
Om prosjektet
1600-talet er framleis synleg, Arnstein Arneberg er sterkt til stades, samstundes som ein opplever å vera i moderne, velfungerande kontorlokale. Rehabiliteringa av Kongens gate 1 har kravd godt prosjekteringshandverk og tett dialog med Byantikvaren.
ADRESSE
Waisenhuset, Konges gate 1, Oslo
VERNESTATUS
Automatisk freda
PROSJEKTET
Asplan Viak, Byantikvaren i Oslo, CM Prosjekt
KONTAKT
Asplan Viak
I den tidlegare garasjen er dei rå overflatene tekne vare på. Utanfor dei gamle portane er det sett inn nye, isolerande glasdører. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren.
Eitt av romma som var betre utan behandling av veggane. Kontrasten til det moderne inventaret blir berre flottare. Legg merkje til den lydisolerande døra som er lagt utanpå den eldre fyllingsdøra. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren.
Historikk
Bygningen vart oppført i 1638 for byfut Mads Haraldssøn og har sidan vorte ombygd ei rekke gongar. Garden var i statleg eige ei stutt periode på 1700-talet, før kongen skjenkte garden til kommunen som lokale for eit oppfostringshus. Det mangla pengar til drifta, og garden gjekk over til private hender att. I 1778 kjøpte kongen garden på ny, og frå 1780 vart garden tilhaldsstad for Waisenhuset, barneheim for foreldrelause.
I 1917 overtok O. Mustad & Søn garden som kontorlokale. Han vart ombygd i 1920 etter teikningar av arkitekt Arnstein Arneberg. Mustad flytta ut av lokala i 1968, men familien er framleis eigar. Asplan Viak har vore leigetakar frå 2014, med om lag 100 tilsette knytt til kontoret her.
Bygningen har pussa fasadar med grov struktur og valma tak tekt med betongtakstein. Med unntak av ein lågare garasjebygning mot Nedre Slottsgate er bygningskomplekset i to etasjar. Bygningen har preg frå ulike stilepokar, men med eit klart nybarokt hovudpreg frå Arneberg si ombygging på 1920-talet.
I Arnstein Arneberg si ombygging vart svalgangane mot hagen bygde inn, med store glas mellom dei utvendige søylene. Veggen mellom gangen og det som tidlegare var ei rekke små kontor var rive lenge før dette prosjektet byrja. Denne noko brutale delen av bygningen si historie, gjer at ein fekk eit større kontorlandskap i bygningen, i tillegg til mange mindre kontor. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren.
Utfordringar og løysing
I samband med at rådgjevingsselskapet Asplan Viak melde interesse for å leiga lokala i 2012, ønskte eigaren å rehabilitera bygningen til moderne kontorlokale. Sjølv om bygningen til dels har fungert som kontorlokale sidan 1920-talet, er likevel standarden og krava til kontorlokale i dag såpass annleis at det kravde ei totalrehabilitering.
Asplan Viak hadde rolla som prosjekterande, og samarbeidde tett med både Byantikvaren og eigaren for å finna gode løysingar som respekterer bygningen. I prinsippet vart alt som var nyare enn frå Arneberg si ombygging skrelt bort. Der det var naudsynt å legge noko til, vart dette gjort med minst mogleg inngrep i bygningen, og med ein enkel, men edel og historisk forankra materialpalett, som eik og messing. I tett dialog med Byantikvaren vart det òg laga nokre få nye døropningar for å få bygningen til å fungere godt. I rom der dørene hadde mykje å seia for den historiske opplevinga, vart det valt å ikkje kontrastera, men heller setta inn gamle dører frå Arneberg si tid i dei nye opningane. Hellet var at det låg lagra nokre passande dører på loftet, som kunne nyttast att. På einskilde mindre prominente plasseringar er det sett inn glasdører som er tydeleg nye, men likevel gjer lite ut or seg.
Der ein har hatt bruk for isolerte dører, som til møterom eller i garasjen som no skulle bli oppvarma bruksareal, er dei gamle dørene tatt vare på og nye isolerdører lagt utanpå. For garasjen sin del vart det brukt glas i trerammer, slik at ein ser dei eldre portane frå utsida. Ventilasjonsanlegget er plassert på loftet. Herifrå er føringar til andre etasje fordelt direkte ned, medan føringane til fyrste etasje er lagt i pipene.
I andre etasje, mot Bankplassen, ligg tre prominente rom som var inndelt slik dei hadde vore frå 1600-talet. Dei hadde fått nye lag med kledning etter 1920. Kledningen var i dårleg stand og det var ønskjeleg å rive han vekk. Bak desse laga låg panel frå 1800-talet, med fargesetting frå Arneberg si tid. Desse overflatene var i dårleg stand, og det var kritisk av fleire omsyn kva løysing ein valde her. Av antikvariske omsyn ville det vera ønskjeleg å forsiktig setta i stand desse overflatene, men det ville bli for kostbart innanfor prosjektbudsjettet.
Det vart foreslått ei økonomisk , som òg ville ha beskytta dei gamle overflatene. Dette innebar å forsiktig legga gipsplater utanpå, for å få ein «kontorstandard» på veggane. Dette syntest arkitektane vart ei trist løysing. Heilskapen viste seg å vera enklare enn fyrst antatt, for løysinga vart å ikkje gjera noko med veggane, anna enn å reinsa dei. Det var heilt klart det mest økonomiske, og romma fekk si heilt eiga sjel og historie.
Korleis bygningen vart gjort universelt utforma kan du lesa om her: Mange historiske lag og mange ulike nivå – Riksantikvaren.
Det er ofte naudsynt å gjera nokre kompromiss for å kunna bruka ein såpass gamal bygning. Med ei heilskapleg tilnærming kombinert med ein mangfaldig metodikk har kvart område av bygningen fått den merksemda det trengs for å tilfredsstilla funksjonelle krav, samstundes som dei viktige verneverdiane er tatt vare på. Bygningen har dessutan fått eit nytt arkitektonisk lag frå vår tid.
Læringspunkt
- Verneverdiane er framheva ved å skrella bort nyare og dels mindre gjennomtenkte tilføyingar.
- Mange av utfordringane var ikkje moglege å føreseia før byggearbeidet hadde byrja, og har vore naudsynte å løysa fortløpande, i tett dialog med antikvarisk myndigheit.
- Nye tilføyingar har ein tydeleg nåtidig signatur, men med respekt for den historiske bygningen.