Nyheter

– Vi må hindre tap av kulturarv

Riksantikvaren ønskjer auka beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturminne, kulturmiljø og landskap. No er ein ny nasjonal rettleiar på feltet klar.

Publisert: 26. februar 2025 | Endret: 27. februar 2025

– Vi må hindre tap av kulturarv 1
– Konsekvensar av klimaendringar, krig og væpna konflikt kjem stadig nærare, og vi må vere førebudd på at Noreg også kan verte ramma, seier Geiran. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i den nasjonale beredskapen. Det bøtar vi på no, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Målsettinga er å minske øydelegging og å hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar som naturkatastrofar eller samfunnskrisar, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Rettleiaren er laga i tett samarbeid med fleire kommunar i ulike delar av landet. Sunndal, Lillehammer, Lom og Skjåk, og Oslo har bidratt i arbeidet med å teste den ut . Den er testa i fleire ulike typar kulturmiljø, blant anna i freda bygnadsmiljø, vassvegar, mellomalderkyrkjegard, i ein militærleir og i tette trehusmiljø.

– Vi må hindre tap av kulturarv 2
Fjellgardane i Sunndal
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
– Vi må hindre tap av kulturarv 3
Fjellgardane i Sunndal Fjellgardane i Sunndal er nasjonalt viktige kulturmiljø, og er utsett for klimaendringar. - Det er viktig å sikre kulturskattane våre, seier seniorrådgjevar Hanna Lønning Gjerdi frå Riksantikvaren. F.v. Malene Aaram Vike (Sunndal kommune), Hanna Lønning Gjerdi (Riksantivaren) og Susanne Busengdal (Møre og Romsdal fylkeskommune).
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
– Vi må hindre tap av kulturarv 4
Fjellgardane i Sunndal
Foto: Oskar Puschmann, NIBIO
– Vi må hindre tap av kulturarv 5
Fjellgardane i Sunndal
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

– Verda er meir ustabil, og vi må ta inn over oss at kulturarven vår er utsett. Om vi taper kulturminne, tapar vi samstundes noko av vår felles historie og viktige ankerfeste, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Totalberedskap – Kulturarv inn i lokale planar

10. januar i år la regjeringa fram stortingsmeldinga for totalberedskap «Forberedt på krise og krig» Meld. St. 9 (2024-25). Der kjem det tydeleg fram at kulturarven skal takast i vare når beredskapspolitikken i Noreg skal meislast ut for dei neste åra. Då vil denne rettleiaren vere eit nyttig verktøy for kommunar, fylkeskommunar og eigarar av kulturmiljø.

– Vi må hindre tap av kulturarv 6
Uppigard i Skjåk
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
– Vi må hindre tap av kulturarv 7
Trehusmiljøet i Lillehammer
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
– Vi må hindre tap av kulturarv 8
Uppigard i Skjåk
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
– Vi må hindre tap av kulturarv 9
Lom stavkyrkje
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

– Konsekvensar av klimaendringar, krig og væpna konflikt kjem stadig nærare, og vi må vere førebudde på at Noreg også kan verte ramma, seier Geiran.

Rettleiaren følger norsk standard for krav til risikovurdering, og legg seg tett opptil Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) sine malar for utføring av risiko- og sårbarheitsanalysar. Det er gjort for at tiltak for kulturmiljø skal vere enklare å integrere i kommunale beredskapsplanar som allereie er laga.

Kommunane står ovanfor eit stort og komplekst arbeid med beredskap. Difor er det viktig at ein nyttar seg av eit så likt system som mogleg, slik at beredskapen blir mest mogleg sameint.

– Når verdsarven i Syria og Ukraina blir utsett for målretta angrep, og vi ser reaksjonane når kjende og kjære kulturminne som Notre-Dame og Børsen stå i flammar, så står det klart for oss at vi må ha nasjonal beredskap for vår eigen historie, seier Geiran.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153