Trehusmiljøet i Lærdal består av 161 bygningar frå 1700- og 1800-talet. Store verdiar gjekk tapt i storbrannen i 2014, då eit førtitals bygningar gjekk tapt. Lærdalsøyri er kjent for den unike trehusbusetnaden sin i sjøkanten, med naust, sjøbuer og loftsbygningar. I trehusmiljøet er om lag 65 av husa bustader. Trehusbusetjinga er verna gjennom spesialområdet bevaring. I tillegg finst det rundt 40 verneverdige bygningar som ikkje har noko formelt vern.
– Me har verken folk eller kulturminne å mista, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Når eit kulturminne er borte, er det tapt for alltid.
Trebygningar er utsette for brann, og dessverre ser me at verdifulle kulturminne går tapt i brann kvart år.
– Dei siste åra har me sett alvorlege brannar i Kragerø, Levanger, Drammen og Risør. Dette er dramatisk for dei som er ramma, nærmiljøa og for Noreg, seier Geiran.
– I alle brannar er det liv og helse som er det viktigaste. Samtidig veit me at når ein kulturhistorisk bygning brenn så berører det mange, seier Geiran.
I Noreg har me bygd i tre gjennom århundre, og me har mange svært viktige, vakre og verdifulle trehusmiljø som er representantar for historia vår. Få land har så høg del trehusbusetnad som Noreg.
Dei eldre trebygningane er oppført i tider med ei anna bygningslovgiving. I verste fall kan ein øydeleggjande bybrann utvikla seg, og liv og uerstattelege kulturminne gå tapt. Riksantikvaren har ei eiga tilskotsordning for tette trehusmiljø, sidan desse er spesielt utsette.
Lærdal har fått midlar til brannsikring også dei siste åra, mellom anna til sprinklaranlegg for fleire bygningar.
Ein bybrann i tette trehusmiljø er svært dramatisk. Sjølv om kvar enkelt eigar har sørga for branntryggleik i sitt eige bygg, står husa så tett at brannen lett kan smitta over til fleire bygg. Riksantikvaren har registrert over 200 verneverdige tette trehusområde i Noreg, fordelt over heile landet.
Dette er eit tett trehusområde
Dei verneverdige tette trehusområda i Noreg er kjenneteikna av dette:
- Det er i hovudsak trehus i området.
- Busetnaden er verneverdig
- Busetnaden skal hovudsakleg vera bygd før 1900-talet, men kan også omfatta nyare trebusetnad med spesielle kulturhistoriske verdiar.
- Eit område består normalt av minst 20 bygningar.
- Avstanden mellom bygningane er mindre enn 8 meter
Tre har vore det tradisjonelle byggjematerialet i Noreg. Elles i Europa erstatta ein i stor grad trehusbusetnaden med mur frå 1200– og 1300 talet. Ikkje før den største brannkatastrofen i noregshistoria, brannen i Ålesund, innførte ein generell murtvang her heime. og over 200 trehusmiljø er i dag registrerte som verneverdig tett trehusbusetnad.
Fakta om tilskot til brannsikring
Den førre bybrannen i Lærdal i 2014 var ein vekkjar for mange, og etter denne brannen vart Riksantikvarens tilskotspost auka til 10 millionar kroner. I 2025 fordelte Riksantikvaren 19 millionar til fylkeskommunane, slik at dei kan gi tilskot til ulike brannsikringsprosjekt.
Tilskota kan gå til brannsikringsplanar og konkrete tiltak for å detektera og sløkkja brannar.
Vestland fylkeskommune søkte i 2025 om 984 250 kroner, og fekk summen dei søkte om. Denne summen fordeler fylkeskommunane ut til kommunar og andre søkjarar, og Lærdal var ein av søkjarane i år.
Kulturhistorisk oversikt
Lærdalsøyri er ligg inst i Sognefjorden i Vestland fylke og var historisk eit viktig handelsknutepunkt mellom Austlandet og Vestlandet i Noreg. Dette var ein naturleg stad for handel mellom sjø og land. Herfrå kunne ein frakta varer med båt frå kysten og vidare over land til Austlandet.
