Nyheter

Riksantikvaren deltek i jury

Kommunal- og distriktsdepartementet opprettar statleg arkitekturpris. Riksantikvaren skal bidra til å kåre eit vinnarprosjekt.

Publisert: 13. mai 2025

Fleire steinar i betong med ru struktur. Betongen er støypt i ulike geometriske formar.
Statens arkitekturpris Kva for eit prosjekt bør få årets pris? Foto: Siri Wolland, Riksantikvaren

Som ein del av regjeringas arbeid med ein ny nasjonal arkitekturstrategi, lanserer Kommunal- og distriktsdepartementet i 2025 Statens arkitekturpris. Den nye prisen skal ha fokus på arkitektonisk kvalitet ved fortetting og transformasjon. Føremålet med årets pris er å heidre prosjekt som bidreg til gode, inkluderande og berekraftige bustader og bumiljø– og som kan være til inspirasjon for utviklinga av norske byar og tettstader.

Alle som ønskjer det kan nominere kandidatar til prisen. Frist for nominasjon av prosjekt er fredag 23. mai.

Les meir om prisen på Regjeringa sine nettsider

Nominere din kandidat på Regjeringa sine nettsider.

Riksantikvarens arbeid med kulturmiljø i byar og tettstader

Årets pris har fokus på transformasjon og ombruk, og den underbyggjer viktigheita eksisterande bygnad har for gode bu- og bymiljø. Ombruk av fleire bygningar vil også kunne redusere klimagassutslipp i tillegg til å bevare viktige kulturhistoriske verdiar. Kulturmiljøsektoren har god kompetanse i rehabilitering og ombruk, og ser stadig gode eksempel på ny bruk av bygningar, med gunstige ringverknader.

Riksantikvaren er for tida i gang med utarbeide ein bevaringsstrategi for kultumiljø i byar og tettstader. Strategien er ute på høyring – Les meir om Bevaringsstrategi for bygder og byer her.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Bilde av fasaden til Riksantikvarens nye lokaler i Schweigaards gate 28.

Kulturarven er for alle

Riksantikvaren lanserer vår nye rettleiar for universell utforming av kulturminne den 19. mai kl. 10:30. Velkommen til oss i Schweigaards gate 28.

Fleire steinar i betong med ru struktur. Betongen er støypt i ulike geometriske formar.

Riksantikvaren deltek i jury

Kommunal- og distriktsdepartementet opprettar statleg arkitekturpris. Riksantikvaren skal bidra til å kåre eit vinnarprosjekt.