Istandsetting

Nothjell ikkje lenger på hell

Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Om prosjektet

Istandsettinga av nothjellen og trekaia på Sålneset på Bjarkøy viser korleis lokale krefter, tradisjonelle metodar og pragmatiske tilpassingar kan kombinerast for å ta vare på eit viktig, men veldig vêrutsett kulturminne. Det fanst tidlegare mange hundre nothjellar langs kysten, medan nå er hjellen på Sålneset ein av dei berre litt over femti som er att. Det grundige arbeidet som er gjort, saman med lokale eldsjeler som vil ta vare på bryggeanlegget, lover godt for framtida til Sålnesbrygga.

ADRESSE
Sålneset, Fagervikveien, Bjarkøy

VERNESTATUS
I fredningsprosess

PROSJEKTET
Venner av Sålneset, Nordnorsk Fartøyvernsenter Bygningsvern, Troms fylkeskommune

KONTAKT
Venner av Sålneset

Det finst få, om i det heile nokon, andre hjellar med tre notheng som her. I endane av kvart rom kan ein framleis sjå rullane for å trekke nøtene. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Der det var større roteskadar i konstruksjonen til hjellen, vart tømmer i heile lengder skifta ut med lokal gran som først vart saltimpregnert i sjøen. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Historikk

Sålnesbrygga er ei treetasjers brygge med ei tjue meter lang kai og ein nothjell med tre rom. Av dei litt over 50 nothjellane som er igjen i Noreg, er dette den einaste triple hjellen.

Nothjellen og brygga på Sålneset på Bjarkøy har ei rik historie knytt til sildefisket i regionen. Historia tok til på slutten av 1920-talet, då reiarlaget Brødrene Bjarkøy starta med sildenot og etablerte eit anlegg med kai, naust, hjell og borkekar i betong nokre hundre meter frå Sålneset. Samtidig vart det etablert eit notbruk ute på sjølve Sålneset, Tonstadbrygga. Dei dreiv sildefiske og hadde både brygge og enkelthjell. Etter krigen flytta Brødrene Bjarkøy verksemda si til Sålneset, der dei bygde opp ein dobbelthjell og ei ny brygge.

I 1954 kjøpte Brødrene Bjarkøy naboeigedomen Tonstadbrygga. Dei reiv da dei eksisterande brygge- og kaianlegga, og slo dei saman til det som i dag er kjent som Sålnesbrygga.

Brygga vart brukt som notbruk fram til 1974, der ein oppbevarte og reparerte sildenøter. Etter fleire tiår utan aktiv bruk, vart foreininga Venner av Sålneset stifta i 2019 med mål om å ta vare på og setje i stand brygga og nothjellen.

Mellom bjelkane og dekket er det lagt papp for å forlenge levetida til bjelkane. Dekket skal behandlast med ei blanding av linolje og tjøre. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Nothjellen på Sålneset står på ei trekai som over tid har vorte svekka av slitasje, fukt og mekanisk påverknad. For å sikre vidare bruk og bevaring vart det sett i gang ei gradvis utskifting av heile kaikonstuksjonen. Hjellen vart løyst frå kaia for å kunne gjennomføre arbeidet. Tiltaka omfattar nye stolpar, skråband og nytt dekke. Stolpane under kaia er impregnerte og vart sett på plass med pælemaskin. Over bjelkane vart det lagt eit lag med papp som vern, før det vart lagt dekke i form av to tommars skurlast. Dekket skal behandlast med ei blanding av linolje og tjøre for å tole ver og vind.

Kaia vart i stor grad bygd opp att etter same prinsipp som den opphavlege, men med nokre pragmatiske tilpassingar til dagens krav. Eit viktig tiltak er montering av kraftige lågvasstenger, festa parallelt med kaistolpane og så langt ned som mogleg ved lågvatn. Desse skal verne mot is og mekanisk påverknad frå større båtar som legg til kai. Tryggleik har òg fått større vekt, og det er difor montert leiderar (stigar) både på kaifronten og langs sida.

Det vart òg gjort enkelte utskiftingar i sjølve hjellen, mellom anna nye skråband. Materialet til desse er gran frå Bjarkøya, som før tilverking låg til saltimpregnering i sjøen. Det er òg montert nye bardunar.

Det som står att er omlegging av taket og utskifting av takrenner på nothjellen, som òg vil bli gjort med tilsvarande material som dei eksisterande. Neste store istandsettingsprosjekt til foreininga er sjølve brygga. Dei ønskjer ein aktiv, men tilpassa bruk av anlegget.

Istandsetting av brygga står for tur. Her er det eit ønskje å kunne integrere ny bruk på ein varsam måte. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren.

Læringspunkt

  • Lokale eldsjeler og ei aktiv veneforeining har vore avgjerande for å sikre forankring og langsiktig innsats.
  • Tiltaka er gjennomførte i rett rekkjefølgje, med naudsynte avklaringar, god dialog med myndigheitene og finansiering på plass før oppstart.
  • Det er brukt tradisjonelle metodar for konservering av treverket, som tjøre, linolje og saltimpregnering, bortsett frå kaikonstruksjonen som står i sjøen.
  • Det har vore fokus på å få solide fundament og å reetablere styrke og stabilitet i konstruksjonen, noko som er ekstra viktig på eit slikt anlegg som er svært utsett for ver og vind.

Lignende eksempler