Lærdalsøyri er kjent for sin unike trehus i sjøkanten med naust, sjøbuer og loftsbygningar. Sjøhusa er blant dei eldste bygningane i Lærdalsøyri, og er ca. 200 år gamle. Dei yngste verneverdige bygningane er frå perioden mellom 1. og 2. verdskrig.
Mange av dei gamle båtnausta har etter kvart har vorte tekne i bruk som handelsbuer. Seinare har mange av nausta vorte bygde på med ein ekstra etasje til bustad, eller det har vorte bygd nye naust med bustad i overetasjen. Sjøhusa var opphavleg knytt til gardane i dalen, men sidan overteke til marknadsverksemd, og viser til rolla til staden som marknadsplass.
Frå 1830-åra gjorde påverknaden utanfrå seg gjeldande og det kom ny arkitektur og hustypar. Store kvitmåla ”byhus” med tydelege impulsar frå bergensarkitektur, med valma tak, rosettar og forseggjort listeverk. Den samanhengande bygningsmassen med hagar og små gater som forgreinar seg ut frå hovudgata er spesielt for staden. Fellestrekk i stil og storleik med hus i Bergen og andre tettstader på Vestlandet. Bygningsmiljøet har autentisitet og er relativt homogent.
Dei fleste bustadhus frå 1800-talet står framleis. Det kommunale prosjektet ”Gamle Lærdalsøyri”, huseigarar og næringsdrivande har hatt fokus på restaurering av mange trehus i verneområdet. Trehusbusetjinga består av 161 hus, der omtrent 65 av desse er bustader. Trehusbusetjinga er verna gjennom spesialområdet bevaring. Det spesielle bygningsmiljøet i verneområdet er svært sårbart for tiltak.
Den samanhengande bygningsmassen med hagar og små gater som forgreinar seg ut frå hovudgata er spesielt for staden. Fellestrekk i stil og storleik med hus i Bergen og andre tettstader på Vestlandet. Staden blir prega av småskala, tettleik og variasjon, staden som strandstad og marknadsplass. Bygningsmiljøet har autentisitet og er relativt homogent. Av småstadene på Vestlandet har Lærdalsøyri den størst samanhengande busetnaden, med svært interessante bygningstypar.
Bygningane i Øyragata
Kulturminnefondet skriv på sine nettsider at Øyragata var tidlegare hovudgata i Lærdalsøyri. Den ligg sentralt i det historiske området er oger kjent for sine gamle krambuer. Den gule krambua – Kulturminnefondet
I Øyragata står fire kjente krambuer på rekke: Hellandbui, Oddebui, Ulvikbui, Lindstrømbui
Desse bygningane stammer frå midten av 1800-tallet og vart brukt til landhandel.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikkje send sms, telefonen vert vidarekopla
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Vernestatus:
- Området er regulert til bevaring etter pbl.
- Eitt freda bygg ( eit sjøhus), Per Lems loft. Dette er eit av dei typiske lofta på Lærdalsøyri med naust/sjøbu i første etasje og bustad i loftsetasjen.
- Inkludert i Riksantikvarens register over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse
- Tett trehusmiljø

Brannen i Lærdal
– Ein ny brann i Lærdals verdifulle trehusmiljø er tragisk. Riksantikvaren har fulgt situasjonen tett, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Underteikna avtale med Slovakia om EØS-midlar
Noregs ambassadør til Slovakia, Susan Eckey, underteikna i går avtalen om ein ny periode med EØS-midlar i Slovakia.

36 prosjekt frå kyst og landbruk får tilskot
Riksantikvaren fekk heile 112 søknader om verdiskapingsmidlar til prosjekt innanfor mellom anna kyst og landbruk. No er det klart kva 36 prosjekt som får tilskot i 2025.