Riksantikvaren har avgjort klage på Vestland fylkeskommune sitt avslag på søknad om løyve til inngrep i eit automatisk freda kulturminne i samband med bygging av ein veg i Kinn kommune.
Hovudføremålet med vegen var å leggje til rette for reparasjon av ein eksisterande molo og å gje moglegheit for rullestoltilkomst til naust og molo. På eigedomen er det registrert eit busetjings- og aktivitetsområde frå steinalderen og eit dyrkingslag frå jernalderen, som begge er automatisk freda etter kulturminnelova § 4 første ledd. Deler av den planlagde vegen ville kome i konflikt med desse kulturminna.
Universitetsmuseet i Bergen tilrådde at det vart gitt løyve til inngrep i kulturminnet, på vilkår om arkeologisk utgraving.Vestland fylkeskommune avslo søknaden og grunngav vedtaket med at samfunnsnytten av ein privat veg ikkje var større enn verdien av kulturminna.
Riksantikvaren vurderte at dei to kulturminna samla sett er sjeldne, og at verdien av desse veg tyngre enn dei private interessene i saka. Riksantikvaren fann ikkje feil ved vedtaket til fylkeskommunen og stadfesta avslaget. Klaga vart ikkje teken til følgje.