Riksantikvarens handverksstrategi vart lansert før jul i 2024. I samarbeid med Norsk Handverksinstitutt blir det denne veka arrangert ein konferanse for tradisjonshandverk der strategien er tema. Hennar Majestet Dronninga deltok på arrangementet, og var med på å løfte det tradisjonelle handverket saman med deltakarane på konferansen.

Strategi og handlingsplan
Riksantikvaren har sidan 2023-2024 utarbeida ein handverksstrategi. Strategien skal vere eit verktøy i Riksantikvaren og kulturmiljøforvaltinga sitt arbeid med å auke kompetanse og kapasitet innanfor relevante handverk.
Då strategien blei lansert uttalte riksantikvar Hanna Geiran:
– Vi må auke kompetansen og kapasiteten innan handverksfaga slik at fleire kan og vil arbeide med kulturminne og kulturmiljø.
– Dette gjer vi for å ivareta kulturmiljø, gje handverkarar betre tilgang til oppdrag og bidra til nødvendig kunnskapsutvikling. Marknaden for tradisjonelle handverkstenester skal bli meir føreseieleg, både for kunde og leverandør.
Etter å ha delteke på arrangementet på Maihaugen var Geiran endå meir entusiastisk:
– Det har vore ein heilt fantastisk dag her på Maihaugen. Heile tradisjonshandverksbransjen har vore samla for å diskutere korleis vi kan følgje opp Riksantikvarens handverksstrategi. Dronninga sitt engasjement for tradisjonshandverket er heilt fantastisk, seier Geiran.
Handverksstrategien skal stimulere til rekruttering innan handverksfag som er relevante for å ivareta freda og verneverdige bygningar, anlegg og fartøy. Riksantikvaren tildeler tilskot til ulike kulturminne i Noreg. Når no den nylanserte tilskotsordninga for kulturhistoriske viktige kyrkjebygg kjem, vil etterspørselen etter kvalifiserte handverkarar auke.
Løfta handverket saman
Dronninga fekk både lytte til interessant foredrag og snakke med handverkarar under arrangementet på Maihaugen. Leiar ved Norsk Handverksinstitutt, Eivind Falk, hadde følgjande å seie om konferansen:
– Det at vi kan samarbeide, vi og Riksantikvaren, om satsinga på handverk er veldig kjekt. No går vi for alvor i gang med arbeidet med handverksstrategien. Eg vil gjerne takke alle dei flotte føredragshaldarane, og så var det jo heilt fantastisk at Dronninga kom og at ho var med heile dagen, seier Falk.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Midlertidig fredning av Storgaten 19 i Farsund
Riksantikvaren går til midlertidig fredning av Storgaten 19 i Farsund, etter at kommunen nylig ga igangsettingstillatelse til riving.

Ny verdsarvutstilling opna på Røros
I dag opnar utandørsutstillinga «Vår verdensarv» midt i verdsarvområdet Røros bergstad og Circumferensen. Utstillinga skal styrke formidlinga og forståinga av norsk verdsarv.

Kulturarven skal vere for alle
Riksantikvaren kjem no med ein ny rettleiar for universell utforming av kulturminne.