Borearbeidet vert utført av NorBor AS, og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) gjennomfører dei arkeologiske undersøkingane. Riksantikvaren vil vere i dialog med Bergen kommune og orientere om resultat undervegs og etter utførte undersøkingar. Dei arkeologiske undersøkingane vil vere i form av grunnboringar, og det er gjort eit utval av 22 borepunkt langs banetraséen frå Christies gate i sør til Sandbrogaten i nord.
I Riksantikvarens uttalelse til reguleringsplanforslaget som kom før jul, blei det stilt krav om å utføre ekstra grunnundersøkingar i sentrum, og Vestland fylkeskommune har reist motsegn til planforslaget med dette kravet. Difor gjerast dette arbeidet no.
Resultata skal gje auka kunnskap om omfang, djupne og tilstand til dei arkeologiske kulturlaga. Riksantikvaren kjem til å bruke resultata til å vurdere korleis tiltaka som er foreslått i reguleringsplanen vil kunne verke inn på kulturlaga, og om planforslaget bør justerast eller endrast for å ta vare på kulturminna.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153