Nyheter

Er du klar for å søkja tilskot til fagutvikling i fartøyvernet?

No er tilskota for 2025 lyst ut.

Publisert: 29. august 2024

Bilder av fartøy på land i Vestervågen i Vardø.
Fartøy på land Bilder av fartøy på land i Vestervågen i Vardø. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Årets utlysning av tilskot finn du her: Tilskudd til fagutviklingsprosjekter i fartøyvernet – Riksantikvaren.

Formålet med tilskotsordninga er å ta vare på og føra vidare kunnskap om handverk knytt til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av verna og freda fartøy.

Ordninga skal også bidra til å skapa solide fagmiljø, gjennom å stimulera til samarbeid mellom dei nasjonale fartøyvernsentrane og andre aktørar.

– Tilskota skal bidra til at fagmiljø med relevant kunnskap og kompetanse får høve til å utvikla seg, seier Tor Kristian Torsvik, seniorrådgivar for kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren.

– Fartøyvernet representerer eit breitt spekter av fagområde og behovet for kunnskap er stort. Me treng meir kunnskap om alderen, byggjemetoden og tekniske kompleksiteten til fartøya. For å halda ved like verna og freda fartøy treng me også den nødvendige handverkskompetansen, seier Torsvik.

For Riksantikvaren er det også viktig med eit klimaperspektiv.

– Ambisjonane om klimavennleg skipsfart er aukande. Riksantikvaren vil førebu fartøyvernet på framtida, og oppmodar fagmiljøa til å utvikla prosjekt som aukar kunnskap om dei tekniske og antikvariske moglegheitsromma til verneflåten for klima- og miljøtiltak, seier Torsvik.

Kva slags prosjekt har fått tilskot tidlegare? Treng du tips og inspirasjon til kva du kan søkja om?

Her får du ein smakebit frå tre prosjekt som har fått tilskot tidlegare:

Innreiing i jakter og galeaser

Båtbyggarmuseet på Vestnes vil i 2024 samle handverkarar til ein workshop for å studere delar av innreiingar frå treskip bygde på 1800- talet, gjere undersøkingar og prøve ut hypoteser om korleis innreiinga i kaptein- og mannskapslugarar i slike fartøy ble laga.

Prosjektet om innreiing i jakter og galeasar er knytt opp mot rekonstruksjon av innreiinga i galeasen «Søblomsten» frå 1864, men representerer kunnskap som står heilt sentral i arbeidet med alle fartøy av denne typen i verneflåten. Det er i dag bevart svært få originale innreiingar og deler av innreiingar frå skip bygde på 1800-talet. Dei få som finst er difor viktige kjelder, som kan gje oss innsikt i arrangement, formgjeving, handverksteknikkar og verktøybruk på 1800-talet.

Workshopen samlar deltakarar frå fleire fagmiljø. Dei er alle fagfolk med lang erfaring på sine felt, og har i tillegg god kunnskap om både fartøyvernet og antikvarisk arbeid.

Prosjektet om innreiing av jakter og galeasar vil truleg også bidra med supplerande kunnskap til andre igangverande prosjekt.

Interiørbilde fra en lugar på bankskøyta Adella.
Lugar Interiørbilde fra en lugar på bankskøyta Adella. Foto: Hardanger Fartøyvernsenter

«Segl i naturfiber»

Flåten av fartøy i Noreg i siste halvdel av 1800-talet bestod for ein stor del av seglande fartøy, der segl var det primære framdriftsmiddelet. Segla var av naturfiber.

I løpet av det neste halve hundreåret, ved innføring av stempelmotor og etter kvart polyester som materiale i segl, vart behovet for seglmakarar monaleg redusert og kunnskapen om naturfiber i segl forsvann. Dei aller fleste av dagens verna seglfartøy er frå epoken der segl var i naturfiber.

Marius Borg avslutta i 2023 ein treårig stipendiatperiode ved Norsk håndverksinstitutt der han har sett nærare på føresetnadene for å kunna produsera segl av naturfiber vart undersøkt. Prosjektet «Segl i naturfiber» sest som ei vidareføring av ein allereie gjennomført og vellykka første del.

Prosjektet tek sikte på korleis kunnskapshola innan produksjon av segl i naturfiber kan tettast for å laga segl som er av ein god kvalitet og som er tilpassa dagens bruk. Kunnskapen om produksjon av segl av naturfiber vil vera ein heilt sentral for dei eldre seglfartøya i verneflåten. Likevel er denne kunnskapen enno ikkje sikra og dokumentert.

Dette prosjektet går over tre år, og er lagt opp som eit samarbeid med Hardanger fartøyvernsenter og Isegran Fartøyvern. Prosjektet samlar sentrale fagmiljø til utveksling og heving av viktig kunnskap. Produksjon av nye segl av naturfiber vil forsyna verneflåten med tidsrette «slitedelar». Moglegheita til å erstatta segl av kunstfiber med segl av naturfiber er også interessant i eit miljøperspektiv. Prosjektet passar også godt som forlenging av og tillegg til Hardanger *fartøyvernsenters mangeårige arbeid med innsamling av kunnskap om seglrigg.

Jakter under seil
Jakter under seil Gamle seilbåter på vannet utenfor Ålesund. Foto: Axel Theodor Lindahl (1841-1906)

Istandsetjing, vedlikehald og drift av motorar

Veteranlaget Wichmann Wärtsilä held kurs i sikring, istandsetjing, vedlikehald og drift av motorar og er eit viktig bidrag til kompetanseheving hjå eigarar av fartøy som er freda eller har status som verna skip.

Kursa har fokus på konservering, overhaling, oppstart og drift. I tillegg til kompetansehevinga er kursa særs gunstig for rekrutteringa av nye personar til fremtidig drift og vedlikehald av maskina i dei verna og freda fartøya.

Veteranlaget Wichmann Wärtsilä har, med unntak av åra 2020-21 (grunna covid) og 2023, halde årlege kurs om skipsmaskiner frå 2017 til 2022.

Veteranlaget består av personar med svært god kompetanse og lang erfaring med motorar, noko Riksantikvaren ser som naudsynt for å gjennomføre prosjektet. Tidlegare gjennomførte kurs har vore godt besøkte og vert av deltakarane skildra som vellukka og viktige.

Vern gjennom bruk krev god innsikt i drift og pleie av framdriftsmaskineriet i fartøya. I tillegg framstår kurset og som nyttig i eit miljøperspektiv, då godt vedlikehaldne og innstilte maskiner gjev reduserte utslepp.

Bilde av motoren på fartøyet LHGZ «Selbjørn» da den var bilferge med navnet «Ropeid».
Vedlikehold Veteranlaget Wichmann Wärtsilä held kurs i sikring, istandsetjing, vedlikehald og drift av motorar - som denne på fartøyet LHGZ «Selbjørn». Foto: Tor K. Torsvik, Riksantikvaren

Korleis sender eg søknad om tilskot?  

Søknad om tilskot skal sendast skriftleg til Riksantikvaren:

postmottak@ra.no eller Riksantikvaren, Postboks 1483 Vika, 0116 Oslo

Søknadsfrist er 1. november 2024. 

Elles informasjon om tilskotsordninga og generelle krav til søknaden, sjå tilskuddsforskrifta. 

Har dere spørsmål?

Riksantikvarens kontaktpersonar er Anke Loska (tlf 982 02 792, alo@ra.no) og Tor Kristian Torsvik (tlf. 930 51 504, tokto@ra.no).