Nyheter

Statens arkitekturpris til Wesselkvartalet i Asker

– Ein verdig vinnar, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Publisert: 22. august 2025

Wesselkvartalet vinner statens arkitekturpris 2025.
Wesselkvartalet i Asker: Vinner av statens arkitekturpris 2025. Foto: Øyvind Fluge/Riksantikvaren.

Wesselkvartalet i Asker er vinnar av staten sin arkitekturpris. Prosjekt bidreg til å auke kvaliteten i by- og bumiljø gjennom fortetting og gjenbruk av eksisterande bygningar.  

– Wesselkvartalet i Asker er ein verdig vinnar av statens sin arkitekturpris, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

– Saman med den nye arkitekturstrategien, vonar vi at både vinnaren og dei andre finalekandidatane inspirer til å bygge med meir kvalitet, og at ombruk av bygningar og tilpassing til kulturmiljø blir den nye gullstandarden, seier Geiran. 

Les pressemeldinga på regjeringa sine nettsider.

Statsråd Kjersti Stenseng.
Statsråden deler ut prisen: Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng delte ut arkitekturprisen. Foto: Øyvind Fluge/Riksantikvaren.

Prisen vert delt ut av Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng (AP). Frå Riksantikvaren har seniorrådgjevar og arkitekt, Anette Morvik Robberstad, delteke i juryen. Etter gjennomgangen av nominasjonar besøkte juryen fem prosjekt. I tillegg til Wesselkvartalet i Asker var Norrøna Apartments i Bodø, Trosvik Torv 8 i Fredrikstad, Liaparken i Bergen og Fyrstikkbakken 14 i Oslo finalistar. 

– Vi hjå Riksantikvaren er veldig glade for at fleire av finalistane er tufta på ombruk av bygningar, og tilpassing til kulturmiljø. Det er fint å sjå at slike prosjekt når langt i ein nasjonal arkitekturkonkurranse, seier Robberstad. 

– Når vi byggjer for framtida må tilpassing og gjenbruk vere utgangspunktet. Det er viktig i eit klimaperspektiv, men også for å ta vare på staders karakter, identitet og opplevingsverdi. Spesielt Norrøna Apartments og Trosvik Torv 8 syner at dette ikkje treng å gå på bekostning av kvalitet, seier Robberstad.

Juryen for statens arkitekturpris.
Juryen følger med: Anette Robberstad (i midten) fra Riksantikvaren har deltatt i juryen for prisen. Foto: Øyvind Fluge/Riksantikvaren.

Juryen har vore tydeleg på at det er vanskeleg å svare godt på alle kriteria for prisen i eitt prosjekt. Dei nominerte prosjekta har ulike utfordringar, situasjonar og forutsetningar. 

– Fortetting er krevjande, og mange omsyn skal løysast. Ofte har ein stramme rammar når ein jobbar med ombruksbygningar eller grå areal i ein tett bysituasjon. Ein skal lage prosjekt som er gode både for bebuarar, og resten av byens befolkning, seier Robberstad. 

– Ein skal også sørge for at det nye som kjem til, er tilpassa det som allereie er der frå før. Vinnaren er eit prosjekt som viser høy arkitektonisk kvalitet, og samtidig tilpassar seg situasjonen i Asker på ein god måte, seier Robberstad. 

Mykje å lære 

Alle aktørane har, i følgje juryen, hatt konkrete forslag til insentiv og tiltak som også offentlege myndigheiter kunne ha nytta for å dreie bustadutviklinga i Noreg i ønska retning.  

– Vi har peika på dei prosjekta som vi meiner syner breidde, og som har fått til mest innanfor sine rammar, seier Robberstad. 

– Alle dei fem prosjekta har kvalitetar det er verdt å trekkje fram. Den bør formidlast vidare til byggenæringa, kommunane og framtidas bustadkundar. Det er mykje å lære av finalistane, seier Robberstad. 

Juryen har snakka med både arkitektar, utbyggjarar, kommunen, og bebuarar, for å få innsikt i utfordringar, løysingar, prosess og resultat, og juryen har heile vegen blitt møtt med stor openheit. 

– Desse prosjekta er drivne fram av folk som har gjort ein ekstra innsats for å få til noko bra, og som er stolte av det dei har vore med på å bygge, seier Robberstad. 

Juryen har bestått av juryleiar Ingerid Helsing Almaas frå DOGA – Design og arkitektur Norge, Markus Oppedal Jacobsen frå Statsbygg, Oddvin Farestveit frå Direktoratet for byggkvalitet, og Marina Gorruso frå Husbanken. 

Norrøna Apartments
Foto: Corponor AS
Trosvik Torv
Foto: Anette Morvik Robberstad, Riksantikvaren
Liaparken
Foto: Anette Morvik Robberstad, Riksantikvaren
Wesselkvartalet
Foto: Anette Morvik Robberstad, Riksantikvaren
Fyrstikkbakken
Foto: Birk & Co/Link Arkitektur

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153