Næring

Setra er i drift att etter 72 år!

Foto: Elisabeth Fagerland

Om prosjektet

Bygningane på Øyasetra var små og ikkje lenger praktiske for reell seterdrift. Eigarane ville ta vare på den vesle skalaen gjennom ei nøysam tilnærming og berre gjera det som var naudsynt for å få til ei funksjonell seterdrift. Resultatet har gitt nytt liv til både bygningane og kulturlandskapet omkring, og er eit viktig bidrag i å ta vare på seterkulturen!

ADRESSE
Øyasetra, Jøldalsveien 1425, Rennebu

VERNESTATUS
Ligg i Trollheimen landskapsvernområde

PROSJEKTET
Grindal Ysteri, Bygningsvernhuset, Husasnotra (Nordmøre Museum), Per Åke Jacobsen, Sigbjørn Hausberg.

KONTAKT
Grindal Ysteri

Øyasetra ligg vakkert til i Jøldalen, her før prosjektet vart sett i gang. Som vi ser av bildet, var bygningane på setra små og audmjuke. Dette er forsøkt vidareført. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Bygningsvernhuset.

For å gjera fjøset både høgare og breiare vart det lagt inn eit par ekstra omfar nedst, i tillegg til å legga inn to nye og lengre stokkar over døra i røstet. Foto: Eigar.

Historikk

Garden Retøya bytta til seg ein seterrett i Jøldalen i Trollheimen på 1930-talet og bygde  opp Retøysetra (Øyasetra). Seterstova kan ha vorte flytt dit frå ein annan plass. Fjøset vart bygd av brukt rundtømmer. Setra var i drift med mjølkekyr frå 1935 til 1950. I 1981 vart Retøya og setra kjøpt som tilleggsjord til garden Stigen, som er der dagens eigarar bur. På 1980-talet vart seterstova sett i stand og brukt som feriebustad. Seterstova står likevel fram som lite endra. Dei noverande eigarane kjøpte garden i 2011.

Kjøkkenet i det nye seterstova oppfyller krav til enkel foredling av mjølk. Her held budeia på å starta opp separatoren. I døropninga ser vi handkjerra som blir brukt til å frakta mjølkespannet mellom fjøset og kjøkkenet. Foto: Eigar.

Utfordringar og løysing

Sidan setra sist var i drift har krøttera jamt over vorte større, og krava til både dyrevelferd og hygiene ved foredling vorte strengare. Eigarane driv ysteri i lag med ein annan gard, og dei setrar saman på ei anna, større seter i Jøldalen. Bakgrunnen for å setta i stand Øyasetra var eit ønskje om å bidra til å ta vare på kulturlandskapet, bygningane og seterkulturen.

For å ta opp att aktiv seterdrift på Øyasetra var det naudsynt å både setta i stand og utvida fjøset. Fjøset var i dårleg stand, og var for lite for dagens krøtter. Da ein likevel måtte skifta ut noko tømmer i fjøset og legga nytt tak, nytta ein moglegheita til å gjera bygningen både breiare og høgare. Det vart dessutan bygd til ein skut med plass for mjølkeutstyr, kraftfôrlager og utedo.

Seterstova var berre eitt rom, og ein gang som tidlegare hadde vore  . Det var behov for betre sovefasilitetar for budeier, og kjøkken som var meir funksjonelt for langtidsopphald og som kunne oppfylla hygienekrav for enkel mjølkeforedling. Dette vart løyst gjennom eit nytt tilbygg i forlenginga av seterstova, og ei endring av planløysinga i den gamle gangen. Tilbygget måtte bli noko høgare enn den gamle seterstova grunna terrenget og behov for normale høgder på dører, men er elles godt tilpassa med same breidde, og med same utrykk når det kjem til taktekking og kleding. Mot tunet er glasa småruta som i gamlebygningen, medan det er sett inn større glas for dagslys, trivnad og utsyn på sørveggen. Sørveggen erlite synleg for forbipasserande. Både konstruksjonsmateriale, veggkleding og taktorv er henta frå eigen skog, og andre bygningsdelar er i stor grad ombruk frå garden.

Det var behov for betre sovefasilitetar og eit kjøkken som var meir funksjonelt for langtidsopphald og som kunne oppfylla hygienekrav for enkel mjølkeforedling. Løysinga vart eit nytt tilbygg i forlenginga av seterstova, og ei endring av planløysinga i den gamle gangen. Foto: Eigar

På setra driv dei enkel foredling av mjølk til ulike produkt som blir seld lokalt. Ved slik småskala foredling, krevst berre registrering og ikkje godkjenning frå Mattilsynet. Kjøkkenet i den nye seterstova oppfyller, saman med fastsette rutinar, krav og reglar frå Mattilsynet for generell næringsmiddelhygiene og den aktuelle typen produksjon. Foredlinga på setra kan bestå i separering av mjølk og produksjon av yoghurt. Vidare blir det av fløyten produsert rømme, og den skumma mjølka blir syrna og kokt til surostar som gamalost i eit nybygd lite eldhus ved sida av kjøkkenet.

For slik foredling krevst drikkevasskvalitet, elektrisitet og hygienisk lokale. Setra har fått ny brønn og vatnet derifrå blir filtrert. I tillegg blir det brukt kokande vatn til desinfeksjon av utstyr. For gråvatnet er det bygd reinseanlegg og søkt om utsleppsløyve.

Elektrisitet blir produsert på setra, i ein liten kraftsentral plassert i den gamle løa midt i tunet. Her er det solcellepanel, batteri og aggregat, i tillegg til mjølkemaskin og vedlager. Elektrisiteten blir brukt til å drive mjølkemaskin, separator, kjøleskåp og noko lys. Det er ikkje bilveg til setra, men det er mogleg å søka løyve til eit avgrensa tal turar med traktor for naudsynt transport av til dømes kraftfôr.

Eigarane har fått tilskot frå Rennebu kommune (SMIL), Kulturminnefondet og Innovasjon Norge til prosjektet. I tråd med byggesaksforskrifta (SAK10) § 3-2 kan tiltakshavar sjølv stå ansvarleg for søknad om og oppføring av driftsbygningar i landbruket, noko som er gjort her.

Tilnærminga til eigarane var å gjera minst mogleg endringar på dei eksisterande bygningane, ikkje bygga meir nytt enn naudsynt, men likevel få den gamle setra funksjonell att. Dette har dei greidd ved å forsiktig utvida fjøset i samband med å setta det i stand, og bygga eit enkelt tilbygg til den gamle seterstova. Materialbruken er lokal og mest mogleg lik den opphavlege. Med godt gjennomtenkte løysingar og stor eigeninnsats er det fullverdig drift att på Øyasetra.

Løa stod tidlegare nede i bygda, og vart flytt opp til setra og innreidd som badstove på 1980-talet. Badstova er nå fjerna og bygningen har fått litt vedlikehald og eit lite tilbygg på baksida. Huset fungerer nå som kraftsentral for setra. I bakgrunnen ser vi fjøset med ny skut framfor. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Bygningsvernhuset AS.

Læringspunkt

  • Det er teke omsyn til kulturmiljøet ved å gjera så lite omfattande tiltak som mogleg, og omsyn til kulturlandskapet ved å reetablere reell seterdrift.
  • Prosjektet tek utgangspunkt i dei lokale føresetnadene, og er så langt som rå basert på lokale ressursar.
  • Drifta av setra er «off-grid», ved eigne system for reinsing av vatn og produksjon av energi.

Lignende eksempler