– Verdsarv er stader og område som er heilt umistelege, og noko av det viktigaste vi gjer er å spreie kunnskap om desse flotte stadane, slik som den eineståande historia her i området Røros og Circumferensen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Fantastiske kulturverdiar
I Noreg er åtte område skrivne inn på FN-organisasjonen Unescos liste over verdas natur- og kulturarv: bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianboge, Urnes stavkyrkje, Vestnorsk fjordlandskap (Geirangerfjorden og Nærøyfjorden) og Vegaøyan.
– Utstillinga skal gjere folk meir medvitne om dei fantastiske, universelle kulturverdiane vi har her på Røros, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– I løpet av 2025 opnar også utstillinga for Urnes stavkyrkje, og vidare i 2026 og 2027 er det planar om installasjon i Hammerfest (Struves meridianboge), Aurland (Vestnorsk fjordlandskap), og Rjukan-Notodden industriarv, seier Skeidsvoll.
Utstillinga «Vår verdensarv» formidlar informasjon om dei åtte norske verdensarvområda. Samtidig får besøkande bli med ut på ei storslått reise til verdas viktigaste natur- og kulturområde. Utstillinga fortel også om verdensarvkonvensjon frå 1972.
Verdsarven på Røros
333 års bergverksdrift på Rørosvidda skapte rikdom for eigarar og staten, eit levebrød for arbeidarar og eit verdskulturminne for ettertida.
I 1980 blei bergstaden Røros for første gong skriven inn på verdsarvlista, og i 2010 blei verdsarvområdet utvida til også å omfatte delar av det gamle privilegieområdet Cirumferencen.
Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. I 1972 vedtok Unesco konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv, som i dag er mest kjend som verdsarvkonvensjonen.
Føremålet til verdensarvkonvensjonen er å identifisere og gje spesiell beskyttelse til kultur- og naturarv som har tyding for heile menneskeheita og komande generasjonar – på tvers av landegrensene. I Noreg er det Riksantikvaren og Miljødirektoratet som har ansvaret for oppfølginga av konvensjonen.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
To innsigelser i Agder
Riksantikvaren reiser innsigelse mot to planer for utbygging i Agder. Kulturminnene i begge planområdene er ikke sikret reelt vern.
– Vi må bli betre i akuttfasen
Riksantikvaren deltek fredag på ei stor fagsamling. Tema er beredskap for kulturarv.
Kven fortener kulturminneprisen 2026?
Er det deg, er det nokon du kjenner? Fram til 12. juni kan du foreslå kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2026.

