi.

Oppmøte: Tysdag 16. august kl. 16:00, på No9 CC Café.

Foredraget strømmast. Klikk her for å sjå på foredraget.