Nyheter

Kven fortener kulturminneprisen i 2025?

Er det deg, er det nokon du kjenner? Fram til 2. mai kan du foreslå  kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2025.

Publisert: 11. mars 2025

Reidar Marstein (v) og Per Dagsgård på Lomseggen. Foto: Espen Finstad, Innlandet fylkeskommune

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • registrering, bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne
  • frivillig innsats for bevaring av kulturarven

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 75 000 kroner.

Nominasjon

Nominasjonsfristen er 2. mai 2025.  Vinnar blir annonsert på Riksantikvaren haustmøte i november.

Les meir, og send inn forslag på kandidatar, her.

Sjå filmen av fjorårets vinnarar:

Tidlegare vinnarar av kulturminneprisen

2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreningen Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegården v/eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skole og håndverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti

Motsegn i Luster

Riksantikvaren meiner at omsynet til Solvorn strandsitjarstad, kulturlandskapet i Lusterfjorden og verdsarven Urnes stavkyrkje må vege tyngre enn ei ny småbåthamn med parkering og veg