Nyheter

Statsbudsjett 2024: Same nivå for kulturmiljø

Forslaget til statsbudsjett 2024 inneheld få større endringar for kulturmiljøsektoren, men i 2024 skal to nye bevaringsstrategiar starte opp.

Publisert: 6. oktober 2023 | Endret: 29. januar 2024

Fiskefartøy med mannskap om bord liggende på stille vann med dramatisk fjellside i bakgrunnen
Fiskefartøyene er med å fortelle en viktig del av historien om livet på norskekysten. Lyden av M/K «Faxsen»s originale motor fra 1939 er musikk i manges ører. Foto: Tuva Løkse, Riksantikvaren

– Med forslaget sett Regjeringa i gang to nye bevaringsstrategiar, seier riksantikvar Hanna Geiran. – I 2024 kjem strategiane Kystens kulturmiljø og Landbrukets kulturmiljø, og dette er eit spanande nybrottsarbeid som vi trur at næring, eigarar, forvaltning og frivillige vil ha stor nytte av.

Sjå forslaget til statsbudsjett frå Klima- og miljødepartementet.

Tilskotsordningane er prisjustert, slik at de fleste ordningane får ei auke samanlikna med 2023. Regjeringa stadfestar også at det er stor mangel på tradisjonshandverkarar.

– Dette er ei stor utfordring, seier Geiran. – Regjeringa skal også satse stort på yrkesopplæring med 1,2 milliardar, og vi håpar at også tradisjonshandverk vil få eit løft med dette. Vi er i startgropa for arbeid med ein ny handverksstrategi, fordi tilgang på gode handverkarar er naudsynt for kulturminna våre.

I tillegg er det gledeleg at Fortidsminneforeininga får 5 millionar til verdsarvsenter på Urnes. – Vi ser også fram til at Bane NOR skal få satt i stand Tinnosbana med øyremerking av 40 millionar, seier Geiran. Dette er viktig for verdsarvstaden Rjukan-Notodden.

Arbeidet med den store bevaringsstrategien for kyrkjene held fram, og Riksantikvaren, Kyrkjerådet og KA skal jobbe vidare med strategien i 2024. Som følgje av det nye Kyrkjefondet, vert tilskotsordninga for kyrkjer som Riksantikvaren har forvalta på vegne av Barne- og familiedepartementet avslutta, men det vil vere arbeid knytt til å betale ut dei tilskota som allereie er gitt og følgje opp arbeid med å setje desse kyrkjene i stand.