Askeladden er heile Noregs database for kulturminne og kulturmiljø. Den brukast av kommunar, fylkeskommunar, utbyggjarar, og mange andre profesjonelle brukarar. Her får dei informasjon om kulturminne og kulturmiljø som er freda, verna, eller vurdert som verneverdige i Norge. Data frå Askeladden er også tilgjengeleg for alle via karttenesta Kulturminnesøk.
Foreløpig tilbyr løysinga kun lesetilgang (innsyn), men vi arbeider kontinuerleg med å utvikle og lansere ny funksjonalitet. Målet er å gjenskape og forbedre det du treng frå den gamle løysniga – og meir til.
Her kan du teste løysinga – beta.askeladden.ra.no
Har du tilbakemeldingar?
Vi er avhengige av tilbakemeldingar for å gjere Askeladden så god som mogleg. Vi sett difor stor pris på at alle som no testar melder tilbake på stort og smått av endringar som bør kome i den nye løysinga. Du finn eit tilbakemeldingsskjema integrert i den nye løysinga, men du kan også kontakte oss på e-post:
Viktig informasjon
SEFRAK vil i løpet av kort tid kun vere tilgjengeleg i ny løysing. Det gjeld både skannede Sefrak-skjema og kartlaget Sefrak.
Den gamle løysinga, askeladden.ra.no, er framleis tilgjengeleg og vil leve side om side med Askeladden-beta til all nødvendig funksjonalitet er på plass. Du må framleis bruke den gamle løysinga til:
- Registrering av nye, og redigering av eksisterande kulturminne og kulturmiljø
- Avansert søk
- Laste opp eigen shape fil
- Eksportere søketreff i kart til excel
- Prosjektinformasjon
- Andre funksjonar som endå ikkje er lansert i Askeladden-beta
Riksantikvaren hyllar filminnspeling på freda gard
– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest
No får «oppmålinga av verda» og verdsarvområdet Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre
Riksantikvaren foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre, fordi bygningen er sterkt endret og har tapt mye av verdien som kulturminne.

