Ombruk

Ombruk i stort og smått på Carl Berners plass

Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Å gje ein eldre industribygning ny bruk kan ha sine utfordringar. I dette prosjektet har aktørane spelt på lag med bygningen og premissa som både bygningen, plasseringa og vernebestemmingane gjev. Fokuset på ombruk har vore med heile vegen, noko som har resultert i nytt liv for bygningen, og ein attraktiv møtestad med sterk identitet.

ADRESSE
Trondheimsveien 113, Oslo

VERNESTATUS
Regulert til bevaring

PROSJEKTET
ORO Living, Kima Arkitektur, OP Bygg, Pro Partners, Byantikvaren

KONTAKT
ORO Living v/Emil Varner Tingulstad

Monteringshallen i periode 1920-40. Mykje av romkjensla er teke vare på. Foto: Norsk Teknisk Museum.

Fasaden er i stor grad ført tilbake til opphavleg utsjånad, og sett i stand. Delar av gamle stålbjelkar er brukt som understell for utebenkane. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

Historikk

I 1907 flytta Progress Verktøimaskinfabrik A/S frå Bentse Bruk til Trondheimsveien 113 ved Carl Berners plass. Dei dreiv jarnvareindustri, med mellom anna produksjon av maskinar til bruk om bord i skip. I 1918-19 vart fabrikken, etter oppkjøp av nabotomter, kraftig utvida med ein stor monteringshall. Det er i denne hallen vi i dag finn utestaden Carls. Fabrikken produserte mellom anna dreiebenker, fresemaskinar, boremaskinar og slipemaskinar.

I 1950-åra spesialiserte Progress seg på produksjon av mellom anna tannhjul til bruk i oljenæringa, og namnet vart endra til Progress Tannhjul- og Maskinfabrikk i 1962. Dei seinare åra har verksemda spesialisert seg på framdriftsutstyr til båtar og mindre skip.

Frå 1996 til rundt 2016 fungerte bygningen mellom anna som apotek og lager for elektrovarer. Teglhallen representerer siste rest av industrihistoria kring Carl Berners plass.

Innvendig er viktige konstruktive element som takkonstruksjonen og stålbjelkar teke vare på og behaldt synlege. Traverskrana fungerer som oppheng for diskokula. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Reguleringsføresegna for vern sette nokre rammar for korleis ein kunne gje bygningen ny bruk. Eksteriøret skulle vere uendra, eller førast tilbake til opphavleg utsjånad. Vedlikehald og istandsetting skal skje med opphavlege eller tradisjonelle materialar og metodar, og vere tilpassa dei tekniske føresetnadane og karakteren til bygningen. Dessutan sette Byantikvaren som eit krav at takkonstruksjon, trehimling og innvendige jarnbjelkar skulle vere synlege. Takkonstruksjonen, saman med det naturlege overlyset, er typisk for den tidlege industriarkitekturen.

Grunna desse vilkåra kunne til dømes ikkje veggane etterisolerast. Utvendig kunne ikkje veggane endrast, og innvendig etterisolering av murverk er ikkje tilrådd grunna fare for fuktskadar og frostsprenging. Løysinga for å betre isolasjonsverdiane til bygningen vart å skifte ut takvindauga til nye med isolerglas og isolere taket på oversida. Vindauga i veggane vart restaurerte, og det vart laga kopiar der originale vindauge mangla. Her vart det òg montert innerglasrammer med isolerglas på innsida.

Midt på kortveggen mot Carl Berners plass er hovudinngangen ført tilbake. Universell tilgjenge er sikra ved inngangar på bakkenivå, og ein heis innvendig. Nye døropningar som var naudsynte for å sikre rømming vart plasserte i eksisterande vindaugsfelt.

Kulturminnefondet gav stønad til tilbakeføring av fasaden. Dette innebar istandsetting og rekonstruksjon av vindauge, og istandsetting av murveggane.

Den bakre delen av bygningen, som er minst tilgjengeleg for publikum, er nytta som sykkelparkering for leilegheiter i bygningen ved sidan av.

I tillegg til ombruk av sjølve bygningen, er det òg høg grad av ombruk på interiør og møblar. Eksempel på dette er at snøfangarane som vart til overs etter omlegging av taket vart nytta til å lage hyller, og delar av ein stålbjelke som måtte kappast vart nytta som understell for utebenkar. Trådglas frå dei gamle takvindauga er brukt som skiljeveggar mellom nokre av romma. I interiøret er det elles stor grad av ombruk òg frå andre stader.

Bygningen har forskjellige soner, med både store og små lokale med ulike konsept. Dette gjer at ein kan huse mange gjestar samstundes, enten som separate arrangement, eller med fri rørsle mellom lokala. Ei fleksibel og godt samanknytt planløysing, med mange moglegheiter når det kjem til sonedeling, gjev ein bygning som skal kunne fungere i lang tid.

Dei originale vindauga som var att i bygningen vart restaurerte, og fekk nye, isolerande innerglas. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Bruken og grepa som er gjort er tilpassa bygningen og plasseringa, slik at ein arbeider med og ikkje mot premissa.
  • Ein har sett moglegheitene som ombruk gjev for å skape ein stad med karakter, og for innsparingar i utviklinga av eit forretningskonsept.
  • Langsiktig perspektiv med gjennomtenkt planløysing som kan romme ulike formar for bruk.
Dei tidlegare snøfangarane som vart brukt opp att som hyller, er eit anna eksempel på ombruk i prosjektet.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Møblane er for det meste ombruk.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Lignende eksempler